Arkiv for februar 2016

Klimafylket Sogn og Fjordane

Av Anne Karin Hamre, Publisert onsdag 24. februar 2016

2015 vart det tredje våtaste og det tredje varmaste året i Noreg sidan 1900. I vår region merkar vi alt fleire dagar med regn, at regnet vert meir intenst, oftare og kraftigare flaumar, fleire jordskred og færre dagar med snødekke i låglandet.

Hjå Fylkesmannen jobbar vi med eit prosjekt vi har kalla Klimaløftet. Måla er ambisiøse. Vi vil bidra til betre rettleiarar og planleggingsverktøy for kommunane. Vi vil styrke samarbeidet med ulike kompetansemiljø i fylket. Vi vil arbeide for at Sogn og Fjordane markerer seg som klimafylket nasjonalt, og delta i internasjonalt klimasamarbeid. Vi er på god veg.

Saman med Vestlandsforsking, som er prosjektleiar, deltek vi i eit arbeid om å utvikle eit nettbasert verktøy for korleis omsynet til klimasårbarheit kan handterast i arealplanprosessane i kommunane. Prosjektet Klimaverktøy for kommuneplanleggjarar er finanisert av Norges forskningsråd sitt KLIMAFORSK-program.

Skader etter flaumen i Flåm i 2015. Foto: Christian Rekkedal/FMSF

Skader etter flaumen i Flåm i 2015. Foto: Christian Rekkedal/FMSF

Høgskulen i Sogn og Fjordane har klima som tema i fleire studieprogram, og har brei støtte i fylket i arbeidet med å etablere ei masterutdanning i klimatilpassing.

Saman med KS, Vestlandsforsking og tre regionar i Romania deltek vi òg i eit internasjonalt samarbeid om å utvikle strategiar og handlingsplanar for å tilpasse oss til eit klima i endring. Tidlegare har vi saman med fylkeskommunen, Flora kommune og Vestlandsforsking delteke i det internasjonale klimatilpassingsprosjektet Clim-ATIC, der vi m.a testa ut ny teknologi for å gje informasjon til folk i eit kriseråka område.

Regionale verksemder i Sogn og Fjordane, som Fylkesmannen, fylkeskommunen, Vestlandsforsking, Høgskulen, Statens vegvesen, NVE, Norsk Bremuseum og Red Cross Nordic United World College har gode tradisjonar for å samarbeide og byggje kunnskap om klimaendringar. No går vi saman om å arrangere ein nasjonal konferanse om klimaomstilling. Korleis skal vi planleggje for eit endra klima, kva inneber det grøne skiftet i praksis, og korleis skal Noreg bidra til å følgje opp Paris-avtalen? Dette er sentrale tema på konferansen i Sogndal 3. – 4. mai, med spennande innleiarar som Helge Drange frå Bjerknessenteret, Kristin Halvorsen frå CICERO senter for klimaforskning og Karen O’ Brien frå Universitetet i Oslo. Vi tjuvstartar 2. mai med klimaekskursjon frå Sogndal til Fjærland, og innlegg om korleis klimaendringar påverkar landbruket og klimautstillingar ved Bremuseet og elevar frå UWC.

Eg oppmodar alle som er interesserte i klimaomstilling om å setje av desse mai-dagane, og delta i drøftingar om viktige tema som handlar om framtida vår!

Ikkje slå ut jorda med oppvaskvatnet

Av Christian Rekkedal, Publisert onsdag 17. februar 2016

NRK Brennpunkt hadde 16. februar eit program om endringane i norsk husdyrproduksjon, mellom anna auka bruk av kraftfôr, nedgang i jordbruksareala og attgroing i fjord- og fjellbygdene. Vi kjenner oss att i problemstillingane. Spørsmålet er om dette berre er ei utvikling vi må akseptere fullt ut, eller om vi kan gjere noko med det.

Litt om utviklingstrekka her i fylket:

  • Talet på bruk er redusert med 23 prosent frå om lag 3900 i 2004 til 3000 i 2014
  • Produksjonsvolumet på mjølk og kjøt er derimot nokolunde stabilt – det har altså skjedd ei kraftig effektivisering i primærproduksjonen.
  • For mjølkeproduksjonen har vi satsa på ei modernisering for å halde oppe volumet og for at kyrne skal kome frå båsfjøs til lausdrift. No er 40 prosent av kyrne i lausdrift og 25 prosent av mjølka i svært moderne robotfjøsar.

