Arkiv for mars 2018

Tradisjonsrik påskemat

Av Christian Rekkedal, Publisert fredag 23. mars 2018

Saman med julehelga er påska ei høgtid med mange tradisjonar, og mat og høgtid høyrer saman. Alle har meiningar om kva som er den beste og mest tradisjonsrike julematen, men ikkje like mange har sterke meiningar om påskematen. Påska har også sine mattradisjonar, nokre av dei går tilbake til det religiøse opphavet medan andre har eit nyare og meir kommersielt opphav.

Påskelam er ein gamal jødisk tradisjon med opphav frå ofringa av lam før flukta frå Egypt. I den kristne trua er dette ført vidare som eit symbol på Jesus som Guds lam som vart ofra i påska, og biletet av hyrdingen og lammet er også eit mykje brukt symbol.

Lammekjøt har lang tradisjon både i dei gamle kulturane kring Middelhavet og her oppe i nord. Det var eit husdyr som lett kunne tilpasse seg kjøleg klima og var ei viktig kjelde for kjøt, mjølk, skinn og ullklede. Gamal norsk spælsau og utegangarsau som vi har i nokre kystbygder, stammer frå sauerasane vikingane i Noreg og på Island hadde. Sauen er eit nøysamt husdyr og lamma hentar mesteparten av maten direkte frå naturen, noko som gir eit smakfullt kjøt som passar godt til festmat. Vi et til saman om lag 700 tonn lammekjøt i påska, det vil seie om lag ein liten middagsporsjon per person. Det er likevel eigentleg ganske lite.

Påskeegget har også lang tradisjon. Opphavleg starta egglegginga når det gjekk mot vår, noko som fall saman med påskehøgtida. Egget er eit symbol på fruktbarheit og påskekyllingen starten på nytt liv. Egg vart blåste tomme og farga og pynta til påskehøgtida, og i seinare år er store pappegg brukt som emballasje for påskesnop. Vi et over 20 millionar egg i løpet av påska, så det er ikkje rart det vart oppstuss når nokon antyda eggemangel til påske.

Påskeegg. Foto: Pixabay.

Påskeegg. Foto: Pixabay.

Appelsin er ei kinesisk frukt som kom til Europa i mellomalderen, og står svært sterkt som nistemat i den norske påskeskitradisjonen. Vi skreller og et 5000 tonn i påska, tilsvarande 20 millionar appelsinar. Dette er også ei frukt som har skapt politisk strid, ikkje minst den raude varianten som vart kalla blodappelsin. Denne vart boikotta i kampen mot Franco-regimet, brukt som symbol mot Israel i palestinakonflikten, og i konfliktar mellom ulike appelsinproduserande land. Blodappelsinane vert no marknadsførte som raude appelsinar, noko som har auka omsetninga.

Høgtider og god mat og drikke høyrer saman. Norsk friluftsliv skal vere basert på norske tradisjonar, og ein skikkeleg tursekk skal minst innehalde nokre skiver med brunost, sjokolade, appelsin, ei flaske brus, kaffi eller kakao. Og turen skal vere såpass lang at alt dette og litt til er forbrent når du kjem heim att.

Og minst ein påskemiddag bør innehalde lammekjøt. Det har tusenårig tradisjon, det er godt, det er norsk og det bidreg til mindre attgroing og endå finare utsikt neste gang du skal på tur.

God tur og god påske!

900 verjer i fylket – vi treng fleire!

Av Marie Solvoll Lyby, Publisert onsdag 14. mars 2018

Fylkesmannen har som førstelinje på verjemålsområdet ansvar for å sikre at verjemålsordninga fungerer til det beste for dei som har verje. Noko av det viktigaste vi gjer for å sikre dette, er å sørgje for at vi har nok verjer i fylket til å ta på seg verjeoppdrag, og at kvar einskild verje er rusta til oppgåvene.

Vi har om lag 1500 menneske i fylket som treng ei verje. Fylkesmannen skal oppnemne ei eigna verje i kvart enkelt av desse oppdraga. Ei eigna verje må ha god rolleforståing, respekt for verjehavar sin integritet og rett til å bestemme sjølv, og ha tilstrekkeleg kompetanse til å kunne ta i vare verjehavar si interesse på ein god måte – mellom anna ved å kjenne til offentlege system og søknadsprosessar.

Så, korleis gjer vi dette? I tillegg til å gi opplæring, råd og rettleiing til verjer på telefon, arrangerer Fylkesmannen årlege verjesamlingar der verjer kjem saman for å lære, diskutere og dele erfaringar.  Vi har gjennomført slike samlingar årleg sidan oppstarten i 2013, og vår erfaring er at det er nyttig og lærerikt for både oss og verjene.

Vergemål

Verjene våre kjem stadig bort i nye situasjonar og utfordringar, og gjer ein framifrå jobb for dei som treng hjelp i kvardagen. Derfor er deira erfaring noko av det viktigaste vi har for å nå måla med verjemålsreforma, som er å betre rettstryggleiken og likebehandlinga for menneske som treng verje. Erfaringsutveksling mellom verjene og felles opplæring bidreg til å sikre felles forståing og tilnærming til verjerolla, noko som igjen kjem den som har verje til gode. Med over 900 verjer i fylket er dette viktig.

Fylkesmannen skal i løpet av mars og april gjennomføre tre nye verjesamlingar, høvesvis i Førde, Eid og Sogndal. Her vil vi gå gjennom problemstillingar knytt til kva det inneber å vere verje, handlingsrom, høyringsplikt overfor den ein er verje for og handlingar som krev samtykke frå Fylkesmannen, for å nemne noko.

Om du er verje, eller har lyst til å bli det, oppmodar vi deg til å ta kontakt med oss eller melde deg på ei av samlingane.