Arkiv for februar 2015

Alle barn og unge har rett til eit godt læringsmiljø!

Av John Ole Vange, Publisert onsdag 25. februar 2015

Gjennom opplæringslova har elevane ein lovfesta rett til eit godt læringsmiljø. Med læringsmiljø meiner vi dei samla kulturelle, relasjonelle og fysiske forholda på skulen som verkar inn på eleven si læring, helse og trivsel. Det er også klare retningslinjer for korleis skulen skal gå fram dersom tilsette får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar.

Trass eleven sine rettar høyrer vi i media med jamne mellomrom om elevar som ikkje opplever eit godt læringsmiljø.

Arbeidet med eit godt læringsmiljø krev kontinuerleg merksemd frå både skuleeigar og skulen. Dette inneber at skulen må jobbe førebyggande, syte for at alle tilsette veit kva plikter dei har og setje i verk tiltak når det vert oppdaga  at elevar ikkje får oppfylt retten sin.

Sentrale myndigheiter har over mange år jobba for å redusere mobbing i norsk skule. Som del av det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet er Elevundersøkinga obligatorisk på 7. og 10. trinn og på første trinnet i vidaregåande skule. Elevundersøkinga kan nyttast frå og med 5. trinn. Men miljøet endrar seg ikkje med ei undersøking. Her er det viktig at skulen og skuleeigar tek tak i og følgjer opp resultata nøye, enten dei er «gode» eller «dårlege» for klasse, skule eller kommune.

Den første overordna analysen av resultata frå Elevundersøkinga 2014/2015 er klar, og NTNU har sett nærare på spørsmål om mobbing, krenking og arbeidsro. Samla sett viser undersøkinga ein positiv trend – nedgang i mobbing  og krenking og betring i arbeidsro. Detaljar for kvar skuleeigar (og skule) vert gjort kjende i mars. For den einskilde skulen skal ikkje resultata vera overraskande. Skulane har hatt tilgang til sine resultat frå det tidspunktet elevundersøkinga vart gjennomført. Det er ein føresetnad at skulen har analysert sitt resultat og alt er i gang med å jobbe for betring der det trengs.

Utdanningsdirektoratet har dei siste to åra gjennomført analysar av statistikk på nokre spørsmål i Elevundersøkinga for alle skular. Fylkesmannen har hatt dialog med aktuelle skuleeigarar og skular med bakrunn i resultata frå Elevundersøkinga. Det er frå Utdanningsdirektoratet også løyvd ekstra midlar som Fylkesmannen har nytta saman med nokre skuleeigarar for å setje i verk tiltak for å betre læringsmiljøet ved skulen. I tillegg er det oppretta eit eige rettleiarkorps som kan hjelpe skuleigarar til betre læringsmiljø. I tillegg er det utarbeidd informasjons- og hjelpemateriell som ligg på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

I Sogn og Fjordane følgjer vi dette opp på fleire måtar, mellom anna gjennom ei eiga samling om læringsmiljø i slutten av februar for rektorar og skuleeigarar. På samlinga vert det lagt opp til at vi skal kunne  lære av kvarandre. Målsetjinga er at innsats frå alle aktørar, uavhengig av rolle, skal gjere sitt for å sikre at læringsmiljøet for alle elevar er godt og såleis fremje helse, trivsel og læring!

På tide å ta grep om kommunereforma

Av Anne Karin Hamre, Publisert torsdag 5. februar 2015

Kommunereforma er no i full gang over heile landet. Her i fylket har det i haust vore mange samlingar med informasjon og diskusjon om reforma, både i felles formannskapsmøte og i dei enkelte kommunestyra. No går vi inn i ein ny og krevjande fase. Kommunane er i ferd med å gjere vedtak om kven dei skal utgreie samanslåing med, og så kjem prosessen med å utgreie korleis to, fem eller ni kan sameinast til ein kommune.

Det er ei rad vanskelege spørsmål som skal vurderast. Korleis kan tenestetilbodet organiserast i ein større kommune? I kor stor grad kan ein spreie funksjonar mellom dei gamle kommunesentra? Korleis sikre det lokalpolitiske engasjementet i ein større kommune med større avstandar? Er det aktuelt med kommunedels- eller grendeutval, og kva oppgåver og mynde skal dei i tilfelle ha? Korleis involvere medarbeidarar og tillitsvalde i prosessane? Kva skal namnet på den nye kommunen vere? Vegen mot ein ny kommune er ein rettleiar med aktuelle spørsmål og råd i arbeidet med å vurdere kommunesamanslåing.

Det er vanskeleg å sjå føre seg korleis min kommune vil bli om 50 år. Det er naturleg å vere oppteken av kva ein har i dag og kva ein vil misse ved ei kommunesamanslåing. Ofte er det mindre diskusjonar om fordelane ved ei samanslåing. Kommunar har ulike styrkar. Nabokommunar kan ha ulik folketalsutvikling, skilnader i inntekter og ulikt næringsgrunnlag. Kan det tenkjast at gevinstane ved å slå seg i hop og kople dei sterke sidene til ulike kommunar er større enn ulempene ved ei samanslåing? Kan ein ny kommune verte meir attraktiv for tilflyttarar og næringsliv og ei betre motvekt mot utflytting og sentralisering?

Nokre av kommunane våre har valt å gå breitt ut med mange moglege samanslåingsalternativ. Vårt råd til kommunane med mange ulike alternativ, er å raskt få avklart om dei andre kommunane er interesserte i å gå vidare med forpliktande utgreiingar saman med dei. Fleire enn to alternativ vert krevjande å utgreie, og er ikkje tilrådeleg.

Fleire regionar har engasjert ein prosjektleiar for det felles utgreiingsarbeidet. Samstundes inneber kommunereforma ein stor jobb for kvar kommune, som det må setjast av ressursar til. Ikkje minst med tanke på alle som skal involverast i prosessane framover; innbyggjarane, næringslivet, medarbeidarar og tillitsvalde. Fleire kommunar planlegg no folkemøte om reforma, og det er viktig at folk engasjerer seg i debatten om framtida til kommunen sin.

Fylkesmannen si rolle er å vere tilretteleggjar for kommunereform-arbeidet i fylka. Vi skal bidra med råd og rettleiing, men det er kommunane som eig og skal gjennomføre prosessane. No er det tid for å ta eigarskap og syne leiarskap.