Arkiv for november 2015

Asylsituasjonen: No må heile landet trå til

Av Anne Karin Hamre, Publisert måndag 9. november 2015

Den store asyltilstrøyminga sidan i sommar har sett heile forvaltninga på ein hard prøve. Utlendingsforvaltninga og særleg kommunane i Østfold og Finnmark er hardt pressa. Kapasiteten i akuttmottaka i aust og i nord er sprengd, og no må resten av landet takast i bruk til raskt å skaffe asylsøkjarar tak over hovudet. Alle fylkesmenn har saman med kommunane kartlagt innkvarteringsmoglegheiter. Likevel har ikkje dette gitt nok kapasitet. No har vi fått eit nytt oppdrag om å kartleggje bygg som kan gje plass til så mange som 1000 personar i ein akuttfase. Vi håpar på eit like godt samarbeid med kommunane i denne kartlegginga som den førre, og vi håpar kommunane og innbyggjarane i fylket forstår kor vanskeleg situasjonen er.

Kva tiltak som skal gjennomførast for å avgrense talet på asylsøkjarar på sikt, er opp til regjeringa og Stortinget å avgjere. Men vi pliktar å ta hand om dei som alt har kryssa grensene våre.

Nasjonale styresmakter har til no vore varsame med å bruke ordet krise. Uansett om vi nyttar omgrepet «krise» eller «ein ekstraordinær situasjon», krev asyltilstrøyminga handlemåtar vi kjenner frå beredskap og krisehandtering. På alle nivå er det trong for handlekraft, samordning og leiing langt utover det vanlege. Det treng kommunane, som no går inn i ei krevjande tid, med raske mottaksetableringar og heilt nye krav til busetjing og integrering.

Samstundes må kommunar i dei regionane som til no ikkje har vore vertskap for akuttmottak, forstå at trykket må fordelast. Ordførarar har ei ombodsrolle og kan stille kritiske spørsmål på vegner av innbyggjarane. Men ordførar og andre folkevalde har òg eit ansvar for å syne leiarskap og formidle den ekstraordinære situasjonen vi no er i.

Eg ber særleg om forståing for kor avgjerande det er at vi klarer å ta hand om dei einslege mindreårige asylsøkjarane. Pr. no er det etablert mottak for denne gruppa på Skei, i Sogndal og i Førde, og eit omsorgssenter for barn under 15 år i Florø. Fleire mottak er under etablering, og om kort tid kan det bety nær 500 fleire barn og unge i fylket. Når opphaldsløyve er gitt, treng dei ein kommune å bu i. Fleire vil trenge ein fosterheim. Eg håpar kommunane vil stille opp for desse barna.

Fylkesmannen kallar inn kommunane til telefonmøte førstkomande onsdag om asylsituasjonen. Dagen etter møter vi UDI, IMDi, Bufetat, Husbanken, Politiet, Nav, fylkeskommunen og KS til eit møte om korleis vi på regionalt nivå kan samarbeide til beste for kommunane. Vi har laga ein nettstad der vi samlar informasjon om asylsituasjonen. 16. og 17. desember inviterer vi kommunane til ei samling, der regionale etatar vil informere om asylmottak og busetjing av flyktningar. Sogn og Fjordane har gode tradisjonar for å løfte i flokk. No trengst det at vi hentar fram denne evna.