Arkiv for november 2016

Støtte til Vestlandsregionen

Av Anne Karin Hamre, Publisert måndag 28. november 2016

I 2013 feira vi at Sogn og Fjordane hadde vore eige fylke i 250 år. Tre år seinare diskuterer vi samanslåing med Hordaland og Rogaland til ein stor vestlandsregion. For alle med varme kjensler for dette vakre og mangfaldige fylket vårt, er dette ei stor og vanskeleg sak. Kva vinn vi, og kva taper vi ved å gå inn i ein større region? Kvifor skal vi inn i noko større? Vi, som ligg i rett ende av dei fleste statistikkar som handlar om livskvalitet, og som er robuste fordi vi klarer å samarbeide?

Sist gong det bles ein regionvind over landet, var på byrjinga av 2000-talet. Vestlandspolitikararar ville samle Vestlandet til eitt rike, for å ta opp kampen mot sentraliseringa av makt til Oslo. Det vart arrangert vestlandskonferansar, og begeistringa for regionprosjektet var stor i starten. Så kom lokaliseringsdiskusjonane, og det heile braut saman.

I tida som har gått, har Oslo og resten av det sentrale Austlandet hatt ein kraftig vekst, og balansen mellom dei ulike landsdelane er vorten skeivare.

Vi har eit spennande og variert næringsliv på Vestlandet, men vi treng eit større mangfald. Straumen av nyutdanna frå universiteta og høgskulane på Vestlandet over fjellet mot aust, er framleis stor. Mediemakta og premissgjevarane finn vi stort sett i Oslo. Her vert dei fleste deltakarane i viktige råd og utval henta frå. Og her finn vi departementa og dei fleste direktorata og tilsyna.

E 39 bidreg til større bu- og arbeidsområde og til å binde Vestlandet tettare saman. Men det er framleis mykje ugjort. Nyleg plasserte ei undersøking Hordaland og Sogn og Fjordane på botn i vegkvalitet. Det stod ikkje veldig mykje betre til i Rogaland.

Skal vi få til meir satsing på infrastruktur, næringsutvikling og på å byggje attraktive bu- og arbeidsområde på Vestlandet, treng vi meir samarbeid som er tufta på fastare strukturar enn t.d. Vestlandsrådet.

Kart over den nye vestlandsregionen. Foto: Skjemdump frå NRK

Kart over den nye vestlandsregionen. Foto: Skjemdump frå NRK

Det hadde nok vore logisk først å få avklart ein framtidig kommunestruktur og oppgåver til nye regionar før det vart teke stilling til å endre dagens fylkeskommunar. Men politikken blir ofte til gjennom kompromiss, slik er det òg med regionreforma.

Dei vala vi gjer, må ta utgangspunkt i at det er eit fleirtal på Stortinget som ønskjer færre og større fylkeskommunar. Vi må òg ha med oss at det er ei rekkje andre strukturprosessar som vert gjennomførte uavhengig av regionreforma.

Stortinget har vedteke ei regionreform, og regjeringa har som utgangspunkt at landet skal delast inn i om lag ti folkevalde regionar. Det skjer samstundes ei rekkje strukturprosessar i den regionale staten, der folketal er eit viktig prinsipp for korleis strukturane skal leggjast. Sidan 1990-talet har ei rekkje regionale statsetatar gått frå ei fylkesinndeling til ein regioninndeling. I dag er det berre att Fylkesmannen, Nav og Innovasjon Norge som femner om Sogn og Fjordane. Strukturen for fylkesmannsembeta og Nav sine regionkontor er under utgreiing, og begge utgreiingane peiker så langt mot ein regionmodell der Sogn og Fjordane ikkje vert ei eiga eining. Dersom det vert utfallet, kan det svekke grunnlaget for å oppretthalde Sogn og Fjordane fylkeskommune.

På mange måtar beklagar eg det, fordi eg meiner Sogn og Fjordane på veldig mange område demonstrerer at vi står oss godt som eige fylke. Vi er handlekraftige og ubyråkratiske. Ei ny administrativ eining sett saman av tre tidlegare fylke, byr heilt klart på ein risiko for at vi kan verte meir byråkratiske og mindre handlekraftige. Likevel er det viktig at dette fylket deltek aktivt i debatten og i utforminga av det nye Vestlandet, ikkje minst for å halde dette fylket samla inn i ein større region.

Etter å ha vege fordelar og ulemper opp mot kvarandre, konkluderer eg med å støtte intensjonsplanen om ein vestlandsregion med ei desentralisert forvalting .

Ein viktig føresetnad for ei vellukka samanslåing, er at byane i vest forstår at dei er avhengige av omlandet sitt, og klarer å byggje bru mellom by og land. Viss Bergen og Stavanger blir seg sjølve nok, vil vi aldri lukkast.