Arkiv for august 2015

Når det som ikkje bør skje likevel skjer

Av Haavard Stensvand, Publisert måndag 31. august 2015

Denne sommaren skjedde det igjen. Ikkje berre éin, men to gonger var det brann i vegtunnelar i fylket. Først Skatestraumstunnelen så Gudvangatunnelen. Media henta raskt fram historiar frå brannen i Gudvangatunnelen i 2013. Til Bergens Tidende fortel Frode Pedersen om korleis han og dottera Celine opplevde dramatikken: «Hadde eg ikkje halde ho i handa hadde eg mista ho. Me såg ingenting på grunn av røyken. Det einaste me høyrde var sporadiske skrik og bilar som krasja i fjellveggen».

Rapporten til Havarikommisjon frå mars i år seier at ingen personar har omkome som følgje av brann i vegtunnelar i Noreg, og at det kan gi inntrykk av at slike brannar ikkje er kritiske. Kommisjonen viser til at undersøkingane etter brannane i Gudvangatunnelen og Oslofjordtunnelen fortel noko heilt anna; trafikantane som vart fanga i røyken vart påført til dels svært alvorlege skadar.

I løpet av månaden skal vi evaluere korleis redningsarbeidet og krisehandteringa elles gjekk ved brannane i sommar. Evalueringsmøta skal først og fremst sjå på korleis samvirket mellom dei ulike aktørane fungerte. Erfaringa frå fleire uønskte hendingar viser at det her er eit forbetringspotensiale. Brannvesenet, helsevesenet og politiet må finne kvarandre, dele informasjon med kvarandre og etablere ei felles innsatsleiing. Og dei andre aktørane som har viktige roller under handteringa, t.d. den kommunale kriseleiinga, må òg ta del i kunnskapsdelinga. Det vert difor spennande å høyre korleis dette fungerte under dei to brannane.

Foto: Jon Kenneth Heltne
Bilde frå Brannen i Gudvangatunnelen for to år sidan. Foto: Jon Kenneth Heltne

Sjølv om det på to år har vore tre alvorlege hendingar i fylket, viser statistikken at det ikkje ofte er brannar i tunnelar. Problemet er at når det først brenn, kan følgjene verte svært alvorlege. Det er viktig at styresmaktene jobbar for heile tida å førebyggje tunnelbrannar, gjennom tekniske tiltak som gjer tunnelane tryggare, køyretøykontrollar m.v. På same måte må redningsetatane verte så dyktige som mogleg til å gjere sin del av jobben.

Eg meiner likevel at det er viktig å auke merksemda på den jobben som trafikantane sjølve må gjere når dei plutseleg kjem opp i ein tunnelbrann. I Havarikommisjonen sin rapport er det såkalla «sjølvredningsprinsippet» gitt brei omtale. I rapporten er det mykje god lærdom og mange råd som bør omsetjast i praktisk handling. Eitt viktig tiltak er å kunne gi informasjon til bilistar som er på veg inn i tunnelen, eller allereie er komne inn, om kva dei bør gjere. Vi bør få på plass eit moderne varslingssystem som kan gi informasjon og kommunisere med folk via SMS.

Saman med dei 65 andre som vart fanga i røyken i Gudvangatunnelen, overlevde både Frode Pedersen og dottera. Med stor fare for sitt eige liv gjorde redningsmannskapa ein fantastisk innsats for å redde folk. Tilfeldigheiter og flaks gjorde i tillegg sitt til at det gjekk bra. Det er viktig av vi tek lærdom av hendingane. Og det er viktig at vi ikkje baserer tunnelberedskapen på at tilfeldigheiter og flaks skal avgjere om det går liv eller ikkje.

Vestnorsk fjordlandskap – 10 år med verdsarv

Av Anne Karin Hamre, Publisert måndag 24. august 2015

I 2005 vart Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjordområdet og Geirangerfjordområdet -innskrive på Unesco si verdsarvliste. Bakgrunnen er den særeigne kvartærgeologien og at dei er mellom verdas vakraste fjordlandskap, med heilt eineståande kvalitetar. Sjølv ein innfødd vestlending som meg vert bergteken når eg ferdast i desse landskapa. Vestlandsfjordane er òg fleire gonger vorte kåra til verdas beste reisemål av National Geographics.

Verdsarv er den delen av verda sin natur- og kulturarv som har så stor verdi for menneska, at FN har bestemt at dei skal takast vare på slik at òg komande generasjonar skal få oppleve dei. Noreg har åtte verdsarvstadar. I vårt fylke har òg Urnes stavkyrkje verdsarvstatus. Å ha område som ekspertar har kåra til heilt unike i verdssamanheng i fylket vårt, gjer oss stolte. Men denne statusen forpliktar.

