Arkiv for november 2014

Naturmangfald i fare – hjelper det med kunnskap?

Av Nils Erling Yndesdal, Publisert tysdag 25. november 2014

I FN-rapporten Global Biodiversity Outlook 4, som vart lansert under partsmøtet om naturmangfald i Sør-Korea i oktober, er konklusjonen tydeleg: Tapet av natur, artar og økosystem held fram, og det trengst ein stor innsats for å snu denne negative utviklinga.

Norge og dei andre medlemslanda i konvensjonen for biologisk mangfald, har vedteke 20 ambisiøse mål for å ta vare på naturmangfald og økosystem innan 2020.

Dette er et grunnarbeid for å sikre menneskenes eksistens og velferd. Det vil kreve innsats fra alle land og sektorer, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

I år er det fem år sidan Stortinget vedtok naturmangfaldlova. Med denne lova fekk Norge ei av verdas mest moderne lover om natur. Lova er viktig både for å ta vare på særskilt verdfull natur gjennom formelt vern, men også for å ta vare på naturmangfald i den daglege forvaltninga.

Ein ny rapport om praktisering av naturmangfaldlova  viser at lova fungerer som eit verkty for å ta vare på natur, og at det ikkje er store problem knytt til praktiseringa av lova. Rapporten viser likevel at det trengst noko klårgjering og presisering av reglane, og betre rettleiing om praktisk bruk. Det er vidare behov for meir kunnskap om kva slags naturmangfald som finst og verknader av tiltak på naturmangfald.

Kommunane er dei viktigaste aktørane for å planleggje og forvalte natur. Klima- og miljøministeren har i fleire saman­hengar under­streka kor viktig det er at forvaltning av naturen er basert på god kunnskap. Kunnskapsbasert forvaltning står svært sentralt både i natur­mang­fald­lova og i plan- og bygningslova.

Behovet for kunnskap om kvar naturverdiane finst må dekkast gjennom kartlegging. Naturtypar som er spesielt viktige for å ta vare på mangfaldet av artar og økosystem, blir kartlagde i eit eige program som alle kommunane i Sogn og Fjordane har vore gjennom minst ein gong. På nettstaden til Fylkesmannen, har vi eigne temasider med oversikt over kartleggingar av naturtypar og artar i kommunane.  Visste du at du her kan finne alle dei kommunevise rapportane om kartlegging av biologisk mangfald i perioden 1999-2012? Dette omfattar til no 36 rapportar. Og at vi i Sogn og Fjordane har fleire av dei naturtypane som har fått status som utvald naturtype, og som med det er omfatta av gode tilskotsordningar? Dette gjeld slåttemark, slåttemyr og hole eiker.

Fylkesmannen skal i dagane 26. til 28. november arrangere ei samling for kommunane der hovudtema er naturmangfald og planlegging i Sogn og Fjordane. Eg vonar at vi på denne samlinga får god dialog med fagpersonar og andre tilsette i kommunane som arbeider med arealforvaltning og anna forvaltning av natur.

Hipp, hipp, hurra for barnekonvensjonen som fyller 25 år!

Av Åslaug Krogsæter, Publisert onsdag 19. november 2014

Det er grunn til å heise flagg og blåse opp ballongar torsdag 20. november!  Då er det 25 år sidan FN vedtok ein eigen konvensjon for barn sine rettar. Sidan den gongen har 193 statar knytt seg til barnekonvensjonen. Dette har gitt han ein unik posisjon som eit felles grunnlag for arbeid med og for barn. Sjølv ratifiserte Noreg konvensjonen  i 1991, og han vart tatt direkte inn i norsk lov gjennom menneskerettslova i 2003. Samstundes vart det gjort endringar i ei rekkje andre lover for å synleggjere innhaldet i konvensjonen. Dersom det er motstrid mellom barnekonvensjonen og anna lovgiving, skal innhaldet i konvensjonen ha forrang. Barnekonvensjonen har slik fått ei svært sterk stilling i norsk rett.

