Arkiv for februar 2018

Alle kan ikkje alltid få først

Av Jacob Andersen, Publisert fredag 9. februar 2018

Å prioritere handlar om å sette noko fram føre noko anna. Å fikse ei meir viktig utfordring før du fiksar ei mindre viktig utfordring. Så langt greitt. Men kva når dette noko er ein pasient, og det å prioritere handlar om å sette ein pasient fram for ein annan pasient. Då er det ikkje så greitt lenger. Treng vi verkeleg prioritere mellom pasientar – vi som bur i eit land som har åtte tusen milliardar plassert i eit av verdas største investeringsfond?

Tenk deg at du må overleve åleine i skogen i ei veke. Kva gjer du først? Leite etter vatn, leite etter mat, bygge ly for natta eller heller forsøke å tenne eld med to tørre pinnar? Vala er mange, men der nokre val vil auke sjansen din for å overleve vil andre  minke sjansen. Vår evne til å prioritere har opp gjennom utviklinga utgjort forskjellen mellom liv og død.

Prioritering innan helsevesenet er ikkje nytt. Grunnlaget for prioritering har vore diskutert grundig gjennom fleire offentlege utval i perioden 1987-2015 og har seinast ført til stortingsmeldinga Meld. St. 34 (2015-2016) Verdier i pasientens helsetjeneste – Melding om prioritering. Stortingsmeldinga skildrar ulike vilkår for prioritering og gir føringar for kva grunnleggande verdiar som skal stå sentralt for prioritering i helsevesenet.

Pasient og lege. Foto: Colourbox

Pasient og lege. Foto: Colourbox

Helsevesenet er eit fellesfinansiert velferdsgode utan reell betaling frå brukarane. Det er eit økonomisk system utan ein tydeleg mekanisme som kan regulere forbruket. I andre økonomiske system vil mellom anna pris regulere forbruket på bakgrunn av betalingsevne og betalingsvilje. Dette betyr at helsevesenet må ha eigne mekanismar for regulering. Eit døme er når sjukehuset gjer ei vurdering av kva rettar du har som pasient.

Når sjukehuset får ei tilvising frå fastlegen, skal sjukehuset vurdere om du har rett på helsehjelp frå sjukehuset. Sjukehuset må deretter gjere eit vedtak som stadfestar om du har eller ikkje har rett til helsehjelp frå sjukehuset.

Du har rett til helsehjelp frå sjukehuset dersom følgjande vilkår vert stetta:

-          helsehjelpa må fagleg sett vere forsvarleg

-          helsehjelpa må fagleg sett vere effektiv

-          helsehjelpa må vere kostnadseffektiv for samfunnet

Med «forsvarleg» meiner vi at verknadane vi ikkje ønskjer (biverknadane) ved helsehjelpa står i eit rimeleg forhold til dei verknadane vi ønskjer. Med «effektiv» meiner vi mellom anna at helsehjelpa må kunne gi ein gevinst i anten livslengde eller livskvalitet, forhindre forverring eller  sikre at moglegheita for å kunne behandle tilstanden i framtida ikkje vert øydelagt. Med «kostnadseffektiv» meiner vi at dei trulege kostnadane skal stå i eit rimeleg forhold til den trulege effekten.

Dersom sjukehuset vurderer at du har rett til helsehjelp, må sjukehuset også fastsette dato for når  du kan rekne få slik helsehjelp og vidare gjere eit vedtak som stadfestar når du seinast skal få slik helsehjelp. Fristen skal settast ut frå ein hastegrad på bakgrunn av:

-          truleg tap av livslengde

-          truleg  tap av livskvalitet

Ved fristbrot kan du ta med deg retten til eit anna sjukehus – offentleg eller privat – med betalingsgaranti frå sjukehuset som gav deg retten. Det er Helfo Pasientformidling som administrerer fristbrot. Det er likevel viktig å merke seg at fristen berre gjeld oppstart av helsehjelp.