Arkiv for oktober 2018

Beredskap er eit felles ansvar

Av Haavard Stensvand, Publisert torsdag 25. oktober 2018

Det vert sagt at det å verte fødd i Noreg er som å vinne i livets lotteri. Det er eit faktum at vi lever i eit av dei aller tryggaste og mest stabile landa i verda. I tillegg viser dei fleste statistikkar at det tryggaste fylket å bu i, er Sogn og Fjordane. Samstundes er det sider ved samfunnet som tidvis gjer oss sårbare. Vi er sårbare fordi vi mellom anna har gjort oss stadig meir avhengige av tilgang på tenester og funksjonar som internett, mobiltelefoni og straumforsyning. Vi tek det nærmast for gitt at slikt fungerer til kvar tid.

Klimaet endrar seg og gjer at vi vert meir utsett for intenst vêr, fordi det kjem oftare og med større kraft. Sjølv om infrastruktur normalt klarar seg godt, vil faren for utfall i tenestene auke med intensiteten i uvêra. Den tryggleikspolitiske situasjonen er òg meir uoversiktleg og uføreseieleg no enn han har vore på ei god stund. Anneksjonen som Russland gjorde av Krim våren 2014, saman med destabiliseringa i Aust-Ukraina, endra det tryggleikspolitiske landskapet. Det gjer at Noreg moderniserer totalforsvaret.

Ein naturleg del av arbeidet med eit moderne totalforsvar er auka merksemd på beredskap i befolkninga; med andre ord korleis kvar enkelt tar vare på seg og sine viss noko uføresett skulle skje.

Styresmaktene har eit grunnleggjande ansvar for å førebygge og handtere uønskte hendingar og kriser i samfunnet. Samstundes må kvar einskild av oss kjenne på eit ansvar for vår personlege beredskap. Tenk deg at du vert råka av ei hending som fører til at straumen vert borte i heimen din i fleire dagar. Eller at vegen der du bur vert uframkomeleg som følgje av skred eller flaum. Veit du om du og familien har mat, vatn og varme i slike tilfelle?

Ifølgje Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) er ikkje nordmenn godt nok budde på slike situasjonar. Saman med Oslo kommune har difor direktoratet nyleg lansert ein kampanje for å styrke eigenberedskapen til folk flest. Kampanjen har merksemd på kva den einskilde bør tenkje gjennom dersom det skjer uønskte hendingar. Kampanjen inneheld òg konkrete råd om kva som bør vere på lager i heimen for å dekkje grunnleggjande behov. Beredskapslageret i bustaden bør mellom anna innehalde tørrmat og drikkevatn, alternative oppvarmingskjelder, hygiene- og førstehjelpsutstyr og ein batteridriven DAB-radio.

Foto: Gaute Gjøl Dahle/DSB

Foto: Gaute Gjøl Dahle/DSB

DSB tek til orde for at kvar husstand bør vere budd på å klare seg på eiga hand i minimum tre døgn.

Kongstanken bak kampanjen er at dess fleire som er i stand til å ta vare på seg sjølve og andre, dess betre rusta er samfunnet i møte med uønskte hendingar og kriser. Vi oppmodar såleis alle om å ta nokre enkle grep for å styrke sin eigen beredskap og på den måten redusere noko av sårbarheita i samfunnet. Slike beredskapsførebuingar kan og sjåast på som ei investering i kapasitet til å hjelpe andre. Eigenberedskap vil også vere eit tema når vi inviterer kommunane og regionale beredskapsaktørar til ein konferanse om samfunnstryggleik og beredskap 30. oktober.

TV-aksjonen 2018: for eit varmare og meir inkluderande samfunn

Av Maria Nesse Haugen, Publisert torsdag 18. oktober 2018

TV-aksjonen og føremåla han støttar, har i alle år fått stor oppslutnad av nordmenn, og det er mange gode grunnar til det. Dei siste åra har han mellom anna bidrege til å gi utdanning til barn og unge i konfliktområde, sikre tilgang på reint vatn i store delar av Afrika og Asia, og hjelpt oss å bevare viktige område med regnskog. Når aksjonen nok ein gang går av stabelen den 21. oktober i år, vil midlane gå til Kirkens Bymisjon, og vi skal rette blikket heimover til vårt eige land.

Det finst mange i Noreg i dag som manglar grunnleggjande element i kvardagen sin, og det kan vere ekstra sårt å stå utanfor eit samfunn som per definisjon er velståande. Utanforskap kjem i mange former, og det kan vere snakk om menneske med heilt akutte behov for mat eller ei seng å sove i, eller det kan gjelde manglande sosiale fellesskap. Det er desse menneska det skal handle om førstkomande søndag.

