Arkiv for august 2016

Reaksjonar mot helsepersonell etter uønskte hendingar i helse- og omsorgstenesta

Av Per Steinar Stensland, Publisert fredag 26. august 2016

Fylkesmannen omtalar ofte reaksjonar mot helsepersonell etter tilsynssaker. Her forklarer eg nokre av dei vanlege reaksjonsformene og omgrepa vi bruker.

Ein deler ofte uønskte hendingar i systemfeil, menneskelege feil og hendelege uhell, men grensene er ikkje alltid klare. Systemfeil skuldast organisering og tilrettelegging av arbeidet og er vurdert å vere dei hyppigaste. Menneskelege feil skuldast utilstrekkeleg kompetanse eller personlege forhold som hindrar forsvarleg praksis. Dei utgjer om lag ein tredel av slike saker. Hendelege uhell har samanheng med den kalkulerte risikoen som ligg i kvar medisinsk prosedyre. Medisinske vurderingar vert gjort under nokon grad av usikkerheit, og feilvurdering vil alltid førekomme i helsetenesta. Feila er likevel ei god kjelde for læring.

Fylkesmannen bruker omgrepet hendingsbaserte tilsynssaker om saker der vi mottar klage på helsepersonell eller verksemder etter uønskte hendingar. I Sogn og Fjordane behandlar vi om lag 100 slike saker i året, talet har auka med 70 prosent siste fem åra.
I dei fleste tilsynssakene vi avgjer, kjem vi fram til at verken verksemd eller helsepersonell har brote plikter etter helselovene. Sjølv om vi ikkje finn at plikter er brotne, kan helsetenestene ha vore utførte på eit vis som vi ikkje vurderer å vere i tråd med god praksis. Fylkesmannen kan i slike saker gi råd og rettleiing for god praksis. Vi ser ofte at sjølve saka og brevvekslinga med oss får helsepersonell til å endre praksis.

Pliktbrot – fagleg uforsvarleg verksemd
I nokre av sakene vi behandlar, konkluderer vi med eitt eller fleire pliktbrot. Det vil seie at vi meiner at helsepersonellet har brote plikter som dei er pålagde i lov eller med heimel i lov, at dei til dømes har gitt uforsvarleg behandling. I desse sakene kan vi påpeike pliktbrotet, gi rettleiing og følgje opp at feila vert retta.

Dersom feila er meir alvorlege, vil vi sende saka til Statens helsetilsyn slik at dei kan vurdere ein administrativ reaksjon . Siste året skjedde dette i nær 20 saker i fylket. Ein administrativ reaksjon overfor helsepersonell kan vere ei skriftleg åtvaring eller delvis eller heil tilbakekalling av rett til å praktisere (autorisasjonstap, lisenstap, spesialistgodkjenningstap eller tap av retten til å skrive ut bestemte legemiddel). Målet med administrative reaksjonar er å verne pasientar ved å korrigere helsepersonellet si yrkesutøving. Dette skal bidra til pasienttryggleik og kvalitet i helsetenesta, og tillit til helsepersonell og helseteneste.

Åtvaring
Statens helsetilsyn kan gi åtvaring til helsepersonell for pliktbrot, så sant helsepersonellet har handla fagleg uforsvarleg, med vilje (forsett) eller utan varsemd. Handlinga må òg vere til  fare for pasienttryggleik, til å påføre pasientar betydeleg belasting eller til i vesentleg grad å svekke tillit til helsepersonell eller helse- og omsorgstenesta. Helsetilsynet kan også gi åtvaring til helsepersonell som har vist ei åtferd som er eigna til i vesentleg grad å svekke tillit til yrkesgruppa si.

Dersom helsepersonell har mottatt ei åtvaring tidlegare, kan dette bli lagt vekt på i ei eventuell ny tilsynssak.

Ei åtvaring er informasjon som er offentleg tilgjengeleg for til dømes framtidige arbeidsgjevarar.  Helsetilsynet gjev årleg  om lag fem åtvaringar til helsepersonell i Sogn og Fjordane.

Autorisasjonstap
Tilbakekalling av autorisasjon, lisens eller spesialistgodkjenning er aktuelt der personellet blir vurdert som ueigna til å utøve yrket forsvarleg på grunn av alvorlig sinnsliding, psykisk eller fysisk svekking, langt fråvær frå yrket, bruk av rusmiddel, grov mangel på fagleg innsikt, uforsvarleg verksemd, grove pliktbrot eller på grunn av åtferd som blir vurdert ikkje å vere i samsvar med god yrkesutøving.

Helsetilsynet kan avgrense autorisasjon til å gjelde utøving av bestemt verksemd under bestemte vilkår. For eksempel kan det bli stilt vilkår om at helsepersonellet berre kan arbeide i ei bestemt verksemd, med avgrensa arbeidsoppgåver og under tilsyn og rettleiing. Det kan òg settast vilkår om rusmiddeltesting og psykologisk behandling dersom årsaka er eit rusmiddelmisbruk.

Helsetilsynet kan trekke tilbake retten til å skrive ut bestemte legemiddel. Vilkåret er at rekvireringspraksisen vert vurdert som uforsvarleg. I fylket mistar éin til to helsepersonell autorisasjonen årleg.

Straff?
Vi får tidvis spørsmål om helsepersonellet ikkje skal ha straff etter ei feilvurdering. Ein reaksjon frå helsetilsynet er ikkje ei straff etter straffelova, men eit tiltak for læring og for sikring av pasienttryggleik. For dei fleste helsepersonell, som i yrkesutøvinga er innstilt på å hjelpe andre, blir påpeiking av pliktbrot tatt særs alvorleg. Åtvaring er ein strengare reaksjon, som helsepersonell tar svært tungt. Straff for uønskte hendingar i helsetenesta førekjem svært sjeldan.