Arkiv for mars 2015

Trygg planlegging og planlegging for å gjere det trygt

Av Haavard Stensvand, Publisert onsdag 25. mars 2015

Terrorangrepa 22. juli sette den nasjonale beredskapen veldig tydeleg på den politiske dagsordenen. I tillegg til terrortrusselen, er utviklinga både internasjonalt og nasjonalt prega av krigføringa i Ukraina og auka spenning mellom Russland og Vesten.

Både geografisk og mentalt er det langt frå krig i Donetsk og terrorangrep i Jemen, til dagleglivet i kommunane i Sogn og Fjordane. Utfordringane i våre lokalsamfunn handlar vanlegvis om heilt andre ting enn krig og terror. Når vi med jamne mellomrom ser stormar som herjar, elvar som fløymer over og vegar som vert stengde på grunn av skred, gir det likevel meining å snakke om trongen for å sikre ein trygg kvardag for innbyggjarane.

For Regjeringa er oppfølginga av kommunane sine plikter etter sivilbeskyttelseslova ein hovudstrategi  for å gjere lokalsamfunna tryggare. Kommunane skal ha ein overordna analyse av risiko- og sårbarheit (ROS-analyse), som skal  oppdaterast minst kvart fjerde år. Dei skal òg ha ein beredskapsplan som er ajourført til ei kvar tid.

Fylkesmennene fører tilsyn med at kommunane fyller opp desse krava. Lova er relativt ny, og her i fylket har vi enno ikkje hatt tilsyn etter den i alle kommunane.  I dei tilsyna vi har hatt, har vi sett at det ikkje berre har vore lett å få på plass ein ROS-analyse. I fleirtalet av kommunane har vi difor konkludert med at formelle krav i lov og forskrift ikkje er oppfylte.

Dette var den viktigaste grunnen til at Fylkesmannen tilbaud ti kommunar å vere med i eit læringsnettverk for beredskapsplanlegging. Nettverket vart gjennomført i 2012-2013, med fem samlingar. Vi fekk besøk av flinke foredragshaldarar innanfor mange ulike tema, og kommunane jobba med analyse- og planprosessar både under og mellom samlingane . Vi gjennomførte òg ei øving.

Vi har no vore på tilsyn i fleire av kommunane som deltok, og ved fire av fem tilsyn har vi konkludert med at ROS-analysen oppfyller krav i lov og forskrift. Vi meiner difor at nettverket fungerte bra, og at kombinasjonen av å rettleie tett, å drive tilsyn og å tilby øvingar gir gode resultat.

DSB offentleggjorde for ei tid sidan tala frå den siste kommuneundersøkinga. Direktør Jon Lea kommenterte denne ved m.a. å seie at han uroar seg over at mange kommunar ikkje har gjort gode ROS-analysar, og at dei ikkje har øvd beredskapsplanen. Eg er glad for Lea si understreking av at det er viktig å gjere gode ROS-analysar. Analysar gir viktig og nødvendig kunnskap for både å kunne førebyggje og å handtere uønskte hendingar. Og øving er viktig for å trene, og for å skaffe ny lærdom om korleis kriser kan handterast.

Gjennom tilsyna og annan kontakt med kommunane, ser vi at det er rom for forbetringar i analysar og planar. Men når fylket har vore råka av uønskte hendingar, seinast under flaumen i fjor haust, har vi òg sett at kommunane jamt over er veldig flinke til å handtere situasjonen. Dersom det ikkje var slik, hadde eg òg vore uroa.

Eg trivst i Sogn og Fjordane

Av Andreas Andersen Rusten, Publisert torsdag 19. mars 2015

Det var ikkje sjølvsagt at eg skulle flytte til Sogndal for å arbeide hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Eg er oppvaksen i distriktet utanfor Bergen, har studert rettsvitskap i Bergen og Cape Town, og har elles inga tilknyting eller familieband til fylket. Som jurist er dei største fagmiljøa å finne i dei større byane. Likevel tok eg sjansen, og eg har no budd seks månader i fjordfylket. Eg trivst i Sogn og Fjordane!

Før eg flytta nordover hadde eg danna meg eit bilete av eit traust og landleg fylke der folk bur langt frå kvarandre og livnærer seg av jordbruk og andre naturressursar. Innimellom dette skulle eg arbeide i ei byråkratiklynge i Leikanger kommune, og bu blant studentar i Sogndal. Det er i stor grad same inntrykk andre i omgangskretsen min utanfor fjordfylket har. Dette viser at fylket har eit image-problem å ta tak i.

Eg har eit årsengasjement hjå Fylkesmannen gjennom traineeprogrammet til Framtidsfylket. Her får eg erfaring frå dei ulike avdelingane og arbeidsoppgåvene som ligg til Fylkesmannen. På samlingane til Framtidsfylket arbeider vi både med sjølvutvikling og problemstillingar ein kan møte på som fersk arbeidstakar. Vi vitjar heile fylket, og møter både offentlege og private aktørar.

Erfaringane eg har gjort meg som tilflyttar og arbeidstakar er annleis enn kva eg på førehand såg for meg. Etter å ha budd her ei stund har eg fått erfare at fylket har mange dyktige fagfolk. Som nyutdanna jurist er det særs gjevande å kunne samarbeide med dyktige kollegaer i eit ungt arbeidsmiljø hjå Fylkesmannen. Med få innbyggjarar i fylket, kan vegen oppover karrierestigen vere kort og lærerik.