Om du vel å støtte prosjektet til Kirkens Bymisjon denne dagen, er du med på å hjelpe organisasjonen sitt arbeid for å skape eit varmare og meir inkluderande samfunn. Meir konkret bidreg du mellom anna til etableringa av tiltak som:

  • akuttovernattingar slik at fleire kan få ein trygg og varm stad å sove
  • enkle matstasjonar som tilbyr minst eitt varmt måltid om dagen
  • sanitærtilbod som toalett, dusj og vaskemaskin
  • fritidsaktivitetar for barn og unge
  • arbeidsplassar for menneske som fell utanfor det ordinære arbeidslivet
  • møteplassar for folk med innvandrarbakgrunn, med mål om å hjelpe dei til å bli ein ressurs i eige nærmiljø
  • kaféar for folk med ruserfaring eller dårleg psykisk helse, slik at dei kan auke livskvaliteten gjennom fellesskap, næringsrik mat, kvile og informasjon frå hjelpeapparat
  • (fullstendig oversikt over tiltak finn du her.)

bossebarerbilde_2

Det er sjeldan vi ser eit slikt engasjement som det TV-aksjonen er med på å skape, og kombinasjonen av opplysing og gjevarglede gir oss moglegheit til å hjelpe mange av dei som treng det mest. Sidan oppstarten i 1974 har det norske folket bidrege med over 7,5 milliardar kroner, og Sogn og Fjordane har i mange år utmerka seg som eit gåvmildt fylke.

Vi kan vidareføre denne tradisjonen i år også, når 100 000 bøsseberarar går årets viktigaste søndagstur den 21. oktober. Ta godt imot dei!

Fritid for alle

Av Jacob Andersen, Publisert torsdag 4. oktober 2018

Ei stadig større gruppe av barn og ungdom i Noreg lever i husstandar med varig låg inntekt – det vil seie i ein husstand med samla husstandsinntekt på mindre enn 60 prosent av medianinntekta i tre eller fleire år på rad. Talet på ungar i gruppa har auka sidan starten av 2000-tallet og har no passert 100 000, trass i auka politisk merksemd og fleire nasjonale strategiar. Her i fylket lever meir enn 1 500 barn og ungdom i husstandar med låg inntekt.

Barn som lever i husstandar med låg inntekt deltek berre halvparten så mykje i organiserte idretts- og fritidsaktivitetar. Desse ungane kan såleis miste den “helseeffekten” og “samfunnseffekten” deltaking i slike aktivitetar kan bidra med. Noreg ratifiserte FNs barnekonvensjon i 1990, og for barn og ungdom kjem prinsippet om høve til å delta til uttrykk i artikkel 31:

Artikkel 31
1. Partene anerkjenner barnets rett til hvile og fritid og til å delta i
lek og fritidsaktiviteter som passer for barnets alder og til fritt å delta
i kulturliv og kunstnerisk virksomhet.

2. Partene skal respektere og fremme barnets rett til fullt ut å delta i
det kulturelle og kunstneriske liv og skal oppmuntre tilgangen til
egnede og like muligheter for kulturelle, kunstneriske, rekreasjons og
fritidsaktiviteter.

team-2444978_960_720
Lagsport. Foto: Pixabay.

I juni 2016 underskreiv statsministeren og fire statsrådar i fellesskap Fritidserklæringa. Fritidserklæringa er tiltak 39 i regjeringas strategi mot barnefattigdom og har som mål at alle ungar, uavhengig av husstandsinntekt, skal kunne delta regelmessig i minst ein organisert aktivitet saman med andre. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har sekretariatsfunksjon og skal gi tilskot til relevante prosjekt og bidra til erfaringsspreiing.

Somme kommunar har satsa på å utvide det generelle tilbodet av idretts- og fritidsaktivitetar. Slike satsingar har auka deltakinga i grupper med høg husstandsinntekt , men det har diverre ikkje ført til høgare deltaking i grupper med låg husstandsinntekt. Dette syner altså at “tidevatnet ikkje alltid løfter alle båtar”. Det som særleg synest å kunne auke deltakinga for gruppa med låg husstandsinntekt, er å senke terskelen for deltaking i dei aktivitetane ein alt har, eller gjennom å etablere lågterskeltilbod. Aktivitetane må være lett tilgjengelege, og det må være låge kostnadar for deltaking. Sjølv i relativt lite utstyrskrevjande aktivitetar kan kostnadar til turneringar og turreiser auke terskelen for deltaking. Også ulike dugnadsaktivitetar kan føre til større utlegg.

Dette betyr sjølvsagt ikkje at vi skal bygge ned dei tilboda vi har. Det betyr kanskje heller at vi som samfunn og som lokalsamfunn skal legge til rette for at det vert lettare å delta for dei ungane som har lyst, men som av ulike grunnar ikkje gjer det.