Arkiv for juni 2015

Tillit er bra – kontroll er betre?

Av Per Steinar Stensland, Publisert måndag 29. juni 2015

Vaksinasjon er det mest effektive førebyggande helsetiltaket vi kjenner. Kommunen sine helsesøstrer reddar fleire liv og hindrar meir sjukdom enn kommunelegane. Vern om jobben deira ved å ta vare på det viktigaste arbeidsverktøyet – tillit.

Vaksinasjon førebyggjer. Eg fekk eit bevis på kor effektive vaksinane er da eg ein periode var lege i Botswana. Der var det mange menneskje med alvorlege polioskadar som du kunne sjå både i klinikkane og på gata.

Polioskadar vil seie forkorta og kraftlause lemmer, t.d. ein kort arm, eit bein som ikkje vil fungere. Det spesielle var at alle dei polioskadde var over femten år. Ikkje eitt av barna var skadd. Det var femten år sidan dei innførte poliovaksine.

Ikkje rart at folk slutta opp om vaksineprogrammet; dei kunne alle sjå med eigne auge at det hjelpte mot sjukdommar som dei frykta. Oppslutninga om barnevaksinasjonsprogrammet var derfor betre enn i europeiske byar på same tid.

I vinter har vi blitt minna om at oppslutning om barnevaksinasjonsprogram ikkje er sjølvsagt. Meslinger har brote ut både i  europeiske byar og i USA. Vi har også sett einskildtilfelle i Noreg. Når smitten er på plass, er det vaksinasjonsdekninga som avgjer om det skal bli eit utbrot.

Det er først når vi har nær 95 % dekning at samfunnet har «flokkimmunitet» som effektivt hindrar smittespreiing. Vi må derfor aktivt jobbe for å nå dette målet.

I vinter har mange argumentert for at barnevaksinasjon skal vere påbode. Dette vil vere å spele bingo med helsetenesta sitt adelsmerke, som er tilliten innbyggjarane har til helsetenesta.

Tillit er skjør. Tillit føreset at du trur deg sjølv. At du trur at samfunnet har tillit til deg. Trur  at pasienten får tillit til  informasjonen og argumentasjonen din.

Påbod høyrer heime på ein annan banehalvdel. Påbod er tvang. Tvang mobiliserer motkrefter som bidrar til at tillit forvitrar. Helsepersonellet blir vaktråd for eigne påstandar.

Vi må vere klokkeklare i kommunikasjon med folk flest: Tillit skal vere basis for samhandling med helsetenesta. Vi er faktisk overlatne til å bruke dialog i møte med barnefamiliar som lurer på om vaksine er trygt for barna.

Så enkelt, så vanskeleg.

Les meir om tillit, vaksinasjon og helse:

Elling Ulvestad. 2015. Vaksinasjon – tillit eller tvang? Oslo: Tidsskrift for Den norske legeforening.

Bioøkonomi – ikkje berre eit nytt moteord

Av Christian Rekkedal, Publisert tysdag 23. juni 2015

Bioøkonomi har dukka opp som eit moteord innan forsking, næringsutvikling og politikk. Det handlar om berekraftig produksjon basert på fornybare biologiske ressursar, det som veks i vatn, jord og skog – naturleg eller i styrte prosessar. Berekraftig utvikling har trippel botnlinje: både økonomisk overskot, miljø- og klimavenleg produksjon, og positiv sosial utvikling. Hausten 2014 arrangerte Forskingsrådet og Innovasjon Noreg den første store bioøkonomikonferansen her i landet.

Vår vestlege økonomi var naturbasert fram til om lag 1900, deretter oljebasert, og no kjem bioøkonomien etter kvart som vi må fase ut fossil energi dei neste femti åra. Vi skal ikkje gå tilbake til livet før forbrenningsmotoren, men bruke moderne kunnskap og teknikk for å halde oppe vårt moderne samfunn og velstand. 

Det er mange problem som må løysast, men det gir også spennande og nye moglegheiter:

  • Korleis kan enzym industrielt omdanne cellulose og anna uetande biomasse til sukker?
  • Alt som kan lagast av olje, kan også lagast av trefiber, men korleis gjer vi det industrielt?
  • Korleis lage biogass frå biomasse på ein økonomisk forsvarleg måte?
  • Kan datastyrte robotar drive lette landbruksmaskiner på åker og eng?
  • Kan vi lage husdyrfôr av algar og fiskefôr frå trefiber – «sitkalaks»?
  • Arealplanlegging – korleis ta vare på dei produktive areala for produksjon av biomasse?
  • Korleis berekne miljøkostnad som ein del av det økonomiske reknestykket?

