Arkiv for desember 2014

Best i verda på elektroniske helsemeldingar?

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert måndag 8. desember 2014

Sogn og Fjordane har, som første fylke utanom Oslo, klart å få til eit heilskapleg og sikkert system for elektronisk utveksling av pasientopplysningar mellom sjukehus, legekontor og helse- og omsorgssektoren i kommunane. Dette har me fått til ved å bruka dei sterke samarbeidsstrukturane mellom staten, fylkeskommunen og kommunane, og kopla dette med høg kompetanse på IT.

Sogn og Fjordane blir stundom kritisert for å vera eit for lite fylke og å ha for små tettstadar til å kunna løysa oppgåver som krev høg kompetanse. Ofte handlar dette om mangel på kunnskap om kva me faktisk gjer her i fylket.

Førre veka kom det ei nyhendemelding om at Riksrevisjonen har peikt på at nasjonale målsetnader for elektronisk utveksling av helsemeldingar, ikkje er oppfylte. Kontroll- og konstitusjonskomiteen i Stortinget tok tak i dette 25. november, og ber Stortinget påleggja regjeringa å gjera greie for korleis ikt-utfordringane i helsevesenet skal løysast.

I Sogn og Fjordane var elektronisk utveksling av helsemeldingar på plass i juni 2014 for alle 26 kommunane.

Mange faktorar gjorde dette mogleg. For det første var IT-Forum Sogn og Fjordane ei viktig drivkraft i prosjektet. Gjennom IT-forum er både offentleg verksemd og privat næringsliv med på laget. Både Helse Førde og kommunane hadde frå før gode erfaringar med liknande mindre, samarbeidsprosjekt gjennom IT-forum.

For det andre tok kommunesektoren, både ved KS og pilotkommunane Florø og Stryn, ei førande rolle. Dei to kommunane nytte godt av samarbeidsforumet «Vestlandsløftet», der også Bergen, Stavanger og Karmøy tok del saman med Helse Vest. For kommunane som kom etter, var det avgjerande at to kommunar hadde vist veg og gjort seg ein del erfaringar.

For det tredje såg også den regionale staten, ved Helse Førde og fylkeslegen kor viktig prosjektet var, og gjorde sitt for å motivera.   

For det fjerde fekk fylkesprosjektet statlege fornyingsmidlar gjennom Fylkesmannen og regionale utviklingsmidlar gjennom fylkeskommunen, som finansierte halvparten av prosjekterings- og gjennomføringskostnadene til kommunane.

Sist men ikkje minst sat Vestlandsforsking både med høg IT-kompetanse og kompetanse i å driva innovasjonsprosjekt. Begge delar var avgjerande føresetnader for å koma i mål. Vestlandsforsking er også sekretariat for IT-forum.

Gong på gong viser det seg at når fjordfylket går saman og bestemmer seg for å gjennomføra noko som krev høg kompetanse og godt samarbeid, så får me det til. Me er truleg best i landet på elektronisk utveksling av pasientopplysningar i helsesektoren, og kanskje til og med best i verda?

Kjelde: Meldingsløftet Sogn og Fjordane – Små og tett på!