Arkiv for september 2015

Valdeltakinga er kjerna åt demokratiet

Av Dag Henrik Nygård, Publisert tysdag 8. september 2015

Storparten av menneska i verda bur i område der det i praksis ikkje er demokrati, og der mange ulike styresett rår. Vi er så heldige at vi bur i eit område der demokratiet har lang historie og sterke røter. Dette er ein føremon vi skal vere medvitne om. Med demokratiet fylgjer òg eit ansvar, plikta til å bry seg!

Sidan 1898 har det vore ålmenn røysterett for menn, og sidan 1913 har det vore ålmenn røysterett for kvinner. Tenk gjennom dette harde arbeidet og alle kreftene som har vore i sving for å kjempe dette fram, neste gong de set dykk til heime under valdagen. Kven skulle tru at denne fridomen for kvart einskilde menneske skulle føre til likesæle?

Demokratiet er tufta på eit syn om at kvart einskilde menneske skal vere like viktig, og politikarane skal vere representantar for folket. Bønder, fiskarar, handelsmenn, husmødrer og direktørar skal ha éi røyst kvar. Dei røystar på politikarar som fremjar deira sak, men då lyt ein nytte denne retten.

Om folk ikkje vil røyste fordi dette er friviljug, skal dei vere klare over at dette vil vere eit problem for heile demokratiet. Eit demokrati der ein stor part or folket ikkje røystar, er ikkje eit velfungerande folkestyre.

Politikk påverkar alle, anten dei er på skule, betaler skatt, arbeider, får trygd, skal setje opp bustad, kjøper varer eller bur på aldersheim. Alle vert råka av det politikarane avgjer. Om ein vil ha fungerande, levande lokaldemokrati, eit trygt samfunn og respekt for kvarandre, då lyt ein nytte røysteretten.

Likesæla står fram som det største trugsmålet åt demokratiet og folkestyret. Alle bør kjenne ei plikt, men mest eit ynske om å skaffe seg informasjon om kva dei ulike partia meiner. Det handlar om å finne eit parti som kan fremje dine eige interesser og grunnverdiar så godt som mogleg. Tak då det vesle steget og røyst på dette partiet, soleis at kommunestyret kan spegle innbyggjarane i kommunen og fylkestinget kan spegle innbyggjarane i fylket.

Kyrkjevalet er òg samstundes med kommune- og fylkesvalet. Her skal de velje representantar til soknerådet og til bisperådet. Desse skal take avgjersler, på vegner av oss, med verknad for oss. Er det då nokon grunn til at vi ikkje skal røyste? Nei, det handlar heile vegen om å skjøne korleis samfunnsstrukturen vår er bygd opp, og det minste ein bør kunne vente er at kvar og ein gjer sitt beste for å røyste ved val.

Ver ikkje ein likesæl person som sit heime, med dårleg samvit, heile valdagen. Det er denne dagen du har mest å seie for korleis lokalsamfunnet ditt vert i tida som kjem. Ver difor eit engasjert og stolt medlem i lokalsamfunnet. Ver snill å gjere deg nytte av røysteretten din, for ingen kan gjere dette betre enn du kan.

Godt val!

Gjestebloggar Dag Henrik Nygård er 21 år. Han studerer jus ved Universitetet i Bergen, kjem frå Florø og er ungsdomspolitikar i Sogn og Fjordane.

Frå bloggarkivet: “Godt val!”

Har du tid til ein flyktning?

Av Anne Karin Hamre, Publisert måndag 7. september 2015

Flyktningkrisa og bilete av desperate menneske på flukt over Middelhavet, vekkjer sterke kjensler. Når vi ser bilete av døde barn på strendene, er det vanskeleg å vere passiv. Mange reiser til Hellas for å hjelpe. Flyktningmottaka fløymer over av innsamla klede og leiker. Lag og organisasjonar samlar inn pengar. Det vert oppretta facebook-grupper der dei som vil bidra, kan melde seg.

Det er avgjerande at alt dette engasjementet vert møtt på ein god måte, og omsett til eit krafttak for flyktningar. Her må kommunar, frivillege organisasjonar og flyktningmottak på bana og fortelje korleis folk kan bidra. Mottaksleiaren for Jølster mottak har lagt ut ei konkret liste på facebooksida Refugees welcome to Sogn og Fjordane. Øvst på lista står menneskelege ressursar – menneske som kan setje av tid. Tid til å ta med nokon på fjelltur, bærtur, fisketur, spele kort og arrangere bakekveld.

Mange stadar har Røde Kors ei ordning med flyktningguidar, som er vegvisarar i lokalsamfunna for flyktningar. Vi veit at norsk- og samfunnskunnskap er avgjerande for integrering og arbeid. Men introduksjonsprogrammet gir ofte ikkje nok trening. Altfor mange flyktningar saknar nokon å snakke norsk med, og dei saknar hjelp til å knekke alle dei sosiale kodane som er sjølvsagde for dei som er fødde og oppvaksne i Noreg. Difor trengst det fleire møteplassar og menneske som har tid å avsjå.

Talet på einslege mindreårige asylsøkjarar som kjem til Noreg har auka sterkt i år. Vi har fått eit mottak for denne gruppa på Skei i Jølster, og 1. oktober skal eit mottak vere klart i Førde. Einslege mindreårige asylsøkjarar har rett på ein representant, som er ei form for verje. Fylkesmannen har ansvar for å rekruttere verjer. Dei som kan tenkje seg å ta på seg dette viktige vervet, må difor ta kontakt med oss.

Noreg må bu seg på å ta i mot eit aukande tal flyktningar framover. Når så mange no ønskjer å bidra, må kommunar, lag og organisasjonar fortelje kva som trengst og kvar folk kan ta kontakt. Bruk nettstaden, sosiale medium og media!