Arkiv for juni 2017

Fylkesmannen – éi dør til staten for kommunane

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert torsdag 29. juni 2017

I kommunereforma og regionreforma vert det diskutert kva oppgåver som skal liggja kvar, stundom utan prinsipielle tankar om kvar oppgåvene høyrer til. Hovudprinsipp for fordeling av oppgåver i offentleg forvaltning har vore:

-  kommunane yter dei viktigaste tenestene som direkte gjeld innbyggjarane, til dømes grunnskule, barnehage, omsorgstenester

-  fylkeskommunane har ansvar for områda som er for store for kommunane, til dømes regional samfunns- og næringsutvikling, fylkesvegar, kollektivtrafikk og drift av vidaregåande skular

-  fylkesmennene følgjer på vegner av staten opp kommunane med initiativ, rettleiing, tilsyn og klagehandsaming, for å sikra likeverdige tenester i samsvar med fastsette standardar i lov og forskrift

- sektororgan i staten har ansvaret for landsfemnande oppgåver som toll, skatt, mattryggleik, politi, kriminalomsorg, kraftutbygging (både vatn og vind), domstolar, sjukehus og riksvegar

Hovudprinsippa er enkle, men praktiseringa og grensedragingar byr på problem. Til dømes har fylkeskommunen og fylkesmannen på planområdet fått felles rettleiingsansvar overfor kommunane. Og mange har vanskar med å skilja mellom ansvaret fylkeskommunane har for dyr det kan jaktast på, som hjort og elg, og ansvaret fylkesmennene har for dyr det ikkje kan jaktast på, som ulv og jerv.

Frå paneldebatt på Fylkesmannens kommunekonferanse i mai 2017 med f.v. statssekretær i KMD Kristin Holm Jensen, ordførar i Førde Olve Grotle, fylkesmann Anne Karin Hamre, ordførar i Hyllestad Morten Askvik og fylkesrådmann Tore Eriksen.

Frå paneldebatt på Fylkesmannens kommunekonferanse i mai 2017 med f.v. statssekretær i KMD Kristin Holm Jensen, ordførar i Førde Olve Grotle, fylkesmann Anne Karin Hamre, ordførar i Hyllestad Morten Askvik og fylkesrådmann Tore Eriksen.

Fylkesmennene på Vestlandet fekk i desember 2016 utarbeidd ein rapport som drøftar kva oppgåver som eigentleg burde høyra under fylkesmennene. Bakgrunnen er mellom anna at fylkesmennene får tilbakemeldingar om at kommunane har dårlege erfaringar med direkte linjer til statlege sektororgan, fordi sektororgana ikkje kjenner kommunane og ikkje klarar å sjå samanhengen med andre oppgåver kommunane har ansvar for. Her har fylkesmannen eit fortrinn, med god kjennskap og relasjon til kommunane og dei mange oppgåvene dei utfører. Difor rår rapporten til å leggja ansvaret for å følgja opp slike sektoroppgåver til fylkesmannen, til dømes regionkontora til IMDi, rettleiings- og utviklingsoppgåvene frå Utdanningsdirektoratet, regionalt bustadsosialt arbeid frå Husbanken.

I juni sette regjeringa ned eit ekspertutval som skal føreslå oppgåver som kan styrka samfunnsutviklarrolla til fylkeskommunen og gje betre tenester for innbyggjarar og næringsliv. Utvalet følgjer opp regionreforma, der Stortinget nyleg vedtok å gå frå 19 til 11 fylke frå 2020.

I diskusjonane om organisering av offentleg forvaltning er det viktig å halda på oversiktlege prinsipp. Prinsippet om at kommunane skal ha éi dør til staten gjennom fylkesmennene, kan vera eitt av dei.

Nye tider i kommune-Noreg

Av Anne Karin Hamre, Publisert onsdag 14. juni 2017

Etter ein lang debatt og ei særs spennande avstemming, vedtok Stortinget 8. juni ny kommunestruktur for landet. Då kommunereforma starta i 2014, hadde vi 428 kommunar. Vedtaket i Stortinget reduserer talet på kommunar med 74, til 354 kommunar.

I Sogn og Fjordane er 12 kommunar, altså nær halvparten, involverte i fem kommunesamanslåingsprosessar. Det betyr at 56 prosent av innbyggjarane i fylket får ein ny kommune. Alle prosessane har vore ulike. Jølster, Gaular, Førde og Naustdal kom tidleg i gang, medan nye Kinn kommune vart vedteken heilt på tampen og med det særtrekket at Flora og Vågsøy har ein kommune på over 800 kvadratkilometer mellom seg.

Vegen vidare er no at Fylkesmannen skal kalle inn til felles kommunestyremøte, der hovudtema er namn på den nye kommunen, kor mange representantar det nye kommunestyret skal ha, og samansetjing og funksjon for fellesnemnda som skal førebu samanslåingane 1.1.2020.

