Arkiv for juni 2014

Inn på tunet gir velferdstenester

Av Karoline Aldis Bjerkeset, Publisert tysdag 24. juni 2014

Du har kanskje høyrt om Inn på tunet? Eller Grøn omsorg eller Grønt arbeid? Dei fleste av oss har høyrt om Inn på tunet i ein eller annan samanheng, og kanskje du har eigne erfaringar med det. Inn på tunet (IPT) er ei eiga merkevare som er definert som «tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gi mestring, utvikling og trivsel.»

Velferdstenesteproduksjon med utgangspunkt i garden sine ressursar har vore nytta i lange tider, og terapeutisk bruk av plantar og dyr kjenner vi frå historia med eigne gardar knytt til psykiatriske institusjonar.

inn-paa-tunet

Inn på tunet representerer ein ny måte å løyse tenestebehov på. Med endra utfordringar i velferdssektoren i framtida med nye brukargrupper, auka behov og krav om eit meir mangfaldig tilbod, kan Inn på tunet vere eit godt alternativ. Tenestene er fleksible, det er små tilhøve og fokuset er på mestring og positive opplevingar ut frå brukarens ståstad. Garden er ingen behandlingsstad, men ein stad der brukaren tek del i ordinære oppgåver og i samhandling med andre menneske. Ein legg ikkje vekt på sjukdomen eller dei utfordringar den einskilde måtte ha, men på fellesskapet.

Kommunane treng alternative tilbod. Ifølgje ein rapport frå Møreforsking frå 2012 er behovet aukande. Inn på tunet kan vere dette alternative tilbodet. Det er ei rekkje kvalitative studiar som syner at Inn på tunet har gode effektar innan både skule, psykiatri, rus og omsorg. NAV Østfold har nytta IPT i sitt arbeid i fleire år og såg mellom anna at på ein av gardane kom åtte av ti brukarar tilbake i jobb eller studiar. Dei arbeider no med å talfeste kva desse resultata betyr økonomisk for dei. Det viktigaste av alt er at den einskilde som tek del i eit godt tilrettelagt IPT-tilbod, får ein betre kvardag, men samfunnet vil òg kunne spare store summar.  

Eit Inn på tunet-tilbod kan medverke  til at elevar i fellesskap får oppleve garden som ein ny og spennande læringsarena, at ein elev ikkje vert ein del av fråfallsstatistikken, at nokon kjem seg ut att i arbeid eller får orden på eige liv. Inn på tunet kan og medverke til at den eldre brukaren med begynnande demens kan få utsett institusjonsinnlegging og i staden oppleve auka livskvalitet og helse i sosialt fellesskap med andre.

Det er i dag fleire kommunar i fylket som har Inn på tunet i sitt faste tenestetilbod.
Kanskje bør det bli langt fleire?

Eit framtidig inntektssystem tilpassa kommunereforma – viktig med kommunalt engasjement

Av Kåre Træen, Publisert tysdag 17. juni 2014

For å gje tenester til innbyggjarane får kommunane overført midlar frå staten gjennom eit inntektssystem. Systemet skal jamne ut ulikskap i utgifter og delvis kompensere for skilnader i skatteinntekter. Overføringane skal ta omsyn til om ein kommune er lett- eller tungdriven, og at det er store forskjellar på skatteinntekter mellom kommunane. Ei slik utjamning skal bidra til at alle kommunane blir sette i stand til å yte eit likeverdig tenestetilbod enten du bur i ein liten eller stor kommune. Systemet skal òg ivareta regionalpolitiske målsetjingar for busetnad og næringsliv. Dei største inntektene gjennom systemet er skatteinntekter og rammetilskot, omtalt som frie inntekter. Desse utgjer 76 prosent av dei samla inntektene til kommunane. For kommunane i Sogn og Fjordane utgjer frie inntekter i 2014 om lag 6 mrd. kroner.

Regjeringa vil gjennomføre ei kommunereform som skal føre til færre og større kommunar dei kommande åra. Kommunar som slår seg saman får eingongskompensasjon gjennom dekning av utgifter til sjølve samanslåinga og ei reformstøtte. I tillegg blir reduksjon av regionalpolitiske tilskot og basistilskot frå «gamal» kommune lagt inn i rammetilskotet til «ny» kommune. Dette inndelingstilskotet får den nye kommunen behalde i 15 år, før tilskotet blir trappa ned over fem år.

Når økonomien i  kommunereforma blir omtala, har det vore stor merksemd på dei nemnde økonomiske kompensasjonane.  Kva så med det store inntektssystemet?  I kommuneproposisjonen for 2015 står det at regjeringa legg opp til ein fullstendig gjennomgang av inntektssystemet fram mot 2017, og at gjennomgangen skal sjåast i samanheng med kommunereforma.  Kommunane kan nok ikkje rekne med at den samla ramma til kommunesektoren blir vesentleg auka. Endringar må då kome i ei omfordeling mellom kommunane.

