Arkiv for desember 2016

Tiltak i lokalsamfunnet som kan betre levekår for utsette barn og unge

Av Per Steinar Stensland og John Ole Vange, Publisert torsdag 15. desember 2016

Fylkesmannen har siste året arrangert eit læringsnettverk for kommunane om utsette barn og unge. Her presenterer vi røynslene våre.

Fylkesmannen skal rettleie kommunane i å utvikle eit heilskapleg og samordna tilbod for utsette barn og unge og deira familiar. Utdanningsavdelinga og helse- og sosialavdelinga valde å spisse målgruppa til den store gruppa unge flyktningar og asylsøkjarar. I møte med alle kommunane spurde vi dei kva faglege tilbod dei trong. På bakgrunn av svara deira har vi hatt fire læringsnettverkmøte:

sjumilsstegkonferansen tok vi opp korleis helsepersonell og andre kan gjere vurdering av psykisk helse ved førstegongs undersøking i mottak. Dette gjeld både å sjå teikn på alvorleg traumatisering av  barn og unge og å lære praktisk lågterskeloppfølging i lokalsamfunnet. Vi gav også innspel til god norskopplæring for asylsøkjarar.

Neste møte handla om erfaringsoverføring mellom kommunane. Vi ville løfte fram erfaringar med vanlege utfordringar for unge asylsøkjarar; Kva kan deltakarane lære av kvarandre? Korleis kan vi sikre at asylmottaket gir grunnleggjande tryggleik? Vi ville finne ut kva som kan sikre god norskopplæring og godt psykososialt læringsmiljø i skulane for mindreårige asylsøkjarar. Og vi ville høyre meiningar om kva for støtte kommunen treng vidare for å arbeide godt med mindreårige asylsøkjarar.

Barn. Foto: Pixabay

Barn. Foto: Pixabay

Eit møte om landkunnskap presenterte kultur og levekår i Afghanistan med vekt på korleis konflikthistorie og migrasjon påverkar den enkelte. Vi fekk innblikk i eit flyktningliv der du både er borte og heime samtidig. Gjennom internett er opphavsfamilie og nettverk framleis tilgjengeleg for den som migrerer. Og dette tilgjenget kan gi press på å leve opp til plikter både her og for familien som er att «heime».

Jenter tilsette i mottak har opplevd å ikkje bli respektert av gutar og menn med annan kulturell bakgrunn. Nokre plassar hadde dei nytta nettopp den kulturbaserte respekten for eldre ved å invitere ein eldre mannleg slektning som har vore med på å orientere den unge i kva som er akseptabel åtferd i Noreg.

Det siste av møta handla om traume og korleis ein kan forstå korleis det er å leve med dei. Norskopplæring og fotballtrening kan vere døme på viktige bidrag for å hindre at kriseopplevingar gjer folk sjuke. Når vi høyrer ordet traume, tenkjer vi fort at dette må handterast av lege eller psykiater. Det er viktig å tidleg få identifisert barn som har opplevd alvorlege traume slik at desse kan få rett tilvising, men for dei fleste med lette og moderate traume er lokale tilbod det aller beste.

Vi trur kommunane har fått nyttige perspektiv på å utvikle arbeidet sitt på dette feltet. Vi vil halde fram med læringsnettverket basert på innspela deira.

Kommuneøkonomi i ubalanse – reservane minkar!

Av Kåre Træen, Publisert måndag 5. desember 2016

Kommunane er i sluttfasen av budsjettarbeidet for neste år og økonomiplanen for dei neste fire åra. Samanlikna med gjennomsnittet for landet gir framlegget til statsbudsjett for 2017 låg vekst for fleirtalet av kommunane i fylket. Dette har ulike årsaker; endringar i inntektssystemet, svak folketalsvekst eller at kommunen får eit lågare utgiftsbehov og derfor skal bli rimelegare å drifte. I tillegg får fleire av kraftkommunane store reduksjonar i inntekter frå kraftverksemder. Sjølv om kommunane har fått ekstra skatteinntekter i 2016, fører dette samla sett til at mange av kommunane våre har eit krevjande arbeid med å få til eit budsjett og ein økonomiplan i balanse.

God økonomisk planlegging og styring over tid, er ein viktig føresetnad for å skape ein berekraftig og sunn økonomi, og eit nødvendig grunnlag for å levere gode tenester til innbyggjarane. Lurer du på om kommunen din har fått til dette? Svaret skal du finne i rekneskapsbalansen til kommunen med utfyllande analysar og vurderingar i årsmeldinga. Balansen viser m.a. kor mykje eigendelar, midlar, fond, oppsamla underskot/overskot og gjeld kommunen har, som eit resultat av drifta over mange år. Særleg viktig er det at kommunen har klart å opparbeide seg ein buffer gjennom frie fond og at gjelda ikkje har blitt for stor samanlikna med driftsinntektene.

For kommunar som manglar midlar til å få budsjettet i balanse i 2017 og framover, registrerer vi at det er fristande for dei folkevalde å «kjøpe seg litt tid» gjennom å bruke tidlegare oppsparte midlar som står på frie fond i balansen. Dette er ei kortsiktig og dårleg løysing med bruk av eingongspengar, som berre utset problemet fordi kommunen framleis brukar meir midlar enn den har i løpande inntekter.

Fri driftsfond i prosent av inntekter

Kjelde: Kostra-tal konsern 2015

Slike kortsiktige løysingar reduserer eller tømmer kommunekassa for ein viktig og nødvendig økonomisk buffer. Kommunar bør ha ein buffer som utgjer minst 5 prosent av driftsinntektene. Kva kan skje når kommunen ikkje lenger har ein buffer i frie fond? Ikkje alt går som planlagt for kommunane heller, utgiftene kan bli høgare eller inntektene lågare enn budsjettert. I slike tilfelle er det nødvendig  å ha ein buffer, elles kan det fort bli raude tal i rekneskapen som seinare må dekkjast inn att i løpet av dei neste to åra. Klarer ikkje kommunen ei planlagt inndekning, er Robek neste stoppestad.

Vår erfaring er at kommunar som hamnar i Robek gjer det nettopp fordi det skjer hendingar som fører til at utgiftene aukar eller inntektene blir lågare enn budsjettert, og at kommunen ikkje har ein buffer til å møte slike hendingar. Derfor er det viktig at kommunane ikkje brukar opp sine økonomiske reservar i saldering av budsjettet, men at det må liggje att ein tilstrekkeleg buffer om det skulle oppstå noko uføresett som gjer det nødvendig å bruke av den!