Arkiv for oktober 2016

Bringebær til foredling – ikkje berre dessert

Av Jon Anders Stavang, Publisert måndag 31. oktober 2016

Satsinga på produksjon av friske bringebær i korg (konsumbær) er ei suksesshistorie. Frå 2000 til 2015 auka produksjonen av konsumbringebær frå null til over ein million kilo. Produsentane i Sogn og Fjordane har vore leiande i denne utviklinga saman med grossisten BAMA.

Det var på Vangsnes i Vik kommune at bæra for alvor tok til å rulle. Gründerane i Sognabær investerte i plasttunnellar og sette inn ’Glen ample’-bringebær, fekk leveringsavtale med BAMA, og starta produksjonen. I dag leverer Sognabær mellom 150-200 000 kilo bringebær til konsum i sesongen, og Vik kommune kan med rette kalle seg Noregs bringebærkommune. Luster og Stryn er også store på bringebær og Sogn og Fjordane produserer 64 prosent av alle bringebær i landet.

Bringebærbonde Rikard Lysne. Foto: Torbjørn Takle

Bringebærbonde Rikard Lysne. Foto: Torbjørn Takle

Men medan marknaden for konsumbær er i vekst, er etterspørselen etter bær til syltetøy og andre foredla produkt meir stabil. Konkurransen med importerte bær av industrikvalitet er òg sterk. Og ønsket om norske bær i syltetøy er ikkje like sterkt som for konsumbær. Det er eit paradoks at det syltetøyet som inneheld minst bær og mest sukker og vatn, sel best i butikkane.

Ein gjennomsnittleg bringebærprodusent produserer gjerne halvparten til konsum og halvparten til industri. Dei som har tunell klarar å ha meir stabil produksjon og har meir konsumbær. Men alle produsentane er avhengige av å selje heile produksjonen sin. Når marknaden for industribær stagnerer, kan ikkje veksten halde fram utan at prisane på industribær går ned. Då vil totaløkonomien for bringebærprodusentane bli vesentleg svekt.

Næringa må difor ta grep. Nyplanting må reduserast. Dei produsentane som ikkje har dekkesystem for å verne bæra mot nedbør, må investere i dette for å auke mengda konsumbær og redusere mengda industribær. Dette vil også føre til jamnare produksjon og kvalitet, og meir stabile leveransar av både industri- og konsumbær. Nye norske foredla produkt med bringebær må utviklast og marknadsførast slik at etterspørselen etter industribær aukar. I tillegg må næringa leggje meir vekt på å få ned kostnadane ved handtering og innfrysing av industribæra.

Forbrukarane må også følgjast opp. Dei må stimulerast til å handle sunnare og meir smaksrike syltetøy med høgt innhald av bær. Det vil vere bra både for bonden og folkehelsa.

Hagebruket generelt og bringebærproduksjonen spesielt har hatt ei særskilt positiv utvikling sidan tusenårsskiftet i Sogn og Fjordane. No når marknaden stagnerer, vil innovasjon og marknadstilpassing vere viktig for å trygge og utvikle næringa vidare.

Saman får vi hjelpa heilt fram

Av Jorunn Felde, Publisert onsdag 12. oktober 2016

Søndag 23. oktober får du besøk av ein bøsseberar som samlar inn pengar til TV-aksjonen. I år går midlane til Raudekrossen som skal bruke dei til å gje livsviktig hjelp til offer for krig og konflikt. Det er stort behov for hjelp, og kvart bidrag er med på å redde liv.

Fylkesaksjonskomiteen i Sogn og Fjordane. Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Fylkesaksjonskomiteen i Sogn og Fjordane. Foto: Matias Helgheim/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Raudekrossen har valt ut ei rekkje prosjekt i fleire land, mellom anna i Syria. Målet er at 605 000 personar skal få livreddande hjelp som mat, vatn og medisinar. Dei vil også gje opplæring og utstyr til dei 10 000 personane som er frivillige i Syria Raude Halvmåne. På denne måten vil hjelpa kunne nå fram til endå fleire. Det er framleis borgarkrig i deler av Afghanistan. Raudekrossen har difor bestemt at nokre av pengane skal nyttast til å gje helsetilbod til mor og barn. Dei skal byggje fødestover, og utdanne helsetilsette og frivillige i Afghanistan Røde Halvmåne.