Kva er viktig for kommunane i Sogn og Fjordane?  Halvparten av kommunane får småkommunetilskotet, til saman 74 mill. kroner. Åtte kommunar får  til saman 40 mill. kroner i distriktstilskot Sør-Noreg. Det er desse regionalpolitiske tilskota som inngår i inndelingstilskotet for kommunar som slår seg saman. Kjem dei regionalpolitiske tilskota til å overleve kommunereforma? Av kommunane våre er det berre seks som har skatteinntekter per innbyggjar som ligg over landsgjennomsnittet. Dei 20 andre ligg under landssnittet, noko som gjer at kommunane våre  i 2013 fekk ei netto inntektsutjamning på 123 mill. kroner 1 gjennom omfordeling av skatteinntekter. Graden på utjamninga og kor stor del skatteinntektene skal utgjere av samla inntekter, er derfor viktig for kommunane. Inntektene er og bestemte etter objektive kriteria, som skal utjamne om ein kommune er lett eller tung å drive.

Eingongsstøtte er eit godt bidrag til kommunar som vel å slå seg saman. Men det er likevel endringane i inntektssystemet som betyr mest. Ei omlegging får langtidsverknader, og har derfor mykje å seie for tenestenivået til innbyggjarane. Når gjennomgangen av inntektssystemet skal sjåast i samanheng med kommunereforma, blir det særs viktig at kommunane engasjerer seg og påverkar arbeidet med reforma!

1)      Kjelde: KS-prognosemodell

Robek-paradokset

Av Anne Karin Hamre, Publisert onsdag 11. juni 2014

Vi har no fem Robek-kommunar i Sogn og Fjordane. Kommunar som anten har eit budsjett eller ein økonomiplan i ubalanse, eit oppsamla underskot som ikkje vert dekt inn i løpet av to år eller ikkje følgjer vedteken plan for å dekke eit underskot, vert melde inn i Robek-registeret. Robek-kommunar treng godkjenning frå Fylkesmannen av lånevedtak, budsjettvedtak og av vedtak om å gjere langsiktige leigeavtalar.

Det er naturleg å tenkje at det helst er kommunar med tronge rammer som vert innmelde i Robek. Slik er det ikkje i Sogn og Fjordane no. Alle Robek-kommunane er kraftkommunar med inntekter høgt over gjennomsnittet. To av dei, Vik og Bremanger, har vore i Robek sidan 2008 som følgje av Terra-saka. Årdal kommune vart innmeld i 2013 fordi dei ikkje greidde å dekke inn eit stort underskot i løpet av to år, og hadde vedteke ein økonomiplan i ubalanse. Same år vart Lærdal kommune meld inn fordi politikarane hadde vedteke ein økonomiplan som ikkje synte dekning for alle utgiftene. Høyanger kommune vart innmeld i år av same årsak.

Desse tre kommunane har lite frie fondsmidlar, som kan tene som ein buffer når ikkje alt går som planlagt. Samstundes har vi fleire andre kommunar som trass lågare inntekter, har klart å setje til side pengar og opparbeide seg solide fond. Denne figuren syner kommunane sine inntekter korrigert for variasjonar i utgiftsbehov, og at det er store variasjonar i det handlingsrommet kommunane har – eller burde ha.

Diagrammet viser kommunanes frie inntekter inklusiv eigedomsskatt og konsesjonskraftinntekter, korrigert for variasjon i utgiftsbehov. Kjelde: Kommuneproposisjonen 2015.

Diagrammet viser kommunanes frie inntekter inklusiv eigedomsskatt og konsesjonskraftinntekter, korrigert for variasjon i utgiftsbehov. Raudt er Robek-kommunar. Gult er kommunar med økonomiske utfordringar, og grønt er kommunar med ganske sunn økonomi. Kjelde: Kommuneproposisjonen 2015.

 

Likevel har vi den paradoksale situasjonen at kommunar med nøkterne inntekter går i balanse, opparbeider seg frie fond, og klarer å skaffe seg eit handlingsrom, medan fleire av dei rikaste kommunane strevar med økonomien. Dette fortel at ein god kommuneøkonomi ikkje berre dreiar seg om pengar, men òg om god og langsiktig planlegging, kompetanse og leiing. Og ikkje minst – om politikarar som tek ansvar. Når politikarane vel å ikkje vedta framlegg frå administrasjonen om korleis kostnader kan kuttast eller inntekter aukast, er det politikarane sitt ansvar å leggje fram alternative tiltak for å få økonomien i balanse.

Etter gjennomgang av rekneskapa for 2013, får kraftkommunane mest sannsynleg selskap av fleire kommunar i Robek-registeret for Sogn og Fjordane. Utviklinga i kommuneøkonomien går med andre ord ikkje i rett retning i fylket vårt.