Arkiv for juli 2015

På tide å møtast på samvirkelaget?

Av Haavard Stensvand, Publisert måndag 6. juli 2015

Mange er opptatt av samfunnstryggleik og beredskap, og det er bra. Vi har eit samfunn der det i det store og heile er veldig trygt å bu. Det er likevel fint at mange jobbar for at det skal verte endå tryggare og trivelegare.

Sogn og Fjordane har vore gjennom mange alvorlege hendingar dei seinaste åra. Ein av dei viktigaste lærdomane er at det er svært viktig med eit godt samarbeid mellom aktørane som er involvert i handteringa. Aktørane må finne kvarandre når det skjer uønskte hendingar, dei må snakke saman og dei må finne løysingar saman. På beredskapsspråk heiter det samvirke. Fleire stortingsmeldingar har understreka samvirkeprinsippet som eit berande prinsipp for korleis vi skal jobbe med samfunnstryggleik i Noreg.

Samvirke og samarbeid på tvers av organisatoriske grenser

Merksemda omkring beredskapsarbeid gir seg òg utslag i at det vert arrangert mange store møte og konferansar om temaet. For dei som er ivrige til å reise på slikt, kan det verte mange og lange dagar i konferansesalar rundt omkring på norske hotell. Og så kostar det skjorta både å reise og å delta. Så langt i år er eg t.d. invitert til samfunnstryggleikskonferanse i Stavanger, DSB sin samfunnstryggleikskonferanse i Oslo og brannvernkonferanse i same by. Innimellom og før og etter har Nasjonal sikkerhetsmyndighet tilbode deltaking på sin tryggleikskonferanse, Direktoratet for nødkommunikasjon på Nødnettdagane og KFB på totalforsvarskonferanse. Og det må heller ikkje gløymast at NVE inviterte til beredskapskonferanse i Kristiansand i mai. Siste halvår vil heller ikkje mangle tilbod. Vi kan t.d. reise på lokal sikkerhetskonferanse (agendakonferansen) i oktober og redningskonferanse i september. Og så kjem sikkert Helsedirektoratet til å invitere til den årlege helseberedskapskonferansen.

Eg håpar og trur at samvirke er eit tema som har gått, og vil gå igjen på fleire av desse konferansane. På nokre konferansar har vi til og med her frå fylket fått lov til å dele nokre erfaringar om det temaet. Det ser likevel ut til at samvirke og samarbeid om å lage fagkonferansar ikkje er noko som står høgt på sakskartet hjå nasjonale styresmakter. Då min eigen sjef, Anne Karin Hamre, deltok på helseberedskapskonferansen i fjor, lanserte ho ein idé om at i år burde fagdirektorata gå saman og arrangere ein «samvirkelagskonferanse». Det ville ha vore eit flott høve til både symbolsk og i praksis å vise at statlege styresmakter evnar å jobbe saman på tvers av organisatoriske grenser.

Ideen er så god at han fortener å verte lansert igjen. Det einaste argumentet i mot som eg klarar å sjå, er at hotella ønskjer gjester, og transportselskapa passasjerar.  Ha ein god og samvirkeleg sommar!