Det er mange og dyktige bønder som har satsa stort på framtida, og effektivisering er naudsynt for både lønsemda og matprisane. Det er viktig i seg sjølv å halde oppe matproduksjonen nasjonalt, og lokalt for å halde foredlingsbedriftene med råvarer. Dei tre største er Tine på Byrkjelo, Nortura i Førde og Nordfjord Kjøtt i Loen.

Men denne utviklinga har også negative sider:

  • Jordbruksarealet har blitt redusert, dvs. at meir av produksjonen skjer på grunnlag av kraftfôr frå inn- og utland.
  • Fulldyrka jord har gått ned med 16 prosent i perioden 2004 – 2014, frå nesten 300 000 til 250 000 dekar.  Nesten 50 000 dekar fulldyrka jorda har blitt beitemark eller gått ut av drift.
  • Talet på sau og lam på beite har også gått ned i denne perioden, frå om lag 220 000 til 190 000 dyr.
  • Denne utviklinga fører til attgroing både i utmarka, på heimebeita og av den mest tungdrivne dyrka jorda.

Kva er løysinga?

  • Vi bør prøve ut metodar og sortar som kan auke grovfôrproduksjonen på Vestlandet.
  • Det trengst meir kunnskap om og meir stimuli til betre drift av jorda. Grøfting er sterkt undervurdert som eit godt tiltak for både redusert avrenning, mindre utslepp av klimagassar og betre avlingar.
  • Betre samarbeidsløysingar for å lage felles beitemark på (små) innmarksteigar som er i ferd med å gro att.
  • Støtte til dyr på beite er eit effektivt tiltak.

I det komande arbeidet med forenkling av støtteordningane i jordbruket, må vi ikkje «slå ut jordbruksareala med oppvaskvatnet». Forenkling må balanserast med målretting. Det er naudsynt med differensierte støtteordningar til t.d. bratt areal og beitebruk på inn- og utmark. Jordbrukspolitikken er visstnok vanskeleg, men det er fullt mogleg å styre og stimulere dette slik at vi oppnår målsettinga om eit levande landbruk over heile landet.

Bur du på barnevernsinstitusjon? Slik når du oss!

Av Line Pedersen Døsen, Publisert tysdag 9. februar 2016

Førre veke melde NRK at Landsforeningen for barnevernsbarn meiner det er for vanskeleg for barn i barnevernets omsorg å klage. Fylkesmannen vil gjere det så lett som mogleg å få hjelp. Difor kan du nå oss på både på SMS, telefon og e-post.

Barnevernet skal sikre at barn og unge som har det vanskeleg heime, får hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal dessutan medverke til trygge oppvekstkår for alle barn og unge. Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste.

Fylkesmannen kjem på tilsyn på alle barnevernsinstitusjonar minst to gonger i året. Det vil seie at to eller tre som jobbar hos oss kjem på besøk til institusjonen. Vi treng informasjon frå barna som bur der når vi skal vurdere om dei får forsvarleg omsorg.

Auge

Du som bur der har rett til å få snakke med oss saman med andre eller åleine – om spørsmål du har rundt opphaldet på institusjonen. Viss du bur i ei anna avdeling enn den vi besøker denne dagen, kan du be personalet køyre deg slik at du får treffe oss som kjem på besøk frå tilsynet.

I tillegg kan du alltid ta direkte kontakt med oss. Institusjonen eller barnevernstenesta skal hjelpe til med å kontakte oss dersom du ønskjer det.

- Ring oss på telefon 57 64 30 00 og be om å få snakke med nokon som jobbar med barnevern.

- Send ein SMS til 970 35 428. Hugs å skrive TILSYN før meldinga di, og hugs å skrive kven du er.

Til dei som bur i barnevernsinstitusjon deler vi ut denne brosjyren når vi er på besøk:

Vi vil gjerne treffe deg (nynorsk)Vi vil gjerne treffe deg (bokmål)