Foto: Terje Trobe / NTNU SVT

Foto: Terje Trobe / NTNU SVT

Å ha rett er likevel ikkje det same som å få rett. Rettane er ikkje verdt meir enn papiret dei er skrivne på om vi ikkje oppfyller dei. Barn har eit særskilt behov for vern og omsorg, og dette er det vaksne som må gi dei. Omsynet til barnets beste skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle tiltak som gjeld barn. Staten er også forplikta til å etablere standardar for institusjonar og tenester for barn, i tillegg til å overvake at standardane blir følgde. Plikta omfattar alle institusjonar og tenester som t.d. fosterheimar, barnehagar, skular, helseinstitusjonar og straffeinstitusjonar.

Dette er grunnen til at Fylkesmannen  fører tilsyn med at skulane oppfyller elevane sin rett til eit godt psykososialt miljø. Kapittel 9a i opplæringslova handlar om elevane sitt arbeidsmiljø. Retten etter § 9a-1, som slår fast at alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring, er ein individuell rett. Det avgjerande i vurderinga av om retten er oppfylt, er verknaden miljøet har på den enkelte. Rektor og dei tilsette skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhøyrsle. Dei tilsette har eit ansvar for å gripe inn dersom dei oppdagar at ein elev blir utsett for krenkjande ord og handlingar. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak for å betre det psykososiale miljøet, skal skulen snarast mogleg behandle saka og gjere vedtak om korleis dei vil prøve å løyse saka. Her har både elevar og foreldre høve til å medverke, og om dei ikkje opplever at tiltaka er eigna til å løyse problema, så kan dei også klage til Fylkesmannen.

Barna er i lovverket sikra eit vern, men i det verkelege livet er det diverre framleis slik at ikkje alle får rettane oppfylte. Det hender at barn og unge blir utsette for krenkjande ord og handlingar utan at vaksne grip inn. Lat difor feiringa av barnekonvensjonen sin 25-årsdag vere ei påminning om at mykje er gjort for å sikre barn og unge sine rettar.  Arbeidet med å oppfylle dei må vi alle ta ansvar for, kvar einaste stund, kvar dag og natt!

Utan høgskulen stoppar fylket

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert måndag 10. november 2014

Høgskulen i Sogn og Fjordane utmerkjer seg med særs god gjennomstrøyming av studentar og god trivsel.  For fylket er likevel det viktigaste med høgskulen at så mange av dei som har fullført studium der, nyttar utdanninga si til å driva fjordfylket.

Kunnskapsministeren har sett strukturen for universitet og høgskular på dagsordenen. Bodskapen er at det er for mange universitet og høgskular i landet. Ut frå dette har alle universitet og høgskular fått i oppdrag å vurdera kven dei bør slå seg saman med.

Her som på dei fleste andre livsområde, er det sunt å tenkja nytt, på kva som kan gjerast for å få endå betre kvalitet. Og ofte er det fornuftig med større einingar. Få ønskjer å gå tilbake til slik det var før 1994, då fem høgskular i fylket slo seg saman til å bli Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Høgskulen har om lag 3 700 studentar og 300 tilsette. Både studentgjennomstrøyminga og forskingsaktivitetane er viktige, spesielt for vekstområda rundt Sogndal og Førde. Men høgskulen har store verknader for heile fylket. For rekruttering til dei grunnleggjande samfunnsfunksjonane er høgskulen ein avgjerande faktor, til dømes innanfor barnehage, skule, helse og omsorg.

Om lag 40 prosent av studentane på grunnutdanningane er frå fylket. Forskingsrapportar viser at ein endå større del, om lag halvparten av dei som utdannar seg ved høgskulen, buset seg i fjordfylket etter avslutta utdanning. Nesten 90 prosent buset seg på Vestlandet. For velferdsutdanningane vel heile  77,5 prosent å bli i fylket etter avslutta utdanning.

