Arkiv for september 2014

IKT-fylket Sogn og Fjordane

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert torsdag 25. september 2014

Den tjuande IT-forumkonferansen i Sogn og Fjordane står for tur i Førde 1. og 2. oktober. I år er velferdsteknologi, leverandørnettverk og breiband viktigaste tema.

IT-forum Sogn og Fjordane vart oppretta i 1995. Initiativet kom frå fylkesmann Oddvar Flæte saman med Jan Per Styve og Ivar Petter Grøtte frå Vestlandsforsking. IT-forum skulle vera eit breitt samarbeid og spleiselag for å fremja bruk av moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i næringsliv, offentleg sektor, opplæring og utdanning.

Sidan har IT-forum vore ein sterk pådrivar på området, og eit godt bilete på ein av dei viktigaste positive eigenskapane fylket vårt har; at me samlar oss for å nå felles overordna mål.

I representantskapet til IT-forum sit Helse Førde, Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Hydro Aluminium, Sogndal Fotball, Lerum, KS, høgskulen, fylkeskommunen, Vestlandsforsking, kunnskapsparken, Lotteri- og stiftelsestilsynet, Innovasjon Noreg, NHO og Fylkesmannen. Ingen andre fylke har fått til liknande samarbeid mellom næringsliv og offentleg sektor.

Sidan starten i 1995 har IT-forum stått bak mange satsingar, som til dømes:

  • - å vera pådrivar og koordinator for utbygging av breiband
  • - å vera pådrivar i opprettinga av nettstaden norge.no, som seinare vart kimen til Difi-avdelinga på Leikanger
  • - å fremja digitalisering av offentlege tenester
  • - å laga møteplassar for IT-verksemder på veg opp
  • - å stå bak eit formelle nettverk for leverandørar av IKT-tenester
  • - elektronisk utveksling av meldingar mellom legekontor, helse- og omsorgsteneste og sjukehus, der me sommaren 2014 som einaste fylke i landet har fått dette på plass i alle kommunar
  • - å fremja velferdsteknologi, altså å ta i bruk teknologiske verkemiddel for at eldre skal kunna bu lengre heime
  • - å auka bruken av IKT-verktøy i skulane
  • - å heva kvaliteten på nettsider i kommunane, mellom anna ved å leggja til rette for at innbyggjarane sjølve kan nytta tenester på sidene

Fylket vårt har mange spanande IT-verksemder på veg opp, til dømes Highsoft i Vik, Ocea Mercatus i Florø, Rocketfarm i Sogndal, Beat.no på Mjømna, Enoro i Dale, Avans i Dale, Melin Medical på Sandane, Serit Fjordane IT i Førde, Stryn, Gaupne og Sogndal, Bluefjords i Gaupne, LocalHost i Måløy, Gasta i Sogndal, Mediebruket i Førde, Enivest i Førde og på Sandane, Vik IT-Partnar i Vik, KvalitetsLosen i Høyanger og Agnitio i Årdal. I tillegg har Difi og Fylkesmannen landsomfattande oppdrag med digitalisering og med drift av nettsider for offentlege verksemder.

Til saman har fylket mange hundre høgkompetansearbeidsplassar innanfor IKT-næringa. Det er lita tvil om at næringa vil bli meir og meir viktig i framtida. På IT-forumkonferansen 2014 er alle velkomne til å ta pulsen på IKT-fylket.

Akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus

Av Per Steinar Stensland og Haavard Stensvand, Publisert tysdag 16. september 2014

Akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus er i endring. Forskrift for akuttmedisinske tenester er i ferd med å bli revidert, og det blir stilt nye krav til legevakt og AMK.

Kommunen har lovbestemt ansvar for å yte innbyggjarane akuttmedisinske tenester døgnet rundt, og må organisere tenestene sine etter dette. I høyringsframlegget frå Helse- og omsorgsdepartementet er såkalla førsterespondartenester tatt inn som eit mogleg tilbod i kommunane. Om lag 50 kommunar i åtte fylke tilbyr i dag slike tenester. Vi meiner at det er trong for å avklare og tydeleggjere fleire sider ved desse nye tenestene; kven har ansvar for at tenestene er fagleg forsvarlege, korleis skal utgiftene dekkast og korleis kan kommunane eventuelt organisere slike tenester som del av den lokale omsorgstenesta?

Ambulanse. Foto: Jan Fredrik Frantzen, UNN

Ambulanse. Foto: Jan Fredrik Frantzen, UNN

Den nye forskrifta aukar kravet til kompetansen til lege i legevakt. Vikarlegar representerer det største kvalitetsproblemet i distrikta. Den nye forskrifta gjer unnatak for kvalitetskravet til vikarlegar,  dersom dei skal fungere i kortare tid enn to månader. Vi meiner at dette ikkje er haldbart. Krava til kompetanse hos ambulansepersonell er også auka. I distrikt der det er få utdanna ambulansearbeidarar vil ein trenge noko tid på å kunne stette dei nye krava.

