Arkiv for oktober 2017

TV-aksjonen 2017: Håp og skule for barn i konfliktområde

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 17. oktober 2017

I Noreg er retten til skulegang og vidare utdanning noko vi tek for gitt. Diverre er det ikkje slik for mange barn som lever i land råka av krig eller konflikt. I Syria er det 1,7 millionar barn som ikkje får skulegang. Krigen har gjort ein tredel av skulane i landet ubrukelege. For dei som framleis har ein skule å gå til, er skulevegen ofte for farleg. Tenk på kva det ville bety for Noreg om dei vel 1,2 millionar barna og ungdomane våre ikkje fekk gå på skule.

Skulen gir barn framtidsmoglegheiter og ein sosial fellesskap. Tapt skulegang er eit stort tap for kvart enkelt barn, men det er òg eit stort tap for eit land når ein heil generasjon ikkje får utdanning.

Aksjonsgruppa for TV-aksjonen 2017

Fylkesaksjonskomiteen: F.v.: Åshild Kjelsnes, Vibeke Johnsen, Arve Osland, Silje Hagenlund, Anne-Marie Baugstø-Hartvigsen, Anne Karin Hamre, Ellen Havellen og Martin Igland Malkenes. Foto: Privat

TV-aksjonen NRK 2017 går til UNICEF sitt arbeid med å gje utdanning til barn som lever i land råka av krig og konflikt, Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan. Pengane som vert samla inn, skal gå til å utdanne lærarar, etablere skular og til lærebøker og skuleutstyr. Målet er å gje utdanning til minst 470 000 barn i dei fem landa, og at dette skal få verknader for langt fleire. Dei som har fått utdanning, har betre føresetnader for å gje eigne barn ein god start i livet. Barn som får skulegang, kan etter kvart bidra til familien sin økonomi, til å utvikle lokalsamfunnet og til å byggje opp att landet. Ei investering i utdanning, er ei investering i framtida til eit land.

Sogn og Fjordane har alltid utmerka seg med stor gjevarglede, og eg håpar innbyggjarane er rause i år òg. På vegner av fylkesaksjonskomitéen oppmodar eg alle om å ta godt i mot bøssebærarane som kjem på vitjing søndag 22. oktober, og om å gje til eit viktig føremål!

Akutt respons – til beste for barn og unge

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 10. oktober 2017

I februar i år skreiv eg eit blogginnlegg om at ingen kommunar i Sogn og Fjordane hadde ei formalisert ordning med barnevernsvakt etter kontortid. Akuttberedskap i barnevernet vart sett på dagsordenen på KS sin strategikonferanse i februar og på barnevernsleiarsamlinga i april. Fylkesmannen sette av skjønsmidlar som kommunane kunne nytte til arbeidet med å få på plass ei slik ordning.

Kommunane Eid, Gloppen og Stryn var først ute med felles akuttberedskap, som starta opp 3. april. Det inneber at desse kommunane har ei beredskapsvakt som kan kontaktast etter vanleg arbeidstid når det skjer noko som gjer at barnevernstenesta må inn med strakstiltak. Selje kommune skal slå seg saman med Eid kommune, og tek sikte på å gå inn i dette samarbeidet.

Sidan vi ikkje har mange akutte hendingar her i fylket og ei vaktordning er kostnadskrevjande, har mange av kommunane valt å samarbeide om ei barnevernsvakt. Kommunane Flora, Førde, Naustdal, Jølster og Gaular jobbar i lag for å få på plass ein akuttberedskap i år. Det same gjeld HAFS-kommunane – Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. I Sogn er kommunane Balestrand, Høyanger, Leikanger, Sogndal, Luster, Vik og Årdal i gang med eit felles arbeid om å få etablert ei ordning med akuttberedskap i løpet av 1. kvartal 2018, medan kommunane Lærdal og Aurland vil etablere ei eiga vaktordning. Kommunane Bremanger og Vågsøy har sett i gang eit arbeid der dei kartlegg fleire alternativ, anten å etablere eiga vaktordning eller å kople seg på samarbeid i nabokommunane. Gulen kommune deltek i eit samarbeid med andre kommunar i Hordaland, og Hornindal kommune med kommunar på Sunnmøre.

Barnehage-samværsrett-omsorg1

Fylkesmannen set kvart år av ein del av skjønsmidlane til prosjekt og satsingar for å løyse viktige behov i fylket. I år var akuttberedskap i barnevernet eit prioritert satsingsområde, og vi har fordelt litt over ein million kroner til dette arbeidet.

