Arkiv for mai 2018

Kommuneøkonomi – tilbakeblikk og framover i tid

Av Kåre Træen, Publisert onsdag 23. mai 2018

I dag samlast kommunefolket til det som blir den siste kommunekonferansen til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Frå 2019 blir tilsvarande konferanse med det nye embetet i det som frå 1.1.2020 vert eit nytt storfylke på Vestlandet. Kommuneøkonomi har alltid vore eit fast tema på konferansane. Ved overgangen til eit nytt fylke, er det passande å ta eit tilbakeblikk saman med forventningar og utfordringar framover for kommuneøkonomien.

Robek er eit register for kommunar med økonomisk ubalanse. På folkemunne vert òg registeret omtalt som «svartelista». Kommunar i Robek må ha godkjenning frå fylkesmannen for å ta opp lån og budsjettvedtaka skal kontrollerast. Med andre ord, kommunane er ikkje «herre i eige hus». Registeret vart innført i 2001, og sju kommunar i Sogn og Fjordane vart meldt inn i registeret. I gjennomsnitt har det vore slik at Sogn og Fjordane høvesvis har hatt fleire kommunar i Robek samanlikna med landet. Flest kommunar var det i 2003 – 2004, då heile 16 av 26 kommunar var Robek-kommunar. Men så har det, både for kommunane og Fylkesmannen, heldigvis snudd til at det blir berre ein Robek-kommune (Bremanger) frå andre halvår. Dette er også utvikinga landet, slik at det no er eit historisk lågt tal kommunar registrert i Robek.

Det kan vere fleire årsaker til denne positive utviklinga. Vi vil peike på tre viktige faktorar for kommunane i Sogn og Fjordane:

• Nasjonaløkonomien

• Rentenivå

• Kapasitet og kompetanse

Noreg har ein sterk nasjonaløkonomi, som har gjeve moglegheit for årleg realvekst i overføringar av inntekter frå staten til kommunane. Fleire år har særleg skatteinntektene, og derav også utjamninga mellom kommunar med høge og låge skatteinntekter, vore betydeleg betre enn kva som er lagt til grunn i budsjetta. Mange kommunar har høg lånegjeld, og ei låg rente over lengre tid har vore eit viktig bidrag for balansen i økonomien til desse kommunane. Samfunnet utviklar og tileignar seg ny kunnskap, slik òg for kommuneorganisasjonane gjennom læring i praksis, utdanning og digitalisering. Kommunane har i samarbeid med andre offentlege institusjonar vore langt framme i læring og samhandling gjennom nettverk, dette har og bidrege til styrka kapasitet og kompetanse.

Kva så med kommuneøkonomien framover i tida? Kommuneproposisjonen for 2019 legg opp til ein vekst i frie inntekter for kommunane mellom 0,7 – 0,9 prosent. Som følgje av strammare økonomiske rammer nasjonalt, er veksten noko lågare samanlikna med tidlegare år. Auke i renta blir ei utfordring for kommuneøkonomien. Brutto lånegjeld for kommunane i Sogn og Fjordane var ved siste årsskifte 11 mrd. kroner. Blir det lagt til grunn at i gjennomsnitt er halve gjelda eksponert for renteauke (Kjelde: Kommuneproposisjonen 2019), så betyr det at for kvar prosent renta aukar vil det isolert sett belaste kommuneøkonomien med 55 mill. kroner av driftsinntektene.

Sterke fagmiljø med kapasitet og kompetanse er ein av føresetnadane for god planlegging og styring av økonomien. Fleire kommunar får større og styrka fagmiljø gjennom samanslåingar frå 2020. Utvikling i folketalet og samansetjinga av dette vil påverke kommuneøkonomien. Vi veit at dei nærmaste 10 – 20 åra kjem tal eldre personar til å auke mykje, og kommunane må bu seg på det vi til dagleg omtalar noko lettvint som «eldrebølgja». Som tidlegare, vil kommunane i det nye Vestlandsfylket både ha utfordringar og moglegheiter i kommuneøkonomien, men målsetjinga må klart vere at kvar kommune blir «herre i eige hus»!

Når helsepersonell får ei tilsynssak

Av Per Steinar Stensland, Publisert tysdag 15. mai 2018

Helsepersonell fryktar tilsynssaker hos Fylkesmannen. Talet på klager retta mot helsepersonell aukar, og ein lege som vel å eksponere seg i klinisk arbeid må rekne med å få fleire tilsynssaker i løpet av karrieren. Nokre av klagene vil vere urimelege, medan andre vil handle om ei alvorleg feilvurdering etter ein hard dag på jobb. Alt helsepersonell er klare over slike hendingar dei gjerne skulle hatt ugjort. Det er berre ein mindre del av dei som vert tilsynssaker.

Helsepersonell har ofte urealistisk negative oppfatningar om kva som kan kome ut av den formelle vurderinga hos Fylkesmannen, og eventuelt Helsetilsynet. Den alvorlegaste reaksjonsforma, autorisasjonstap, vert særs sjeldan teken i bruk. Unntaket er ved rusbruk, alvorleg psykisk sjukdom hos legen eller seksuelt misbruk av pasient. For å møte behovet for kunnskap blant helsepersonell og media om reaksjonar mot helsepersonell etter uønskte hendingar, har vi behandla dette i eit eige blogginnlegg.