På tur opp den bratte Rimstigen frå Bakka ein sommardag, slo det meg kor travel båttrafikken nede på Nærøyfjorden var. Sognefjorden har mange fjordarmar som er langt fredelegare enn verdsarvfjorden. Turiststraumen gir inntekter og livsgrunnlag for dei som skal bu i verdsarvområda heile året, men set samstundes naturen og miljøet under press. Støy og ureining frå cruiseskipa er kjelder til irritasjon for mange fastbuande. Dei store selskapa prøver i aukande grad å få hand om guiding og transport på land.

Berekraftig turisme og besøksforvaltning var tema for eit seminar i Flåm førre veke, som samla deltakarar frå næring, politikk og forvaltning. Fanny Douvere, som koordinerer dei marine verdsarvområda hjå Unesco, og to representantar frå Glacier Bay i Alaska, vitja òg Nærøyfjordområdet. Glacier Bay har mykje til felles med Vestnorsk fjordlandskap. Dei imponerte med måten dei har stilt miljøkrav til cruiseselskapa, og krav om avgrensingar på trafikken. Vissa om at kvalitetane i Glacier Bay er i særklasse, gjer at dei let selskapa konkurrere om å få innpass. Deira utfordring er at cruiseselskapa har hand om heile verdikjeda, det er lite lokal involvering og verdiskaping, og ikkje heilårsbusetnad i området.

Noko av det som gjer det vestnorske fjordlandskapet så særmerkt, er at folk bur her og set sitt preg på landskapet. Slik må det òg vere i framtida. Vi må sikre at lokale verksemder får sin del av verdiskapinga frå turismen. Vi må aldri kome dit at lokalsamfunna vert tomme kulissar for turistindustrien. Men vi har noko å lære av amerikanarane når det gjeld sjølvtillit. Verdsarvfjordane våre er eineståande, og då må vi tore å stille krav til miljøomsyn og bruk av lokale verksemder.

Bilde av Nærøyfjorden frå Beitelen. Foto Tom Dybwad

Bilde av Nærøyfjorden frå Beitelen. Foto Tom Dybwad

Ta i bruk ungdommen!

Av Jørn Stenehjem, Publisert måndag 17. august 2015

I desse dagar er det mange nyhendesaker om mangel på læreplassar for ungdom. Dette gjeld både i fylket vårt og landet elles. I Sogn og Fjordane har vi dessutan utfordringar med at for få unge vel å etablere seg her i fylket. Derfor er det å kunne tilby arbeidserfaring viktig.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har i mange år teke inn lærlingar innan IKT-faget. Å ta inn ein ungdom krev litt av oss, men samstundes gir det mykje tilbake. Ungdomane kjem inn i organisasjonen med nye idear, eit anna brukarperspektiv og er som regel eit friskt pust både fagleg og sosialt.  Dette har vi gode erfaringar med. Vegen vidare etter læretida hjå oss har vore ulik frå person til person. Fleire har studert vidare, nokre har fått jobb lokalt og andre har freista tilværet med jobb i storbyen. Felles for alle er at dei etter å ha gjennomført læretida hjå oss, reiser ut i verda og kan vere med på å bygge eit positivt omdømme av ein arbeidsplass som har meir spennande arbeidsoppgåver enn det mange trur. Dette er viktig for oss når vi seinare skal rekruttere fagfolk innafor IKT.

Ein IKT-student sit framfor dei to skjermane og jobbar.

Foto Magne-Bjarte Hatlem, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Sommarjobbtilbodet DifiCamp i Leikanger har fått mykje merksemd og er eit døme på at det å satse på litt eldre ungdom kan vere ei god investering med tanke på omdømmebygging og rekruttering.

Hjå Fylkesmannen har to IKT-studentar nett avslutta sommarjobben sin. Vi gjekk mange rundar med oss sjølve før vi engasjerte ungdomane. Vi frykta at det ville ta mykje kapasitet hjå eigne tilsette. Vi var bekymra for ungdommane sitt kompetansenivå, og vi frykta at ferieavvikling ville gjere at studentane fekk for dårleg oppfølging. All frykt var ugrunna! Studentane våre var begge sogningar, men kjente ikkje kvarande frå før. Begge hadde ein bachelorgrad innan IT og er i gang med master-studium. Studentane fekk eit eige prosjekt å jobbe med. Dei måtte samarbeide om prosjektet og sjølve fordele oppgåvene. Ungdomane har levert langt over det vi hadde forventa. Fylkesmannen sit igjen med mange positive erfaringar:

  • Ungdomane har utvikla seg sjølve,  men og bidrege til auka kompetanse hjå våre eigne fagfolk
  • Ungdomane har utvikla ei IT-løysing som skal vidareutviklast av fagfolka våre i samarbeid med Kulturdepartementet.
  • Ungdomane er blitt kjende med interessante IT-arbeidsplassar i sitt heimeområde
  • Ungdomane reiser tilbake til studiemiljøet og er forhåpentlegvis med på å bygge eit godt omdømme av Fylkesmannen og IT-miljøet i Sogn
  • Vi har lært at dette er noko vi skal gjere meir av

Oppmodinga herifrå er klar : Ta i bruk ungdomen!