Arkiv for oktober 2015

Mjølkeproduksjon etter 2024?

Av Christian Rekkedal, Publisert fredag 30. oktober 2015

For mange mjølkeprodusentar har årstalet 2024 vorte eit trugsmål mot vidare drift. Då blir det innført eit generelt krav om at mjølkekyr skal vere i lausdrift og ikkje fastspent på bås. Forskrifta vart vedteken i 2004 med overgangsordningar på 20 til 30 år, alt etter alder på fjøsen.  Dette var bakgrunnen for eit møte på Skei 28. oktober der nesten 200 personar møtte, noko som i seg sjølv syner kor viktig temaet er.

Mjølkeproduksjonen i Sogn og Fjordane er svært viktig for både landbruket og leverandør- og foredlingsindustrien. Det har skjedd ei veldig effektivisering av mjølkeproduksjonen siste ti åra, med nesten halvering av tal mjølkebruk, auke frå 12 til 17 kyr i snitt per bruk, og der kyrne i gjennomsnitt mjølkar nesten 1300 kg meir per år. Det totale mjølkevolumet er likevel ganske stabilt på i overkant av 100 millionar kg mjølk per år. I denne perioden har vi også fått mange nye og store fjøsar med gjerne 40 til 50  kyr, lausdrift og mjølkerobot. Men per i dag kjem berre 40 prosent av mjølkevolumet frå lausdriftsfjøsar, og med dagens omleggingstakt kjem vi neppe høgre enn 70 prosent innan 2024.

Det kom fleire innspel på korleis dette kan løysast:

  • Ei dobling av investeringsmidlane til fleire nye lausdriftsfjøsar?
  • Betre finansiering for dei mellomstore mjølkebruka frå 25 kyr og oppover?
  • Satse meir på å auke den lokale grovforproduksjonen slik at fleire kan bygge nytt og større?
  • Endre landbrukspolitikken slik at bruksstorleiken vert betre tilpassa naturforholda?
  • Finne praktiske løysingar slik at også kyrne på bås kan få gå ut og lufte seg mesteparten av året?
  • Utsetje lausdriftskravet for dei minste bruka?

Vi må hugse at lausdriftskravet er grunngjeve med dyrevelferd. Kyrne har langt meir naturleg åtferd i lausdrift enn å stå bundne på bås frå hausten til våren. Dette er viktig for både kyrne, bøndene, styresmaktene og forbrukarane. Prioritet nummer ein må derfor vere at vi prøver å få flest mogeleg av mjølkekyrne over på lausdrift. Her er mange av forslaga frå Skei aktuelle.

Men vi må også finne andre alternativ for dei mange små og mellomstore mjølkebruka enn å enten bygge svært stort eller å stenge fjøsdøra. Ser vi tilbake på utviklinga av teknologi og drift dei siste tiåra, trur eg ikkje vi har sett alle løysingane enno. Luftegardar der dyra får gå ut på dagtid viss dei ynskjer det, kan jo vere ei mellombels løysing? Eller enklare ombyggingar til lausdrift i kombinasjon med manuelle og billegare mjølkestallar?

Her må praktiske bønder, veterinærar og andre fagfolk sjå kva som er mogeleg å få til, innanfor føremålet om god dyrevelferd og respekt for dyr slik det står fremst i dyrevelferdslova.

Bli med på dugnad for regnskogen!

Av Anne Karin Hamre, Publisert fredag 16. oktober 2015

18. oktober får du besøk av ein bøssebærar som ber om pengar til TV-aksjonen. I år går pengane til Regnskogfondet, som jobbar med å berge dei siste store områda med regnskog i verda. Sjølv om regnskogområda ligg lang borte frå oss, påverkar dei livet vårt meir enn vi kanskje trur.

Regnskogen pumpar varm luft frå ekvator opp til oss her i nord, og bidreg til å skape det klimaet vi kjenner. Regnskogen bremsar klimaendringane på grunn av evna til å lagre milliardar av tonn med karbon. Menneske over heile verda har fått behandling med medisinar som er laga av planter frå regnskogen. Dette biologiske skattkammeret rommar det desidert rikaste plante- og dyrelivet i verda, og 260 millionar menneske lever i regnskogområda.

Regnskog - Foto Antoine Hubert

No er regnskogen under hardt press. Gruvedrift, oljeutvinning, kvegdrift, vegbygging, kraftutbygging og palmeoljeplantasjar har gjort at dette eineståande økosystemet er vorte halvert i løpet av dei siste 50 åra. Konsekvensen er at viktige artar vert utrydda, klimaendringane skjer raskare og mange menneske misser livsgrunnlaget.

Når verda no opplever ei enorm flyktningkrise, vil mange kanskje tenkje at regnskogen er eit mindre viktig føremål å støtte. Men om vi ikkje klarer å stogge raseringa av regnskogen, bremse klimaendringane og dei verste scenarioa i FN sitt klimapanel slår til, vil det bli uleveleg i mange delar av verda som no er tett busett. Då vil vi oppleve ei klima-flyktningkrise av ufattelege dimensjonar.

Regnskogfondet jobbar med å redde dei siste store områda med regnskog i verda. Pengane frå årets TV-aksjon skal gå til konkrete prosjekt i Brasil, Peru, Indonesia, Papua Ny-Guinea og DR Kongo. H:M Kong Harald har synt stort engasjement i arbeidet for å berge regnskogen, og er i år høg beskyttar for TV-aksjonen. Folk i Sogn og Fjordane har tradisjon for å støtte sterkt opp om TV-aksjonen. Eg håpar de tek godt i mot bøssebærarane på søndag!