Arkiv for oktober 2014

Rovdyr og eller sau?

Av Christian Rekkedal, Publisert onsdag 29. oktober 2014

Stortinget har bestemt i Rovviltforliket at vi både skal ha freda rovdyr og beitedyr. Landet er delt inn i ulike soner med definerte yngleområde, prioriterte beiteområde, og nokre område der det skal vere både beitedyr og rovdyr. Dette er ikkje lett. Vestlandet skal vere eit prioritert beiteområde, men rovdyra les ikkje kart og kjem stadig på tokt vestover. I løpet av siste året er det dokumentert DNA frå minst ti ulike jervar i Indre Sogn, i noko som alltid har vore, og framleis skal vere, eit kjerneområde for beitedyr. Det ligg an til at minst 800 sau og lam er tapt på grunn av jerv. I tillegg har vi hatt besøk av ein ulv som har ført til store tap i Naustdal. Endelege oversikter over tapstala kjem kring nyttår.

No er det ikkje berre freda rovdyr som fører til tap av sau og lam på beite, men før vi fekk rovdyra tilbake var normaltapet i dei beste beiteområda på  berre 2-3 prosent. Det spesielle med rovdyrangrep er at dei er svært konsentrerte, ofte hjå nokre få bønder og i stort omfang. Dessutan skjer dei i nokre av dei aller beste fjellbeita i indre delar av fylket.

Det er nasjonale måltal for rovdyr, og sidan dei no ligg over dette nivået, er det opna for lisensjakt på både jerv og ulv. I tillegg gir Fylkesmannen på kort varsel fellingsløyve på skadedyr i beitesesongen. I våre kuperte fjellområde er det svært vanskeleg å jakte på jerv, både på berrmark og om vinteren. Lisensjakta for jerv er frå september til februar, og det skal på papiret vere den viktigaste bestandsregulerande jakta. Men jaktreglane er om lag like strenge som for vanleg storviltjakt, til dømes kan ein ikkje bruke lys eller hjelp frå motoriserte køyrety. Det er lov å bruke fangstboks som fangar dyret levande, men då med tilsyn både morgon og kveld og utan hjelp av snøskuter. Det er heller ikkje lov å bruke viltkamera som tilsyn. Med slike jaktreglar kan ikkje lisensjakta bli effektiv i fjellområda. Det er såleis positivt at klima- og miljøministeren har gitt signal om oppmjuking av regelverket – kan hende som eit prøveprosjekt i Indre Sogn?

Etter nok ein blodig beitesommar i Indre Sogn er spørsmålet kva som skjer før neste vår. Maktar vi å redusere talet på jerv i beiteområda? Kan saueeigarane sleppe dyra på beite nokolunde risikofritt? Eller vil det kome nye store jervangrep slik at Mattilsynet må gjere alvor av trusselen om å pålegge beitenekt og heimsanking?

Desse spørsmåla får vi stadig frå saueeigarane i Indre Sogn. Vi har ikkje gode svar. Men ein ting veit vi; held dette fram vil konflikten auke til skade for alle partar. Løysinga ligg truleg i større avstand mellom prioriterte yngleområde og beiteområde, kombinert med meir effektiv lisensjakt.  

Rovdyrforvaltninga har ikkje råd til å få skulda for at sauebøndene i dei beste beiteområda i Indre Sogn må gje opp, og beitenæringa har ikkje råd til å få skulda for å utslette alle rovdyr.

Kvar er kvardagskommunen din?

Av Anne Kristin Eitungjerde, Publisert tysdag 21. oktober 2014

Vi lever livet  vårt innafor ein heilt annan geografi enn før i tida, men kommunegrensene er stort sett dei same som for 50 år sidan.

Dei fleste av oss har eit forhold til staden vi er busett på – men kanskje eit litt fjernare forhold til sjølve kommunegrensa. Stundom veit vi ikkje kvifor grensa er trekt akkurat der ho går i dag. Var det trafikken på fjorden og manglande vegsamband som var årsaka, eller var det kulturelle band mellom bygdene som gjorde at dei skulle inngå i same kommune? Eller var det heilt andre omsyn som låg bak? Det vi i alle fall  veit, er at eit av hovudmåla med førre kommunereform på 1960-talet var å lage einingar som kunne handtere 9-årig grunnskule til alle born i Noreg. Verda har som kjent gått eit stykke fram sidan det.

Spørsmåla vi må stille i dag som innbyggarar i Sogn og Fjordane er: Er kommunen min i stand til å ta i vare mine og familien min sine behov – både i dag og om 25 år? Er kommunegrensa logisk for kvar eg lever mitt liv, og det eg forventar av ein kommune?

For å svare på dette må du tenke på samanhengen mellom kvar bur du, kvar du jobbar, kvar du handlar, kvar ungdomen din går på skule, kvar vennene dine bur og kvar du reiser på kulturelle arrangement. Med andre ord: Kvar og kva er kvardagskommunen din?

Strukturen i kommune-Noreg i dag vart laga for eit liv på 60-talet. 60-talet vil dei fleste av oss meine var i gamle dagar. No treng vi moderne kommunar som tek opp i seg livet vårt slik vi lever det no. Då må kommunen spegle heile livet, slik at han blir i stand til både å planlegge godt, og levere tenester som du og eg treng – både no og i framtida.

Dersom du gjer deg opp ei meining om kva som er din kvardagskommune, så kan det hjelpe kommunepolitikarane når dei skal vurdere om det er behov for trekke opp nye grenser.

Oppmodinga må bli at du let stemma di bli høyrt i tida som kjem, og fortel politikarane kva som er akkurat din kvardagskommune!

Vatn forandrar alt

Av Åslaug Krogsæter, Publisert tysdag 14. oktober 2014

TV-aksjonen 19. oktober går til Kirkens Nødhjelp og skal skaffe varig tilgang til reint vatn for over ein million menneske.

Pengane går til prosjekt i åtte land: Haiti, Afghanistan, Pakistan, Somalia, Sør-Sudan, Sudan, Etiopia og Tanzania. Kirkens Nødhjelp er allereie til stades i desse landa. Dei vil støtte lokalsamfunna ved å bore brønnar, lage system for oppsamling av regnvatn, avsalting av grunnvatn og andre tiltak som er tilpassa lokale tilhøve.

TV-aksjonen 40 år
Etter ein knallstart i 1974 har TV-aksjonen blitt ein folkekjær tradisjon. Om lag 100 000 går med bøsse frå dør til dør kvart år.  Sju milliardar kroner til hjelp for fleire millionar menneske, er blitt samla inn. 

I 1978 organiserte Brynjulf Loen, TV-aksjonsleiar i Sogn og Fjordane, innsamlinga i kommunekomitear. Det vart så vellukka så at TV-aksjonen framleis er organisert i 500 kommune- og bydelskomitear.

Det nyttar
-
Trygt og reint vatn er eit av dei første prekære behova som oppstår etter ein katastrofe
- Kirkens Nødhjelp jobbar med å skaffe tilgang til reint vann i 15 land på tre kontinent
- I 2013 skaffa Kirkens Nødhjelp 890 000 menneske tilgang til trygt vatn

Støtt årets TV-aksjon ved å melde deg som bøsseberar på blimed.no eller ring 02025.