Her er mange dilemma. Vi treng fornybar energi for å redusere klimaendringane, men samstundes er prisen på energi forholdsvis låg. Det gir ikkje motivasjon for å utvikle og drifte nye energikjelder. Korleis skal vi då kunne kome skikkeleg i gang med dette grøne hamskiftet?

Ingen har dei endelege svara på desse spørsmåla, men det skjer heldigvis mykje nytenking, og stadig fleire aktørar marker seg . Regjeringa skal lage ein nasjonal bioøkonomistrategi i løpet av 2015. Innovasjon Noreg satsar tungt på Grøn vekst. Universitets- og forskingsmiljøa har kome godt på banen, særleg i miljøet på Ås med Norges miljø- og biovitenskaplege universitet NMBU og det nyoppretta Norsk institutt for bioøkonomi NIBIO.

Kva utfordringar og moglegheiter gir dette for oss her i fylket?

  • For tradisjonelt landbruk som må produsere mat og trefiber med ny kunnskap og teknologi?
  • For oppdrettsnæringa, ei suksesshistorie innan biologisk produksjon, men som må unngå lakselus, ureining og sjukdomar?
  • For dei store skog og utmarksområda som no er i ferd med å gro att?
  • Kan industrimiljøa med lang erfaring i storskala effektiv produksjon, finne nye og framtidsretta produkt innan bioøkonomien?
  • Kan reiselivsnæringa som hovudsakleg er basert på naturopplevingar, bli berekraftig både i teori og praksis?
  • Korleis kan ein ta prinsippa for bioøkonomi inn i planarbeidet?

 Bioøkonomi er ikkje berre eit moteord, det er ein realitet og ei utfordring som har kome for å bli.

Mange vaksne slit med å kunne orientere seg i samfunnet

Av John Ole Vange, Publisert måndag 8. juni 2015

På grunn av dårlege ferdigheiter i lesing, skriving, rekning og bruk av IKT så har mange vaksne store utfordringar i dagleglivet.

PIAAC er den største internasjonale undersøkinga om dei vaksne sin kompetanse nokon sinne. Undersøkninga har målt kor gode vaksne i Noreg og 23 andre land er i lesing, talforståing og problemløysning med IKT.

Resultata syner mellom anna:

  • 400 000 vaksne i Norge manglar grunnleggjande ferdigheiter i lesing
  • 480 000 vaksne i Norge manglar grunnleggjande ferdigheiter i rekning (talforståing)
  • 800 000 vaksne i Norge manglar grunnleggjande IKT-ferdigheiter (problemløysning med IKT)

Bak tala er det einskildmenneske som har lågt utdanningsnivå. Dette gjer dei ekstra utsett ved endringar i arbeidsmarknaden og gir svak tilhøyrsle til arbeidslivet over eit livsløp. I dagens digitaliserte samfunn vil dei òg ha problem med å få utført naudsynte tenester.

Forsking syner at innbyggjarar med framandkulturell bakgrunn er overrepresenterte. Mange av flyktningane som er blitt busette i kommunane og har gjennomført obligatorisk introduksjonsprogram, har altså for dårlege grunnleggjande ferdigheiter.

For samfunnet er dette ei utfordring. Ein fersk OECD-analyse seier: « Norge må ta kompetansen bedre i bruk for å sikre konkurransekraften og velferden i fremtiden».

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen følgjer opp med å seie: «-Det finnes for mange eksempler på at folk med behov for å bedre sin kompetanse faller mellom to stoler. … Kompetanseutfordringen må løses lokalt».

Gjennom opplæringslova § 4A-1 har alle vaksne rett til grunnskuleopplæring. Opplæringstilbodet kan vere å få opplæring i ein eller fleire av dei grunnleggjande ferdigheiter. Ei slik opplæring treng difor ikkje å sikte mot vitnemål. 

