Arkiv for januar 2016

Tillit – ein avgjerande ressurs for det norske samfunnet

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert tysdag 26. januar 2016

Saman med mellom andre British Council og Den amerikanske ambassaden i Romania, er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane partnar i eit demokratiprosjekt i Romania, sett i gang av organisasjonen Expert Forum. Prosjektet heiter Active Citizenship – a powerful instrument for enforcing rule of law in Romania, og er støtta av EØS-midlar og midlar frå Konrad Adenauer Stiftung.

I september 2015 og januar 2016 har eg halde innlegg for lærarar frå heile Romania på School for Democracy i Sinaia, for ungdomskuleelevar frå tre skular i Bucuresti og to skular i Timisoara, og for ein demokratiorganisasjon i Timisoara. I tillegg var eg, saman med minister for offentleg samråd og dialog Violeta Alexandru og statssekretær Radu Puchiu, hovudinnleiar på eit ope seminar i Bucuresti for journalistar, demokratiforkjemparar, statstilsette og andre. Mitt tema har vore dei norske reglane for medverknad i offentlege prosessar, innsyn og ordningar for å hjelpa svake grupper.

Teksten held fram under biletet.
Gunnar O. Hæreid - demokratiprosjekt Romania

Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid held innlegg om demokrati og tillit. Foto: Expert Forum.

Inntrykk frå andre land gjev grunn til å reflektera over kva som er bra med det norske samfunnet. Viktigaste lærdommen eg sit att med etter to turar til Romania, er kor grunnleggjande viktig tillit er for Noreg. Ei undersøking frå World Values Surveys (eit FN-organ) referert i  Sunnmørsposten viser at Noreg ligg i toppen i verda i tillit mellom privatpersonar. Ei undersøking frå OECD viser det same for tillit til styresmaktene.

Somme forskarar meiner at tillit er ein viktigare ressurs for oss enn oljen. Berre tenk på kva samfunn me kunne ha hatt dersom ikkje det store fleirtalet hadde ei grunnleggjande tru på at lover og reglar skal haldast, at skattar og avgifter går til felles gode, at korrupsjon er uakseptabelt, at avtalar om økonomiske verdiar skal haldast, og at politikarar og offentleg tilsette er til for å skapa eit betre samfunn.

Mangel på tillit gjer at me må ha vasstette system som fangar opp misbruk. Dersom Noreg hadde hatt ein lågare grad av tillit måtte til dømes Riksrevisjonen ha svulma opp til mange tusen tilsette for å gå gjennom kvar minste handling forvaltninga gjorde. Forvaltninga måtte i sin tur, for å få gjort like mykje, ha mange titusen fleire for å leggja til rette for Riksrevisjonen. Og kor mange skulle kontrollert Riksrevisjonen?

I ei perfekt verd er kontrollordningar forstyrrande tidstjuvar. Men diverre skjer det misbruk, også i vårt samfunn. Rett nok laut nokre av tilhøyrarane i Romania trekkja på smilebandet då eg gjekk gjennom nokre av sakene som har vore omtalte i norske media siste åra med skuldingar om korrupsjon. Deira korrupsjonssaker er av eit heilt anna kaliber.

Kunsten er å finna balansen mellom kontrollsystem som sikrar at misbruk vert avdekt, og som samstundes ikkje gjev for stort effektivitetstap og byråkrati.  Offentleg forvaltning kan gjera sitt for å byggja tillit, ved å ta dei rette avgjerdene og sikra medverknad og innsyn i tråd med reglane. Kvar og ein av oss kan gjera sitt, ved å opptre ærleg og heiderleg.
Meir informasjon om prosjektet i Romania (informasjon på engelsk):

http://expertforum.ro/en/school-for-democracy-teaching-democracy-in-timisoara/

http://expertforum.ro/en/event/how-does-the-government-engage-in-communication-with-citizens-experiences-from-norway-and-romania/

Felling av jerv – brutalt, men nødvendig?

Av Nils Erling Yndesdal, Publisert onsdag 20. januar 2016

Gjennom NRK-serien «Villmarkas voktere» har heile folket fått innsyn i korleis Statens naturoppsyn (SNO) «tar ut» jerv, inkludert jervehi med ungar.

Det er verkar brutalt å ta livet av ville dyr på denne måten. Samstundes har Stortinget lagt føringar på kvar beiteinteressene skal prioriterast og kvar rovviltet, m.a. jerv, skal prioriterast. I heile rovviltregion 1, som Sogn og Fjordane er del av, skal altså beiteinteressene ha første prioritet. Dette inneber at det hos oss skal vere låg terskel for å felle skadegjerande individ av dei store rovdyra.

