Arkiv for juli 2014

Førarkort og helsekrav – er det ein menneskerett å ha førarkort?

Av Jacob Andersen, Publisert onsdag 2. juli 2014

Er du som folk flest syns du truleg det er greitt at det er strenge helsekrav til piloten som skal ta deg og familien din til Syden. Men kva om du er «piloten», og farkosten er privatbilen?

Du kan kanskje ikkje tenke deg eit liv utan førarkort. Infrastrukturen i Sogn og Fjordane gjer førarkortet viktig for dei fleste innbyggarane i fylket. Difor er det ikkje uvanleg at Fylkesmannen blir møtt med frustrasjon når vi kjem til at nokon må misse førarkortet fordi helsekrava ikkje er stetta.

Å ha førarkort er likevel ikkje ein menneskerett. I trafikken må du vere sikker på at medtrafikantane dine er skikka til å køyre. Difor er det krav til trafikkopplæring og praktisk prøve. Og difor er det helsekrav. Trafikkopplæringa og oppkøyringa må du vanlegvis berre bestå ein gong – helsekrava må du alltid stette.

IMG_1448

Men sjølv om du ikkje stetter helsekrava kan du likevel køyre dersom du har gyldig dispensasjon (unnatak) frå helsekrava. Fylkesmannen handsamar slike søknader og kan gje dispensasjon når vi vurderer at tilstanden ikkje utgjer ein særskild stor risiko i trafikken.

Er du i tvil om du er skikka til å køyre, må du oppsøke lege. Vurderer legen at du ikkje er skikka, skal han eller ho gi deg køyreforbod inntil vidare og sende skriftleg melding til Fylkesmannen. Å sende melding om pasientane sine kan vere vanskeleg. Somme helsepersonellgrupper er difor pålagde ei særskild meldeplikt som fritek dei frå teieplikta. Dette gjeld mellom anna i førarkortsaker.

Alle legar har meldeplikt når dei finn at ein pasient med førarkort ikkje stetter helsekrava. Mindre kjent er at denne meldeplikta òg gjeld for psykologar og optikarar. Meldeplikta gjeld skriftleg melding til Fylkesmannen og ikkje til politiet. Berre i tilfelle der helsepersonellet vurderer at du er til openberr fare for deg sjølv eller andre, kan helsepersonellet melde direkte til politiet.

Til sjuande og sist er kvar og ein av oss sjølv ansvarleg for å late bilen stå dersom vi har helseplager som kan påverke køyringa vår, med respekt for oss sjølve og medtrafikantane våre.