Uønskte hendingar omfattar systemfeil, menneskelege feil og hendelege uhell. Systemfeil skuldast organisering og tilrettelegging av arbeid, og vert vurdert å vere den hyppigaste årsaka til uønskte hendingar. Menneskelege feil skuldast utilstrekkeleg kompetanse eller personlege forhold som hindrar forsvarleg praksis, og dei utgjer nær 1/3 av uønskte hendingar. Hendelege uhell har samanheng med den kalkulerte risikoen som ligg i kvar medisinske prosedyre. Alle uønskte hendingar er ikkje feilhandlingar.

doctor-1228627_960_720

Helsepersonell. Foto: Pixabay.

Helsepersonell må lære seg å leve med og finne meistringsstrategiar for risiko for eigne feil. Helsepersonellova og spesialisthelsetenestelova har krav til forsvarleg praksis, som igjen er definert av kva fagmiljøet vurderer som god praksis. Nokre faglege vurderingar og handlingar fell utanfor desse normene og dei alvorlege avvika møter sanksjon frå samfunnet i form av tilsynsvurdering.

Innbyggjarane har rett til å få vurdert om helsehjelpa dei har fått er i samsvar med lovkrav. Denne vurderinga, som er eit ansvar for Fylkesmannen si helseavdeling, er eit offentleg dokument og er tilgjengeleg for innsyn frå media. Informasjon som identifiserer pasienten er teiepliktig, men informasjon om involvert helsepersonell er ikkje omfatta av teieplikt så sant denne ikkje gir teiepliktig informasjon om pasienten.

Tilsynssaker har offentleg interesse og media ber jamleg om innsyn i avgjerdene. Derfor har vi funne det tenleg å legge ut pressemeldingar samtidig med avgjerdene for å sikre at vesentlege punkt om pasienttryggleik kjem med i omtalen. Vi vurderer dette å vere både i pasient og helsepersonell si interesse. Pasient og pårørande gir ofte uttrykk for at dei ønskjer at saka deira skal føre til læring og endring. Helsepersonellet har gitt uttrykk for at dei ønskjer at medieomtalen, i den grad han måtte kome, skal opplevast som rettferdig.

Saksbehandlingsprosessen i tilsynssaker vert ofte i seg sjølv oppfatta som ei stor belasting for helsepersonell. Når avgjerda kjem, kan denne belastinga verte betydeleg. For helsepersonell vil det vere både viktig og tenleg å dele informasjon om å vere under tilsyn, og søke støtte hos kvarandre og hos eiga fagforeining.

Vegen vidare for villreinen i Nordfjella

Av Hermund Mjelstad, Publisert tysdag 8. mai 2018

Den statlege fellinga er nyleg avslutta av Miljødirektoratet og vegen vidare er no lagt for korleis Nordfjella villreinområde igjen skal bli eit friskt fjellområde.

Skrantesjuka (CWD) vart oppdaga i mars 2016, og Landbruks- og matdepartementet vedtok i mai 2017 å sanere denne delen av villreinområdet; altså sone 1. Etter den ordinære villreinjakta hausten 2017 der det vart felt 642 dyr, fekk Statens naturoppsyn (SNO) oppdrag med å skyte ut dei dyra som var att. 1434 villrein vart felte av SNO, til saman 2076 dyr medrekna ordinær jakt. Dei faglege råda frå Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Vitskapskomiteen for mattryggleik har vore eintydige på at villreinen måtte takast ut. Den statlege fellinga som SNO gjennomførte, er, slik Fylkesmannen kan vurdere det, utført på ein tilfredsstillande måte. Resultatet er funn av 23 dyr smitta med CWD i sone 1 i Nordfjella.

Vi går no inn i ein svært viktig periode for Nordfjella, der kommunane Lærdal og Aurland i Sogn og Fjordane har areal i villreinområdet. Sjølv om villreinen no er vekke, skal kommunane forvalte fjellområda på ein berekraftig måte etter plan- og bygningslova. Regional plan for Nordfjella, med planprogram for 2015 – 2018, gir viktige føringar for arbeidet. Planen er vedteken i 2014 av alle dei tre fylkestinga; Buskerud, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Det er sterke kjensler knytt til jakt generelt, og kanskje spesielt for jakta i villreinfjellet. Dette er ein eldgamal tradisjon som bygdene rundt Nordfjella og andre fjellområde har med seg. Tidlegare var jakta viktig attåtnæring, i dag har ho meir preg av rekreasjon. Noreg forvaltar dei einaste attverande restane av den ville europeiske fjellreinen i 23 større og mindre fjellområde i Sør-Noreg. Dette var og bakgrunnen for opprettinga av Stiftelsen Norsk villreinsenter i 2006. Sogn og Fjordane har areal i åtte av dei 23 villreinområda og er difor eit viktig villreinfylke.

For kommunane vil det framover vere viktig å sjå til at fjellområda er like attraktive for villreinen når han etter førebels framdriftsplan skal reetablerast om fem år. Spesielt er det viktig å passe på at ikkje inngrep som hytter, turistanlegg m.v. øydelegg grunnlaget for reetableringa av villreinen. Her gjeld uttrykket; «Dei gamle fjell i syningom er alltid eins aa sjaa» (Ivar Aasen). Målet må vere at folk som ferdast i fjellet om nokre år skal vite at det igjen er villrein der, kanskje få sjå dei, og vidare at det skal vere mogleg å kunne hauste av denne unike ressursen.

Villrein. Foto: Tore Larsen.

Villrein. Foto: Tore Larsen.