Heilt sidan tidleg på 1990-talet, då rovviltet vart eit problem i fylket – spesielt i indre delar av Sogn, er det jerven som har vore den desidert største skadegjeraren.

Etter eit svært ille år i 2014 med rekordtap av sau på beite, vart heldigvis 2015 langt betre. Hovudgrunnen til betringa var at SNO tok ut heile seks jervar på ettervinteren 2015.

Dersom vi skal unngå store tap til jerv i 2016 og i åra framover, må bestanden av jerv haldast på eit lågt nivå. Det er frå i år sett i gong eit forsøksprosjekt i Indre Sogn med å gjere lisensjakta på jerv meir effektiv. Dette er nødvendig for at vi skal få felt fleire jervar under tilnærma ordinær jakt, og slik unngå at SNO må bruke helikopter til uttak av jerv og gjere hiuttak.

Sidan 1.januar 2015 har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vore sekretariat for rovviltregion 1. Frå 1.januar i år har vi fått nye medlemer i rovviltnemnda. Frå Sogn og Fjordane er fylkestingsmedlemene Aleksander Øren Heen og Helen Hjertaas oppnemnde. I slutten av januar skal nemnda ha konstituerande møte, der dei m.a. skal velje leiar av nemnda. Eg reknar med at den nye nemnda vil halde fram arbeidet med å forvalte rovviltet i region 1 slik at beitenæringa blir minst mogleg skadelidande.

Skuleresultat – ingen grunn til å kvile på laurbæra

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 5. januar 2016

Den store merksemda om skuleresultat dei siste åra, har gjort mange stolte over fylket vårt. Så lenge det har vore publisert statistikk om grunnskulepoeng og nasjonale prøvar, har Sogn og Fjordane lege i landstoppen saman med Oslo og Akershus. Den vanlege forklaringa er at elevar sine skuleprestasjonar heng saman med utdanningsnivået til foreldra, men dette gjeld ikkje for Sogn og Fjordane.

Mange nasjonale medium har sett søkelys på Sogn og Fjordane-paradokset. Nettartikkelen der kunnskapsministeren synte til Sogn og Fjordane, vart likt og delt på sosiale medium av svært mange frå fjordfylket.

Det er gjennomført eit stort forskingsprosjekt, Lærande regionar, for å finne forklaringar på kvifor elevane i Sogn og Fjordane presterer så mykje betre enn elevar i andre distriktsfylke. Her blir det peikt på fleire forklaringar, som ein sterk tradisjon for lærarutdanning, meistring av både nynorsk og bokmål, stort foreldreengasjement i skulen og ein sterk samhandlingstradisjon mellom aktørane på skulefeltet.

Kulturar og tradisjonar som ikkje vert haldne ved like, varer ikkje evig. Gode skuleresultat krev høg merksemd og hardt arbeid heile tida. I skuggen av forskingsprosjektet og alle lovorda om Sogn og Fjordane, har det vore ei utvikling som gjer at vi for all del ikkje må lene oss tilbake og bli for sjølvgode. Gapet mellom Sogn og Fjordane og det nasjonale snittet for skulepoeng, har vorte mindre. Fylket har halde seg på same nivå, men fleire andre fylke har løfta seg. Nasjonale prøvar syner at stadig fleire 5. klassingar i fylket, særleg gutane, er på det lågaste meistringsnivået i lesing. I fjor var 30,1 prosent av elevane på dette nivået, og vi er her blant dei dårlegaste fylka. Vi ser òg at det er store skilnader mellom skulane i fylket.

Leseforståing er ein grunnleggjande dugleik i alle fag, og det er heilt avgjerande at kommunane våre tek den negative utviklinga på alvor. Det må byggast ein kultur for å bruke skuleresultata til å betre undervisninga og til å lære av dei beste skulane, og kommuneleiinga må ha oversyn over stoda i skulane. Vi må aldri undervurdere kor viktig god leiing er, verken den faglege, administrative eller politiske leiinga av skulane våre.

KS, Høgskulen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte i 2012 programmet Den gode skuleeigar, med god deltaking frå kommunane og fylkeskommunen. Målet med programmet var å gje folkevalde og administrativt tilsette auka kunnskap og ferdigheiter i å styre skulane. Dette arbeidet, som starta i Sogn og Fjordane, har danna mal for tilsvarande program i mange andre fylke.

Sidan sist har vi fått mange nye folkevalde og nye administrativt tilsette, og vi planlegg difor ein ny runde med Den gode skuleeigar. Eg oppmodar alle kommunane om å melde seg på, og ber ordførarar og rådmenn om å prioritere å delta. Utan at vi held ved like den gode kulturen og fyller på med kunnskap, risikerer vi at det som i dag er Skulefylket Sogn og Fjordane, forvitrar.