Det er berre 42 prosent av norske kommunar som tilbyr opplæring i grunnleggjande ferdigheiter. I ei undersøking VOX har gjennomført, seier dei fleste kommunane som blir spurte, at den viktigaste grunnen til at dei ikkje tilbyr kurs i grunnleggjande ferdigheiter, er at det ikkje er etterspørsel.

Retten alle har til opplæring i grunnleggjande ferdigheiter, er lite kjent blant aktuelle deltakarar. Det er knytt mykje kjensler til å ikkje kunne lese, rekne og  bruke IKT på eit grunnleggjande nivå. Mange prøver å skjule dette for andre. Difor er det viktig at kommunane har gode rettleiingsrutinar og særskilt merksemd på denne gruppa. Det er som OECD-analysen seier, viktig for den enkelte. Men også for samfunnet er det viktig å heve nivået på grunnleggjande ferdigheiter hos dei vaksne som treng det.

Tre utfordringar for skrøpelege eldre

Av Per Steinar Stensland, Publisert onsdag 3. juni 2015

Norsk eldreomsorg er sannsynlegvis blant verdas beste. Men mange sjuke eldre får for mykje medisinar, dei er utsette for dårleg samarbeid mellom kommune- og spesialisthelsetenester og dei treng betre rehabiliteringstenester.

Sjølv om eldreomsorga vår er bra, er det mange sjuke eldre som får for mykje medisinar, er utsette for dårleg samarbeid mellom kommune- og spesialisthelsetenester og som treng betre rehabiliteringstenester. Foto: northlightimages/iStock

Foto: northlightimages/iStock

Mindre medisinar gjev betre helse
Ein norsk sjukeheimspasient får i gjennomsnitt ni ulike medikament. Mange får da mange fleire. Kvar og eitt av desse medikamenta er i hovudsak testa ut på unge menneske, og dei er testa ut eitt om gongen. Nokre av dei er livreddande. Gitt til gamle og sjuke, opnar likevel dette for biverknader og komplikasjonar i interaksjon mellom medisin, sjukdom og gamal kropp.

For legen skal det større mot og kompetanse til å avslutte bruk av medisin, enn til å føreskrive meir. Men det er vist at systematisk reduksjon av medisinbruk etter sjukehusopphald gir den gamle pasienten betre helse.

For pleiarane er det ei utfordring å sikre rett medisin til rett pasient, og vi ser at dette ikkje sjeldan sviktar. Pasienten får feil medisin eller feil dose.

Når skal det bli betre?

Svingdørspasientar – eit teikn på manglande samarbeid
Vi har tal på akutte reinnleggingar av eldre 30 dagar etter utskriving frå eit sjukehus. Rundt 12 til 18 prosent av utskrivingar fører til slik reinnlegging. Dette er tal som mellom anna skildrar svingdørsproblemet for pasientar som vert skrivne heim frå sjukehus for tidleg, før tenestene i kommunane er klare for å ta dei imot.

Desse eldre pasientane kan stå i fare for å bli kasteballar dersom systemet gløymer at samhandlingsreforma også er eit stort samarbeidsprosjekt. Mange helse- og omsorgsoppgåver ligg i grenselandet mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.

Ansvarsdelinga må løysast ut frå lokale vurderingar basert på fagleg kompetanse der aktørane tar omsyn til kvarandre slik at tenestene til den gamle heng saman.

Når skal dette bli betre?

Rehabiliteringssenter aukar funksjonsevna raskare
Rehabilitering er eit finmaska nett av tenester som spenner frå kvardagsrehabilitering i heimesjukepleien til høgspesialisert sjukehusrehabilitering. I samhandlingsreforma vil rehabilitering i større grad enn før bli overført til kommunane.

Førebels ser det ut til at mange kommunar prøver å løyse desse oppgåvene aleine og at dei i liten grad samarbeider. Men det er nyleg vist i ein norsk studie at rehabilitering i eigne interkommunale einingar gir betydeleg betre resultat for pasienten enn rehabilitering i sjukeheim.

Resultata viser at dei som blei rehabiliterte i kommunalt senter auka funksjonsevna med nesten det dobbelte samanlikna med rehabilitering i sjukeheim, og dette i løpet av om lag halve tida. Gruppa som blei rehabilitert på sjukeheim hadde større behov for heimetenester etter rehabiliteringa, enn den andre gruppa.

Bør ikkje dette få konsekvensar for organiseringa?