Blogginnlegget frå februar vart avslutta med følgjande oppmoding:

«Målet må vere at vi ved utgangen av 2017 er langt betre rusta til å hjelpe barn, uansett når på døgeret krisa skjer». Status er at alle kommunane i Sogn og Fjordane har sett i gang eit arbeid for ein betre akuttberedskap, og fleirtalet av kommunane vil ha ei ordning på plass i løpet av 2017. Fylkesmannen er ofte ute med peikefingeren når vi meiner at kommunane ikkje følgjer opp nasjonal politikk og statlege pålegg. No er det på sin plass å gje ros til kommunane for akutt respons på utfordringa med å få på plass ein akuttberedskap.

Avfall handlar om å ta gode val

Av Gøsta Hagenlund, Publisert fredag 6. oktober 2017

Haldningane våre til avfall endrar seg. Medan vi tidlegare har sett på avfall som noko vi må kvitte oss med, vil vi framover bruke ressursane i avfallet til nye produkt. Vi vil gå frå eit “bruk og kast”-samfunn, til å vere med å utforme eit “bruk og gjenbruk”-samfunn. Stikkorda er sirkulær økonomi, ombruk, materialgjenvinning og utvida produsentansvar. Vi er eit stykke på veg, men vil ikkje nå måla utan nye tiltak. Fram til 2020 er regjeringa sin ambisjon at vi skal auke gjenvinninga til 50 prosent av hushaldsavfallet. Klima- og miljødepartementet har no lagt fram tankar om avfall som ressurs. Dette krev deltaking både frå deg og meg, kommunane og næringslivet. Vi må også snu ei negativ utvikling. I 2010 materialgjenvann vi over 42 prosent av alt hushaldsavfallet, i fjor klarte vi berre 38 prosent.

Korleis kan vi då nå så høge mål på kort tid? Det handlar mykje om at kommunen legg til rette for gode tenester. Det handlar også om korleis produsentar tar ansvar for å utnytte ressursane når vara vert avfall. Og det handlar mykje om kva du og eg gjer med avfallet vårt. Korleis er handlekvardagen din? Til vanleg handlar eg ting eg meiner eg treng: mat, nokre kle, leiker til barnebarn, og år om anna telefon, maling til huset og slikt. Etter kvart endar mykje av dette som avfall! Kvar og ein av oss lagde 433 kg avfall i fjor, opp frå 424 kg i 2010 Dersom du er gjennomsnittleg god til å sortere avfallet, seier statistikken at du likevel sender 268 kg til forbrenning eller deponering. Mykje av desse restane kan nyttast til nye produkt.

Kvifor held nokre av oss fram med dårleg sortering? Er det blitt for tungvint? Gidd vi ikkje? Følgjer ikkje kommunen din opp? Vert du møtt med påstand om at “det nyttar ikkje”, “det vert for dyrt” eller at “det går likevel til forbrenning”?

Gode vanar startar tidleg. Foto: Johnny Syversen for LOOP

Gode vanar startar tidleg. Foto: Johnny Syversen for LOOP

Eg var nyleg i Nederland for å lære av deira erfaringar. Både Noreg og Nederland har gode gjenvinningsordningar, men Nederland materialgjenvinn allereie over halvparten av hushaldningsavfallet. Ambisjonane framover er likevel høge. Innan 2020 skal dei materialgjenvinne over 70 prosent og redusere restavfallet til 100 kg per innbyggjar. Vil dei nå det? Svaret er ja i distrikta og i dei mindre byane.

Her heime er det framleis nokre mytar om at plast bør deponerast eller brennast, då fråsortert plast “berre vert brent likevel”. No er teknologien og marknaden komne så langt at også fråsortert plast i det vesentlege vert materialgjenvunne. Det kan hende mest interessante er at materialgjenvunnen plast kan nyttast om og om igjen – utan at eigenskapane i nytt produkt vert dårleg.

For å få opp nivået på materialgjenvinning i Noreg, meiner regjeringa det er nødvendig å kjeldesortere matavfall og plast. Både Nordfjord- og Sognekommunane har henteordning for plast, og materialgjenvinn matavfallet ved SIMAS sitt anlegg i Festingdalen. Tilrådinga i St. Meld. 45 (2016 – 2017) er mellom anna å gjere dette obligatorisk for kommunane.

Kva kan du og eg gjere? Vi kan kjeldesortere meir. Vi kan be kommunen om betre henteordningar. Vi kan levere brukte kle. Vi må slutte å blande miljøfarleg avfall eller elektrisk/elektronisk avfall med restavfallet. Nokre av oss bør kan hende også handle mindre ting som går fort i sund? Kva vil du at kommunen skal gjere? Matbutikken?

Avfall er eit val. Godt val – kvar dag!