Arkiv for desember 2017

iPad i barnehagen – noko anna enn spel og YouTube

Av Magne-Bjarte Hatlem, Publisert tysdag 12. desember 2017

Bruk av nettbrett er berre ein av mange arbeidsmåtar i den nye rammeplanen for barnehagen. Den digitale praksisen til barnehagen skal bidra til leik, kreativitet og læring.

Spel og YouTube kan vere ei støtte i arbeidet, men digital praksis er noko anna enn verkelegheitsflukt. Digital praksis skal ikkje sjåast som noko nytt og framandt, på sida av barnehagekvardagen, men som ein av mange  integrerte måtar å arbeide i barnehagen.

Digitalt mikroskop
Eit godt døme på dette er at barnehagen tek med seg digitalt mikroskop i tursekken for å undersøke dei små tinga i naturen. Ei jente oppdagar at blåbær har steinar! Først plukkar dei bæra, dei lagar syltetøy og smakar på det dei har laga.

Ein stad inni denne utforskinga finn jenta ut at ho kan sjå syltetøyet på ein anna måte, ho hugsar mikroskopet. Gjennom det digitale verktøyet får jenta sjå naturen på ein ny måte. Dei små tinga vert større, slik at ho oppdagar at blåbær har steinar.

Barnas perspektiv
Barn likar nye ukjente stader i naturen dei kan boltre seg i, som eit gammalt knudrete tre med snirklete greiner. Det tenkte i alle fall ein pedagog då barnehagen skulle ha turdag. Barna fekk med seg digitalkamera og knipsa bilete medan dei labba i veg. I dagane etter kombinerte barna bileta med lydopptak i programmet Book Creator. Ein gut las inn historia om bildet han tok av føtene til han og Lena: «Vi e venna!».

Kva var barna opptatt av? Dei fortalte om vennskap og om fellesskapet dei opplevde på turen. Det spesielle treet vart ikkje nemnt. Vi trur vi kjenner barnas perspektiv, men dei kan fort overraske. Gjennom den digitale historieforteljinga fekk barna medverke i si eiga læring.

Jente med iPad. Foto: Pixabay

Jente med iPad. Foto: Pixabay

IKT-samling om oppvekst og utdanning
Eksempla kjem frå Kirketunet Barnehage som heldt fleire inspirerande innlegg på årets IKT-samling om oppvekst og utdanning. IT-forum Sogn og Fjordane samlar årleg tilsette i barnehage og skule for å heve blikket og sjå på kva som rører seg i den digitale sfæren. I år sette vi ny rekord med over 200 deltakarar.

Kirketunet barnehage fekk IKT-senterets digitale barnehagepris 2017 og deler villig av over 20 års erfaring med digital praksis. På bloggen sin listar barnehagen opp alle programma og appane dei brukar.

Digital barnehagepris til Sogn og Fjordane i 2018?
Sogn og Fjordane har barnehagar med god digital kompetanse. Både det digitale mikroskopet og digitale historieforteljingar blir brukt i barnehagane i fylket vårt. Vi er sikre på at fleire av desse kunne ha vunne den digitale barnehageprisen i 2018. Tek de utfordringa?