Vi har kalla inn dei fire Sunnfjordkommunane til møte på Skei 21. juni. Dagen etter vert det felles kommunestyremøte for Balestrand, Leikanger og Sogndal i Balestrand på føremiddagen, og for Eid og Selje på Eid om ettermiddagen. Felles kommunestyremøte for Flora og Vågsøy vert i august, medan det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal som kallar inn til felles kommunestyremøte mellom Volda og Hornindal. Etter at kommunestyra har gjort vedtak om namn, fellesnemnd og representantar og nytt kommunestyre, vert vedtaka sendt over til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Om kommunane ikkje kjem til semje på alle punkt, tek departementet avgjerd.

Når kommunane har gjort like vedtak om fellesnemnda, kan nemndmedlemmene starte arbeidet med å byggje den nye kommunen. Det er ein stor jobb som skal gjerast. Ein heilt ny organisasjon skal utformast, og tilsette skal takast i vare med omsyn til rettar og involvering. Budsjett og heile det mangfaldige kommunale planverket skal samordnast. Det same skal ymse administrative system, ikkje minst på arkiv- og IKT-sida. Interkommunale samarbeid må vurderast. Kommunane må informere godt heile vegen til alle som vert påverka av samanslåingsprosessen – tilsette, lag og organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar.

Kommunekartet slik det ser ut i dag.

Når mange kommunar no går inn i omfattande prosessar som krev tid og merksemd, må staten ta omsyn. Internt har vi starta ei drøfting av korleis vi skal leggje opp kommunedialogen og det kommuneretta arbeidet, der vi både tek  omsyn til kommunar som skal slå seg saman, og  til at vi får ein struktur med større strekk i feltet. Mange kommunar vert større, men vi vil framleis ha mange små kommunar som på mange område er avhengige av interkommunalt samarbeid. Dette er tema som vi vil drøfte med kommunane framover. Sidan Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1.1.2019 vert slått saman med Fylkesmannen i Hordaland, vert kommunedialogen òg eit viktig tema i drøftingane vi skal ha med dei fram mot samanslåinga.

Eg ønskjer alle våre 12 kommunar som no går inn i eit stort arbeid med kommunesamanslåing, lukke til. Vi er budde på å bidra med råd og rettleiing.

Barn som pårørande

Av Per Steinar Stensland, Publisert måndag 12. juni 2017

Når mor eller far er sjuk, går det som regel ut over barna. Ny forsking viser at både foreldre og barn ønskjer at fastlegen tek opp foreldrenes sjukdom.

Frå 2010 er helsepersonell pålagde å ivareta behovet for informasjon og naudsynt oppfølging som mindreårige barn kan ha når ein av foreldra har psykisk sjukdom, rusavhengigheit eller alvorleg somatisk sjukdom.

Barn og vaksen.

Kor vanleg er det at barn er pårørande til desse gruppene? I ein norsk tettstad med 6000 innbyggjarar er det nær 1400 barn under 18 år. Av desse lever 23 prosent eller 300 barn til ein kvar tid saman med pårørande som har psykisk liding av moderat til alvorleg grad. Seks prosent av dei, om lag 90 barn, har minst ein pårørande med betydeleg rusproblem og om lag 50 barn lever med at mor eller far har alvorleg somatisk sjukdom.

Fastlege Frøydis Gullbrå har nyleg forsvart eit doktorarbeid om fastlegar sitt arbeid med desse barna. Nokre av funna hennar har interesse også for andre hjelparprofesjonar i kommunal helse- og sosialteneste.

Barn som har vakse opp i desse familiane opplevde ofte ein lite føreseieleg kvardag, og dei hadde oftare enn andre barn eigne helseplager. Trass i gode intensjonar, klarte ikkje alltid foreldra å skape ein trygg kvardag for dei. Både foreldra og ungdommane uttrykte at dei ynskte at fastlegen skulle anerkjenne deira forsøk på å skape ein normal kvardag, og på same tid forstå at dei var i ein situasjon med ekstra byrder på grunn av sjukdom eller rus.

Desse ungdommane var ikkje ofte innom fastlegen, og då helst med fysiske plager. Dei ønskte gjerne at fastlegen tok opp heimesituasjonen. Dei syns det var vanskeleg å ta opp dette sjølv, også om dei kunne ha behov for støtte og informasjon. For å snakke om situasjonen heime trengte dei å bli invitert til det av ein hjelpar dei hadde tillit til. Foreldra uttrykte same behov for råd om å støtte og informere barna, men vegra seg også for å ta dette opp med fastlegen.

Fastlegane uttrykte at dei var i ein god posisjon for å kjenne att barn i risiko og for å gi råd til foreldra. Rammene i allmennpraksis, med korte konsultasjonar med vekt på pasienten som er til stades, kunne hindre dette arbeidet. Det same kan fastlegen si frykt for å gi ekstra byrder til foreldre som strevar.