Dei innsamla pengane skal også brukast i Noreg for å gje flyktningar og asylsøkjarar eit betre liv gjennom å tilby dei meiningsfulle aktivitetar på asylmottak, flyktningguide, helsehjelp for papirlause og på oppsporingstenesta for sakna personar.

Du kan lese meir om dei ulike prosjekta på blimed.no. Dronning Sonja og Kronprinsesse Mette-Marit har synt stor engasjement i arbeidet til Raudekrossen, og er i år høge beskyttarar for TV-aksjonen. Folk i Sogn og Fjordane har tradisjon for å støtte sterkt opp om TV-aksjonen. Eg håpar de tek godt i mot bøsseberarane på søndag.

Næringsretta IT-utdanning til framtidsfylket

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert måndag 3. oktober 2016

Sogn og Fjordane treng ei næringsretta IT-utdanning på bachelornivå for å leva opp til tilnamnet framtidsfylket. No er utdanninga på god veg til å koma.

IT-forum Sogn og Fjordane sende i slutten av august eit notat til Høgskulen i Sogn og Fjordane med førespurnad om å oppretta ein studieplankomite, som altså skal laga ein studieplan for eit nytt bachelorstudium for næringsretta IT. Bakgrunnen er eit initiativ IT-forum sjølv har teke saman med næringslivet, og arbeidd med sidan 2014. Tankane bak er:

- IT får større og større plass i alt me gjer, både i privatlivet, i næring og i offentleg verksemd
- Studien «Eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane» peikte i 2011 på at IT og digitalisering har størst potensial for verdiskaping i tida framover
- Sogn og Fjordane ligg frå før langt framme i å bruka IT
- Høgskulestudium rekrutterer gode hovud til fylket; rundt 40 prosent av studentane på grunnutdanningane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er frå fylket, medan halvparten av dei ferdige kandidatane vert verande i fylket etterpå
- Stor auke i søknader til IT-studium i landet siste åra
- Stor vilje frå regjeringa til å satsa på studieplassar innan IT
- Fleire IT-verksemder rundt om i fylket opplever suksess
- Mange eksisterande verksemder i fylket treng jamleg å tilsetja personar med IT-kompetanse
- Verksemder i fylket skal knyta relasjonar med studentane gjennom obligatoriske praksisopphald
- Utdanning innanfor IT legg til rette for å skapa nye verksemder, som kan liggja kvar som helst

Foto: IT-forumInitiativet har møtt stor velvilje i fylket. Høgskulen er positiv, og styret vedtok 29. september å oppretta studieplankomiteen. Stortingsbenken, fylkesordføraren og fylkesvaraordføraren støttar heilhjarta opp. Like eins har bransjen lova å stilla opp med praksisplassar, førelesingar og kanskje til og med tilskot til studieplassar. I tillegg har Innovasjon Noreg i to omgangar gjeve støtte til prosjektet med til saman 1,95 mill. kr, medan Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane så langt har innstilt at prosjektet skal få 1 mill. kr i støtte (før søknaden skal opp i styret).

Viktigaste utfordringar framover er:

  • - Å sy saman eit studium som tek opp i seg dei siste trendane innan IT og som gjer dei ferdige kandidatane attraktive for næringslivet
  • - Finansiering av studieplassar
  • - Rekruttering av studentar og lærekrefter

Me har stor tru på at me kjem i mål, i tett samarbeid med den nye Høgskulen på Vestlandet og næringslivet. Sogn og Fjordane treng ei IT-utdanning for å vera framtidsfylket.