Arkiv for august 2014

Rett svar i rett tid

Av Anne Kristin Eitungjerde, Publisert tysdag 26. august 2014

Fylkesmannen har gått gjennom kor lang tid vi brukar på å løyse og gi svar i sakene som kjem inn til oss. Resultatet er samla i serviceerklæringa vår. Det er naturleg nok ulik behandlingstid på ulike område, men oversikta vil enkelt vise deg kor lang ho vanlegvis er.

Fylkesmannen er oppteken av å gi god og rett informasjon om verksemda vår. Kvart år behandlar vi mange hundre saker som er viktige for minst like mange menneske. Vi har sjølvsagt som mål å vere både grundige og effektive i kvar enkelt sak, slik at folk ikkje bare får svar i rimeleg tid, men at svaret også er korrekt og forståeleg.

Sidan vi har mange saker til behandling, må vi til kvar tid gjere ei avveging av kor lang tid det er rimeleg å vente innanfor dei ulike områda – ut frå kor mange saker vi har til behandling og kor mykje dei vanlegvis hastar for den som ventar. Vi prøver så langt vi klarer å vere fleksible og behandle sakene raskare dersom det oppstår uventa behov for det.

Byråkratiet har kanskje tidlegare hatt eit rykte som litt treigt og nedstøva. Gjennom å gi informasjon om kva du kan vente deg, og ikkje minst kor lenge du må vente, ynskjer vi å bidra til ein positiv haldning  til og oppleving av det offentlege. Vi vil at du skal få vite kva vi kan tilby og korleis vi jobbar – og ikkje minst vil vi jobbe hardt for å halde det vi lovar. I vår bransje blir vi målte på kva vi til kvar tid klarar å levere, og det er difor viktig for oss å vere realistiske og etterrettelege i lovnadane våre.

Oversikta gir deg informasjon om kor lang tid det til vanleg vil ta å løyse saka di. Det kan hende vi må hente inn fleire opplysningar, eller det oppstår noko anna som gjer at vi treng noko lengre tid. Då vil vi kontakte deg. Du vil uansett alltid få melding frå oss dersom vi kjem til å bruke meir enn fire veker på å ta ei avgjerd.

Fylkesmannen er ein open organisasjon, og du kan når som helst ta kontakt med oss på e-post eller telefon dersom du har behov for det. Informasjon om kven vi er og korleis du får tak i oss finn du lett tilgjengeleg på nettstaden vår.

Behandlinga av saker hos Fylkesmannen er gratis, og vi gir deg sjølvsagt rettleiing innafor alle områda vi forvaltar dersom du treng det for å ivareta rettane dine.

Beredskap i sommarvarmen

Av Haavard Stensvand, Publisert onsdag 13. august 2014

Ein god grunnberedskap, med evne til å møte kvardagens kriser, er viktig for òg å kunne møte dei store katastrofane. Kommunane treng å verte betre, men har likevel jamt over ei imponerande evne til å snu seg rundt og fungere som kriseorganisasjonar

Vi er i ferd med å leggje bak oss ein sommar der beredskap igjen var det alle vart opptatt av. Så langt ser det ut som om vi vart spart for eit terrorangrep her i landet denne gongen. Ser vi oss litt rundt i verda har sommaren likevel vore alt anna enn fredeleg. Og trusselen som PST fortalde oss om i juli viser berre at fredelege Noreg er ein del av ei verd som ofte er alt anna enn fredeleg.

Eg ser at terrortrusselen m.a. førte til avisoppslag om beredskap i norske kommunar. Er kommunane førebudde på å møte terror? Har vi ein lokal beredskap for dette? Det ville ha vore eit alvorleg brot på både sunn fornuft og alle lover og forskrifter om teieplikt, om vi som arbeider med beredskap skulle fortelje korleis vi bur oss på dette i Sogn og Fjordane. Det er likevel uproblematisk å seie offentleg at den evna vi til ei kvar tid har til å møte kriser i dagleglivet, òg er svært viktig for evna til å møte dei store katastrofane når dei måtte kome.

Fylkesmannen driv m.a. kriseøvingar for kommunane, og gjennom tilsyn ser vi på korleis dei  oppfyller lov- og forskriftskrav om beredskapsplikt. Dei aller fleste kommunane har ein jobb å gjere med å lage gode nok risiko- og sårbarheitsanalysar. Mange treng òg å gjere forbetringar i beredskapsplanane sine. Trass manglar og trong for forbetringar, må eg likevel få lov å seie at eg er imponert over den evna som kommunane jamt over har til å snu seg rundt og starte arbeidet med krisehandtering når det skjer ting. Seinast no i helga var kommunane i sving for å bu seg på moglege konsekvensar av ekstremvêret som var meldt. Og  i Luster var ikkje vinden meir enn så vidt stilna, før kriseleiinga og psykososialt kriseteam vart tungt involvert i tragedien på Nigardsbreen.

Vi ser dette gong etter gong når det skjer alvorlege hendingar; ordførarane våre står fram i media og fortel med enkle og forståelege ord kva det betyr når små og store tragediar råkar lokalsamfunnet. Og så ser vi korleis kommunen er raskt på pletten for t.d. å ta seg av pårørande og evakuerte. Berre det siste året hugsar eg hendingar i Aurland, Sogndal, Årdal, Lærdal, Stryn, Solund og Luster. Ha meg unnskyldt de andre som eg ikkje kjem på akkurat no.

NRK kunne denne veka fortelje om forskingsprosjektet til NTNU-stipendiaten Silje A. Andersen. Ho skal vere i Lærdal og sjå på korleis lokalsamfunnet både var budd på ei katastrofe, og korleis det klarte seg då den faktisk kom. I følgje NRK er temaet for forskinga m.a. å sjå på korleis lokalkunnskap spelar inn på evna til å handtere alvorlege hendingar. I debatten om organiseringar av beredskap, der robustheit har vore dominerande tema, trur eg at det er viktig å sjå på kva lokalkunnskap betyr. Robustheit er viktig, men kanskje handlar det om mykje meir enn storleik og spisskompetanse. Lokalkunnskap og samarbeidsvilje- og evne er òg noko som gjer ein organisasjon meir robust.

Så får vi heller håpe på at vi aldri treng å prøve i praksis om vi er så robuste at vi er i stand til å møte eit terrorangrep òg.