Ungdommane og foreldra etterlyste at legen også kunne ta opp vanskelege tema frå livssituasjonen deira som ikkje direkte vart etterspurt i konsultasjonen. Slike tema kan vere krevjande å ta opp. Men barn i utsette livssituasjonar kan trenge at helsepersonell utvidar tenkinga om kva dei kan snakke med barn om. Ikkje minst må helse- og sosialpersonell lære korleis dei kan ivareta barna i vanskelege samtaler.

Lova er lite kjend hjå helsepersonell utanfor sjukehus. Gjer deg kjend med lova og barn sine rettar!

Ansvar og roller rundt cruisetrafikk

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert torsdag 1. juni 2017

Cruisetrafikken gjev gode inntekter for næringslivet rundt om i fylket. Samstundes kan cruisetrafikken føra til utfordringar med utslepp til luft og sjø, og stor og konsentrert folketilstrøyming. I hovudsak er det opp til kommunane gjennom plan- og bygningslova å regulera om det skal vera cruisetrafikk, gjennom å avsetja eigna areal for kaiar og andre samferdselstiltak. Men kommunane kan ikkje styra trafikken i seg sjølv.

Den lokale hamneeigaren styrer kva trafikk som skal koma inn, ut frå kapasitet og visse likskapsprinsipp.

Fylkesmannen skal først og fremst passa på at kommunane held seg innanfor rammene i lov og forskrift på dei ulike fagfelta, og tek i vare både kommunale, regionale og nasjonale interesser i planane sine. Fylkesmannen skal ikkje overstyre kommunane i korleis dei lokalt vil prioritera rammevilkåra for cruiseturisme, så lenge dei ikkje bryt med nasjonale reglar og føringar som Fylkesmannen skal følgja opp.

Cruiseskip. Foto: Pixabay

Cruiseskip. Foto: Pixabay

Kommunane har som plan- og bygningsstyresmakt ansvar for å fastsetja arealbruk i eit område gjennom kommuneplan og reguleringsplan. Når kommunen opnar for cruiseskiptrafikk eller andre aktivitetar, må både plussider og minussider vurderast. Alle interesser, til dømes private borgarar, føretak, næringsorganisasjonar, representantar for born,  statlege instansar som Fylkesmannen og Vegvesenet, skal få koma til orde i ein ordna prosess. Kommunestyret tek endeleg avgjerd og skal vurdera verknader for samfunnet, det vil seia både økonomi, folkehelse, miljø, estetikk, trivsel og tryggleik. Men kommunen kan berre fastsetja kor stort areal som skal takast i bruk og til kva føremål, og ikkje kor mange cruisebåtar som skal takast inn. Mindre tiltak som ikkje er vesentleg i strid med planføremålet, er det mogleg å gje dispensasjon til så sant fordelane er klart større enn ulempene.

Avgjerder om arealbruk ligg i kjerneområdet for det kommunale sjølvstyret. Sjølv om det er høve til å klaga til Fylkesmannen over vedtak om reguleringsplanar, vil Fylkesmannen berre oppheva planen dersom det er gjort feil i handsaminga. Fylkesmannen kan ikkje oppheva planen ut frå sitt eige eventuelle ønske om å ha mindre cruisetrafikk. I dispensasjonssaker for tiltak som stør opp under reguleringsplanen, kan Fylkesmannen internasjonale krav. Kommunane har små høve til å stilla eigne krav. Til dømes har kommunane ikkje høve til å setja eigne krav for utslepp av kloakk og gråvatn frå cruisebåtar som seglar inn og ut av internasjonalt farvatn. Kommunelegen kan likevel leggja ned forbod mot aktivitetar som medfører akutt helsefare.

I ein nyleg utgjeven rapport frå Sjøfartsdirektoratet går det fram at det i Flåm til tider kan vera innhald av nitrogenoksid (NOx) som kan ha negativ verknad for helsa. I tillegg bidreg NOx, saman med sot/røykpartiklar og vassdamp, til danning av røykskyer i fjordane. Kartlegginga til Sjøfartsdirektoratet viser vidare at det i liten grad er utslepp til sjø i fjordane frå cruiseskipa, men at det vert sleppt ut noko kloakk og gråvatn frå lokal skipstrafikk. Sjøfartsdirektoratet har føreslege ei rekkje nasjonale tiltak for å kunna ta meir omsyn til miljøet, til dømes reinsesystem for NOx, høve til å regulera trafikk og fart og forbod mot ulike former for utslepp.

Misnøye med lokale følgjer av cruisetrafikk må takast opp med kommunane. Dersom misnøya gjeld noko kommunen pliktar å følgja opp i samsvar med lov og forskrift, er det mogleg å klaga til Fylkesmannen. Det opp til kommunestyra å avgjera i kor stor grad det skal leggjast til rette for cruisetrafikk, men dei kan ikkje konkret  styra kor stor trafikken skal vera. Dersom det skal vera større høve til å stilla lokale miljøkrav, må det nasjonale regelverket opna for dette, i tråd med framlegga frå Sjøfartsdirektoratet.