Arkiv for juni 2018

«Eg beklagar»

Av Per Steinar Stensland, Publisert onsdag 13. juni 2018

Det er vanskeleg å vere den som har gjort feil. I to tidlegare blogginnlegg har eg sett på reaksjonar mot helsepersonell etter uønskte hendingar og helsepersonells situasjon når dei får ei tilsynssak.

Denne bloggen tek opp korleis helsepersonell og leiarar kan handle for å hjelpe den som har ansvar for ei uønskt hending, og om mogleg, gjere det mindre vanskeleg å ha gjort feil.

Uønskte hendingar er eit leiaransvar. Leiaren for det kommunale helsesenteret eller sjukehusavdelinga har ansvar for at tilsette har trening i å kunne samtale om feilhandlingar og nesten-feilhandlingar internt i avdelinga. Dette føreset at ein definerer omgrepet uønskte hendingar breitt nok til at ein får erfaring i å snakke om feil som noko som skjer i vår avdeling. Det føreset ὁg at avdelinga har oversikt over uønskte hendingar, ikkje berre for å melde dei i avviksystemet, men for å diskutere dei internt med sikte på å finne førebyggande tiltak som kan fungere lokalt. Ein annan føresetnad er at leiaren kan snakke om eigne feil. Slik tydeleg lokal leiing vil gi avdelinga eller helsesenteret tryggleik til å tilby pasientar at ei klagesak kan rettast lokalt til sjukehus eller kommune. Pasienten kan ha tillit til klagebehandlinga.

Helsepersonell må forvente at leiar tek tak både i pasienten som har opplevd ei uønskt hending og helsepersonellet som er ansvarleg for hendinga. Helseleiarar har ikkje alltid vore villige til å ta vare på den siste gruppa, og dei har med rette frykta å kunne bli fryst ut i somme faglege miljø. Tida for dette må vere over, den som har ansvar for ei uønskt hending har krav på leiarstøtte.

Når helsepersonellet opplever å gjere ei feilhandling med negative konsekvensar for pasientar, vil dei også trenge annan støtte. Ektefelle, kjærast og venner kan vere til god hjelp. I ein slik krisesituasjon vil likevel mange også ha behov for å møte ein person som kan gi fagleg baserte motførestillingar til eigne tankerekker. Gode studievenner kan by på slik hjelp. Legeforeningens støttekollegaer er legane sitt profesjonaliserte motstykke til slike venner.

Med slik krisestøtte vil det kunne vere mindre vanskeleg for helsepersonellet sjølv å møte pasient eller pårørande på ein ivaretakande og profesjonell måte. Då vil det også vere mogleg å seie «eg beklagar» at du ikkje fekk den diagnostikken og behandlinga som vi i ettertid ser ville vore rett. Som vi tidlegare har vist, er årsaksforholda ved uønskte hendingar ofte samansette. Det er slett ikkje alltid rett for helsepersonell å ta skuld – å unnskylde seg. Men vi kan beklage at det gjekk gale.

Å beklage er å seie seg lei for det som skjedde. Det hjelp ikkje å seie seg lei for at den andre opplevde at ein sjølv var ufin eller handla som ein gjorde (slik politikarar til tider gjer). Det må handle om sjølve hendinga, elles vert beklaginga retta mot pasienten, og det var vel ikkje meininga?

Ei ny undersøking har funne at ein lege i gjennomsnitt kommuniserer 13 medisinske avgjerder i løpet av ein konsultasjon. Jamvel om helsepersonell har god kunnskap og jobbar i gode system, vil feilvurderingar og mistydingar førekome. Profesjonell handsaming av personar som opplever å stå midt oppe i ei krise som følgje av ei uønskt hending, vil bidra til å styrke pasienttryggleik i helsetenesta.

IT-forum for framtida

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert onsdag 6. juni 2018

For nokre veker sidan takka eg for meg som leiar for IT-forum Sogn og Fjordane, etter seks år i styret, dei siste tre som leiar. Det var ein vemodig augneblink, og eg kjem til å sakna arbeidet.

I mi tid i styret har eg fått augo opp for kor viktig IT-forum er for utviklinga av fylket, og kor unikt det er med eit så langvarig og tett samarbeid mellom privat og offentleg sektor. Me finn ikkje IT-forum i andre stadar av landet, men mange skulle ønska seg noko liknande.

Eg trur alle no har innsett at internett og digitalisering er kome for å bli. Smarttelefonar og nye elektroniske duppedittar vert ein stadig viktigare del av oss på område etter område. For å hengja med og gjera våre bygder og samfunn i stand til å dra nytte av den digitale revolusjonen, er det avgjerande å ha ei kraft som utan eigeninteresse arbeider for at fylket skal liggja langt framme i utviklinga.

IT-forum vart skipa i 1995. Korleis ville fylket vårt truleg vore utan dette samarbeidet?

  • langt færre ville hatt fiber i heimen sin – særleg utanfor tettstadane
  • avdelinga i Difi på Leikanger som har nasjonalt ansvar for digitalisering av offentleg sektor, ville ikkje eksistert
  • Fylkesmannen ville neppe hatt nasjonalt ansvar for utvikling og drift av nettsider og sakshandsamingsløysingar
  • fylket ville neppe ha innført digital meldingsutveksling mellom fastlegar, helseføretak og pleie- og omsorgstenestene i kommunane
  • IT-verksemdene ville vore forutan ein viktig møteplass og inspirasjonskjelde
  • kommunane ville lege lengre tilbake i arbeidet med å ta i bruk velferdsteknologi
  • arbeidet med digital meldingsutveksling mellom staten, kommunane og innbyggjarane ville kanskje stått i ro
  • barnehagar og skular ville ikkje møtt kvarandre for å bli inspirert til å ta i bruk digital teknologi.

Bilete er teke i samband med opninga av ei ny IT-utdanning i Førde. Foto: Katrine Sele / Høgskulen på Vestlandet.

Viktigaste suksessfaktoren med IT-forum er å samla ulike samfunnsaktørar til å arbeida for felles mål, fristilte frå eigeninteresser, økonomisk vinning og sektorvise oppdrag. Saman definerer aktørane problema, set mål og prioriterer tiltak for å løysa dei. Metoden er også teken i bruk på andre område og er kalla «Sogn og Fjordane-modellen». Gjennom denne modellen får IT-forum langt betre resultat enn nokon av aktørane kvar for seg kunne drøyma om.

Eit døme er at ingen hadde teke det på alvor dersom ein av aktørane åleine hadde gått til høgskulen og bede om ei ny IT-utdanning. Med alle medlemsverksemdene i ryggen vart initiativet frå IT-forum frå 2014 teke imot med opne dører frå høgskulen og også av Innovasjon Noreg, Sparebanken Sogn og Fjordane og INU, som gav økonomisk støtte. Næringslivet slutta heilhjarta opp, og IT-utdanninga startar hausten 2018 i Førde, ved Høgskulen på Vestlandet.

Viktigaste utfordring framover for IT-forum, er å finna ein plass i det nye fylket. Så langt har me fått signal frå Hordaland om at dei er nyfikne på og positive til å ta inn IT-forum-konseptet. Men korleis det eignar seg for eksport, står framleis att å sjå.

Eg ønskjer det nye styret og ny leiar Anne-Mette Hjelle lukke til med det vidare arbeidet.