Grunntanken bak etableringa av distriktshøgskulane på 60- og 70-talet var nettopp å skaffa kompetent arbeidskraft for å utvikla distrikta. Så langt er grunntanken  godt oppfylt i vårt fylke.

Samstundes er det viktig at me har ein høgskule som lyttar til næringslivet og innrettar utdanningstilbodet ut frå kva arbeidskraft fylket treng. Etableringa av eit nytt ingeniørstudium i elkraft i 2013, der kraftbransjen tok initiativ og gjekk inn med økonomisk støtte, viser at høgskulen er i stand til å ta slike signal. Likevel kan det tenkjast at samarbeidet mellom næringslivet og høgskulen kan bli tettare.

Strukturen for universitet og høgskular skal no opp til nærare vurdering. Då er det avgjerande for framtida til fylket at dei kvalitetane Høgskulen i Sogn og Fjordane har, vert godt sikra i ein ny struktur. Dersom høgskulen ikkje er i stand til å dekkja det meste av etterspurnaden etter arbeidskraft  i offentleg og privat sektor, stoppar fylket.

Gir heilgardering betre beredskap?

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 4. november 2014

I dagane før storflaumane på Vestlandet førre tysdag, sende NVE ut både varsel om flaumfare og om jord- og flaumskredfare på oransje nivå for Sogn og Fjordane, og raudt for elva Vosso i Hordaland. Flaumane, og konsekvensane av dei, vart katastrofale. I ettertid har NVE fått kritikk i media for at dei ikkje sende ut varsel på raudt nivå i Sogn og Fjordane. Kor vidt eit raudt varsel ville ha ført til ein betre beredskap hjå kommunane, er noko av det evalueringsarbeidet må finne svar på. 

I mediesakene om varsling i dagane etter storflaumane, seier fleire ordførarar at det kjem for mange beredskapsvarsel frå statlege styresmakter. Vi har tidlegare fått liknande meldingar frå ordførarar og rådmenn, og vi forstår dei. Dei siste åra har det vore ein stor auke i omfanget av varslingar og rapporteringskrav.

Fylkesmannen tek i mot beredskapsvarsel og rapporteringskrav frå fleire ulike styresmakter, som skal formidlast vidare til kommunane. Vi formidlar òg meldingar om utfall i teletenestene. Før det kraftige regnvêret i dagane før flaumen, har vi dette året fått og formidla vidare om lag 30 varsel. Av desse var 12 varsel om fare for flaum eller jordskred på gult nivå, i eit år som har vore svært tørt fram til dei siste vekene.

Vi har vore i dialog med NVE om terskelen for når det skal gå ut myndigheitsvarsel via fylkesmennene og ut til kommunane. Framlegget vårt er at varsel om flaum og jordskred på gult nivå kan gå ut via yr.no, medan varsling via fylkesmennene først skjer når det er fare for hendingar som tilseier oransje og raudt nivå, og skjerpa eller stor beredskap. Vi vil òg ta opp omfanget av varsel og rapporteringskrav med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

I tida etter 22. juli-kommisjonen sin rapport har det vorte ei auka merksemd om risiko og beredskap. Det er bra. Rapporten utløyste òg ein debatt om forvaltningspolitikk.  Er det nok tillit mellom forvaltningsnivåa, eller er det frykta for å gjere feil som rår? Evnar den sentrale staten å skilje mellom stort og smått i sine føringar og rapporteringskrav?

Eg trur diverre ikkje at det har skjedd så mykje på dette området, trass alle fine ord om meir tillit og handlekraft. På beredskapsområdet ser det ut til å gå feil veg. Frykta for kritikk fører til at alle som har ansvar for å varsle om uønskte hendingar, heilgarderer seg. Det totale omfanget for kommunane vert uhandterleg. Risikoen er at varsla som strøymer inn på e-post og SMS blir oppfatta som søppelpost, og at det ikkje vert reagert raskt nok den dagen det verkeleg er krise.

Vi kjenner alle fabelen om han som ropte «Ulv! Ulv!» ein gong for mykje.