Arkiv for april 2015

Kjernejournal – livreddande helseopplysningar

Av Jacob Andersen, Publisert tysdag 21. april 2015

Veit du om at du no har din eigen kjernejournal?

1. mars 2015 fekk alle busette på Vestlandet eigen kjernejournal. Totalt har no om lag 1,5 millionar nordmenn eigen kjernejournal.

Kjernejournal er ein nasjonal elektronisk pasientjournal som er meint berre å innehalde livsviktige helseopplysingar. Kjernejournal skal bidra til å førebygge svikt i samhandlinga mellom dei ulike aktørane i helsetenesta – særleg i akutte situasjonar.

Før hadde du éin journal hjå fastlegen (og ev. tidlegare fastlegar), éin journal hjå alle dei ulike legevaktene der du har vore undersøkt og éin journal på alle dei ulike sjukehusa der du har vore undersøkt. Det var ikkje tilgang på tvers av desse nivåa. Dette betyr at fastlegen ikkje utan vidare kunne sjå kva sjukehuset har skrive og at sjukehuset ikkje utan vidare kunne sjå kva fastlegen har skrive. Dette systemet hadde til hensikt å verne personlege helseopplysingar, men auka samstundes risikoen for svikt i samhandlingssituasjonar.

Kjernejournal kan på mange måtar samanliknast med ei elektronisk utgåve av dei informasjonskapslane som mange personar med sjeldne sjukdommar ber.

Døme på livsviktig informasjon i kjernejournal:

- alvorlege allergiar (t.d. allergisk sjokk)

- alvorlege helsetilstandar (t.d. blødarsjukdom)

- alvorleg smittefare (t.d. hiv)

- alvorlege komplikasjonar under og etter operasjon

- implantat (t.d. hjertestartar, metallframandlekam)

- kontaktinformasjon til nærmaste pårørande (t.d. ektefelle, born, verje)

- livstestamente (t.d. reservasjon mot aktiv livsforlengande behandling ved alvorleg sjukdom)

- donorinformasjon

Kjernejournal kan sikre at alle som gjev helsehjelp, har dei opplysningane dei treng for å gi rett tilpassa hjelp.

Kjernejournal er tenkt som eit hjelpemiddel for helsepersonell ved akutte situasjonar. Kjernejournal inneheld difor også berre dei mest livsviktige helseopplysingane. Det er viktig å poengtere at kjernejournal ikkje er ein erstatning for vanlege pasientjournal hos fastlege, legevakt og sjukehus, men eit supplement.

Du kan velje å reservere deg mot å ha kjernejournal, og du kan velje å reservere deg mot å ha delar av kjernejournal. Dei fleste informasjonar blir lagde inn i kjernejournal automatisk utan at du treng gjere noko. Du har likevel sjølv tilgang til å redigere somme informasjonar.

Helsedirektoratet har oppretta ordninga med kjernejournal, som er ein elektronisk journal lagra på eit nasjonalt datalager. Tilgang får du på internett gjennom den nasjonale helseportalen Helsenorge. Du kan t.d. logge deg på ved hjelp av BankID, Buypass eller Commfides.

Du finn din eigen kjernejournal her.

Spedbarn treng ikkje nakkebehandling

Av Per Steinar Stensland, Publisert onsdag 15. april 2015

Det finst ikkje dokumentasjon for at nakkebehandling av spedbarn har effekt på «haldningsassymmetri» eller andre tilsvarande tilstandar. Barnelegeforeninga er bekymra for at behandlinga er grunnlaus overbehandling av spedbarn.

Nokre spedbarnsforeldre søkjer behandling for barnet hos fysioterapeut, manuellterapeut eller kiropraktor fordi barnet har «haldningsassymmetri», det vil seie at det til dømes har tendens til å halde hovudet skeivt eller fordi det ikkje har symmetrisk hovudform.  Slik haldningsassymmetri har i desse behandlarmiljøa fått namn som KISS eller KISS-KIDD.

Barnelegar på Haukeland sjukehus har uttalt til media at dei ofte møter foreldre med spedbarn som har fått feilaktig behandling hos manuellterapeutar. Også leiaren for fysioterapeutane si gruppe for manuellterapi er bekymra for behandlinga. Kunnskapssenteret i Helsedirektoratet vurderte i 2009 tilgjengeleg forsking på behandling av assymmetri hos spedbarn. Konklusjonen av denne gjennomgangen var at det ikkje finst dokumentasjon for at manuell behandling har nokon nyttig effekt.

Mor og barn

Nokre terapeutar har også behandla andre og meir alvorlege tilstandar, som til dømes forseinka utvikling og til og med Downs syndrom, på same måte. Terapeutar har også meint at spedbarn burde ha manuell behandling for å hindre at dei skulle få lærevanskar eller bli klossete seinare i livet, utan at dei har dokumentert diagnostisk eller terapeutisk kompetanse på desse felta.

Barnelegane ved Haukeland sjukehus har med denne bakgrunnen sendt bekymringsmelding til Statens Helsetilsyn. Fylkeslegen i Rogaland har pågåande tilsynssak mot ein terapeut for å undersøkje korleis spedbarn vert undersøkt og behandla for såkalla KISS, «feilfunksjon i nakken».

Vi vil åtvare foreldre mot å la spedbarnet sitt få behandling som ikkje har god dokumentasjon. Helsestasjonane har eit rettleiingsansvar på dette feltet.