Eg vil også peike på kva private aktørar har fått til i fylket. Verksemder som Enoro, Ricco Vero, og Lerum leverer spanande og eksklusive varer og tenester. Vidare har gründermiljøet på Fosshaugane Campus gjort at Campus no skal utvidast for 50 millionar kroner for å leggje til rette for nye verksemder. Og du veit betalingsautomaten du nyttar på legekontoret? Den kjem ifrå Melin Medical på Sandane i Nordfjord.

Sogn og Fjordane scorar i landstoppen på undersøkingar som gjeld skulekarakterar, oppvekstmiljø og trivsel. Eit poeng frå arbeidskvardagen er mangelen av køkøyring både til og frå jobb. Som tilflyttar blir ein kjapt inkludert sosialt, og det er lett å finne seg til rette. Det er også kjekt og inspirerande at arrangement som Fjellsportfestivalen, Fres Festival, Vekao, og Malakoff Rockfestival blir stelt i stand.

Det er gjerne ein samanheng mellom det å ha det godt, og det å oppnå gode resultat i det ein driv på med. For min del er det  særleg nærleiken til den spektakulære naturen som er spesielt tiltrekkjande. Vi er privilegerte som har høve til å vandre på isbrear, padle i fjordane, klatre opp tinderekkjene i Jotunheimen, og gå ettermiddagsturar i natur som turistar betalar i dyre lag for å vitje.

Sogn og Fjordane kan ikkje konkurrere på dei same vilkåra ein gjer i dei største byane i landet. Vi må hugse på at det er mange grunnar til den auka sentraliseringa. Innbyggjarane ønskjer dei tenestene, arbeidsplassane, og sosiale tilboda som finst i byane. Ein må difor tore å satse på utvikling av dei naturlege sentruma som allereie finst i fjordfylket, slik at desse kan bli endå sterkare regionssentrum. Slik kan ein leggje til rette for ein attraktiv arbeidsmarknad, tilstrekkeleg med bustadar, og samstundes dekke sosiale og kulturelle behov. Desse elementa kan seljast i kombinasjon med dei gode oppvekstvilkåra, den gode trivselen, og den direkte nærleiken til naturen som særpregar fylket.

Raud suksess med smak

Av Bjørn Harald Haugsvær og Torbjørn Takle, Publisert onsdag 11. mars 2015

Det starta i år 2000. Verdas best bringebær, friske fram til forbrukar. Verdas beste morellar, direkte frå trea og til butikk. Så enkelt, og så vanskeleg.

Bøndene i Sogn og Fjordane dyrkar ¾ av bringebæra i landet og halvparten av morellane. Førstehands omsetningsverdi er på kring 120 millionar kroner, og når kunden kjøper produkta i butikken er verdien over 300 mill.

Kvalitet krev nøyaktig arbeid og god logistikk. For at regnet ikkje skal øydelegge kvaliteten, er det plastdekke over morelltrea og bringebæra står i plasttunnelar. Dette krev kapital, men det løner seg å ha kontroll med sommarvêret.

Bæra må kjølast ned innan ein time etter plukking. Under den automatiske sorteringa vert kvar morell fotografert 27 gonger for å sikre rett kvalitet til forbrukar. Resultatet er ferske og gode bær som held seg i over ei veke.

Dei gode bæra kjem av ei langvarig og målretta satsing. For 15 år sidan vart Programstyret for frukt og bær oppretta i Sogn og Fjordane. Her møttest produsent, varemottakar, forsking, rådgjeving og forvaltning. Heile verdikjeda sette seg mål om å bygge opp produksjon av ferske bær med høg kvalitet i butikkane. Det vart henta inn kunnskap gjennom:

- studieturar for å sjå kva andre hadde gjort og korleis utfordringar vart løyste under andre himmelstrok
- forsking for å løyse praktiske problem
- arbeid med å få kunnskap fram til den som skulle gjere jobben
- nøyaktig arbeid på jordet
- plukkehjelp i sesongen.
- logistikk med kjøling frå hage til butikk

Og mykje meir.

Bringebær frå Sogn og Fjordane. Foto: Torbjørn Takle, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Bringebær frå Sogn og Fjordane. Foto: Torbjørn Takle, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

I 2010 fekk gruppa delta i Arena, eit utviklingsprogram for klyngjer med bedrifter som arbeider langs heile verdikjeda. Så langt er dette einaste arenaprosjekt innan landbruk – i seg sjølv eit kvalitetsstempel, og eit løft for den vidare satsinga.

Suksess krev hardt arbeid. Vinteren 2012/13 var kald og tørr med store frostskader. Våren 2014 gav frost i bløminga. Ein varm sommar gav rask modning og vassmangel for plantane. Slike problem må løysast og alle må følgje same plan.

Suksess krev produktutvikling. Singelfrosne bringebær blir like fine etter opptining. I Vik produserer TINE bringebærjus og i Lærdal var det i 2014 prøveproduksjon med bringebærlimonade. Ved å redusere oksygeninnhaldet på lageret kan frukta halde seg frisk i nesten eit heilt år.  Nye sortar bringebær og morellar må prøvast. Noreg har utvikla ein ny pæresort som vert planta både i utlandet og hjå oss. Framande vekstar som aprikos, tindved og hyll blir også testa.

Ein del av avlinga er ikkje eigna for butikksal, og då er det avgjerande at vi har Lerum og Balholm. Desse industribedriftene er viktige for å sikre avsetnad for heile avlinga. Her vert det laga syltetøy, saft og jus med råvarer frå Fjordfylket.

Samarbeid mellom alle aktørane i verdikjeda og god forståing av kva marknaden ynskjer er nøkkelen til suksess. Kvar for seg er alle aktørane små, men samarbeid gjev styrke. Også på dette området.