Forskrifta inneheld nye krav til AMK når det gjeld telefonresponstid og trippelvarsling (vidareformidling av varsel frå den sentralen som fekk meldinga først til dei andre sentralane). Vi meiner at AMK må spele ei rolle som koordinator for dei totale helseressursane som er involvert i ei akutthending, uavhengig av om personellet kjem frå  helseføretaket eller  kommunehelsetenesta.

For å få til ei best mogleg  samhandling mellom spesialist- og kommunehelsetenesta, er det viktig at aktørane får tilstrekkeleg trening og øving. Krava på dette området har langt på veg vore ein sovande paragraf i den tidlegare forskrifta. Vi meiner ansvaret for å planleggje øvingar må tydeleggjerast og leggast til spesialisthelsetenesta.

Vi har ved mange høve, t.d. under  Dagmar, sett  at infrastrukturen i samfunnet er sårbar og kan svikte som følgje av uvêr og andre påkjenningar. Vi meiner at det er nødvendig å tydeleggjere ansvaret som både  kommunane og helseføretaket har med å planlegge pasienttransport m.v. når vegane stenger på grunn av uvêr, eller når mobiltelefonen eller naudnett ikkje fungerer. Slik planlegging må nok uansett skje gjennom eit samarbeid mellom nivåa, og forskrifta bør gje begge partane eit tydeleg pålegg om å setje i gang eit slikt arbeid.

Den nye forskrifta tydeleggjer kommunane sitt ansvar for akuttmedisinske tenester. Forskrifta vil føre til eit høgare kommunalt utgiftsnivå for legevakt og akuttmedisinske tenester enn før. Forskrifta vil kunne verke sentraliserande på desse tenestene. Sett frå distriktsperspektiv kan  dette bety tapte lokale ressursar, og i nokre tilfelle til lengre veg til akuttmedisinsk spesialkompetanse og hjelp. Vi meiner at forskrifta bør følgjast opp med tydelegare formulerte krav til maksimal responstid for ambulansetenestene.

God lokal forankring av akuttmedisinsk arbeid er god distriktsmedisin. Utfordringa er å finne ei lokal utforming som balanserer ansvar mellom helseføretak og kommunar.

Framtidas barnehage utan onklar og tanter

Av Bodhild Therese Cirotzki, Publisert måndag 1. september 2014

«Gå og spør ei av tantene, du».  Vi skriv 2014 og  90 % av alle barn i Noreg går i barnehage, men vi har enno ikkje greidd å bli kvitt oppfatninga om at dei som jobbar der er onklar og tanter.

Dei fleste har onklar og tanter. Dette er personar vi har eit slektskapsforhold til og ofte nære relasjonar til, men svært få av dei jobbar i barnehagen.

Barnehagen legg til rette for læring av grunnleggande ferdigheiter som å forholde seg til andre, knyte kontakt og få venner. Barn lærer å bli sjølvstendige, uttrykke seg språkleg, forstå tal og mengde og å sjå heilskapen i naturen og miljøet rundt seg. Barnehagelova stiller krav til det pedagogiske innhaldet i barnehagen. Alle barnehagetilsette skal ha kunnskap om barn si utvikling og legge til rette for at barn og foreldre får den oppfølginga dei treng. Dette krev tilsette med barnehagefagleg utdanning.

Staten arbeider for å heve kvaliteten på barnehagetilbodet til det beste for barnet. Kompetanse for framtidas barnehage, strategi for kompetanse og rekruttering 2014- 2020  handlar om å rekruttere og behalde tilsette med barnehagefagleg og barnefagleg kompetanse. Kompetent personale er avgjerande for kvaliteten på barnehagetilbodet og ein god start i livet for barna.

Vi veit at det i framtida vil vere eit aukande behov for barnehageplassar og personale med rett utdanning og kompetanse. Heva status for yrket og eit  godt omdøme er avgjerande og viktig for å få fleire gutar og jenter til å velje barnehagen som arbeidsplass. Fleirtalet av dei som arbeider i barnehagen er kvinner. Regjeringa har som mål å få 20 prosent mannlege tilsette. Sogn og Fjordane ligg på 8,9 prosent, som er under landsgjennomsnittet.

Med prosjektet «gutar som leikeressurs» har Fylkesmannen som langsiktig mål å auke talet mannlege tilsette. Gjennom prosjektet får gutane jobbe i barnehage etter skuletid og i feriar. Gutane får rettleiing av ein tilsett som skal bidra til at gutane får innblikk i kva det vil seie å jobbe i barnehage.  Det har vore stor interesse for prosjektet, og i 2014 er det delt ut 230 000 kroner til 15 barnehagar i kommunane Årdal, Sogndal, Jølster, Eid, Fjaler, Solund og Selje.

Skal vi få fleire til å utdanne seg for arbeid i barnehagen, kan det første enkle skrittet vere å slutte å omtale dei tilsette som «barnehageonklar» og «barnehagetanter». Vi trur nemleg det er få som tenkjer at dei treng utdanning for å vere det.