Arkiv for mai 2014

Skalte eller forvalte – er Noreg best på rettstryggleik?

Av Anne Kristin Eitungjerde, Publisert onsdag 28. mai 2014

Noreg er nyleg rangert som nr. 1 i verda på opa forvaltning. Kva betyr det, og korleis kan vi kjenne igjen denne gode plasseringa i din og min kvardag?

Organisasjonen The World Justice Project (WJP) spør 100 000 hushald og 2300 ekspertar i 99 land om deira opplevde rettstryggleik innafor åtte viktige område. Resultata vert samla i oversikta The WJP Rule of law index. Noreg er på topp når det gjeld  open forvaltning. Men, kva kjenneteiknar ei open forvaltning, og kvifor er det bra?

Kort oppsummert kan vi seie at det avgjerande for pallplasseringa er 1) stabiliteten i dei offentlege systema og lovverka våre, og 2) at det er lagt godt til rette for at du kan delta i prosessar som handlar om deg sjølv.

Foto: Oskar Andersen

Foto: Oskar Andersen

Vi er ofte vande til å peike på det som ikkje fungerer skikkeleg. Dette kritiske blikket pregar oss både som privatpersonar og  som tilsette i forvaltninga. Og sjølvsagt skal vi vere opptekne av at rettstryggleiken skal bli endå betre. I nokre saker er det ikkje tvil om at forvaltninga bommar stygt, og set både rettstryggleiken og tilliten til det offentlege i fare. Vi ser at det gjerne er dei som har vanskar for å tale si eiga sak og er avhengige av andre si stemme, nemleg borna, som i ein del tilfelle blir mest skadelidande og ikkje får oppfylt rettane sine.

Likevel er det slik at forvaltninga i Noreg heile tida leverer store mengder gode avgjerder og tenester. Det er berre å sjå på all aktiviteten i kommunane våre – det er ikkje lite dei tek hand om av stort og smått. Tilsette i alle ledd sikrar rettstryggleiken vår gjennom god publikumskontakt i ekspedisjonen, systematisk arkivering, trygg og effektiv saksbehandling og god styring av tenestene – kvar einaste arbeidsdag. Og no viser altså ei verdsomfattande undersøking  at det ikkje står så verst til her på berget.

Då meiner eg det er på tide å slå fast at

  • - kommunane og resten av forvaltninga i Norge gjer ein god jobb, og at
  • - arbeidet ikkje er ferdig med førsteplassen, forvaltninga er ikkje betre enn den siste avgjerda

Folketal i framtidsfylket

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert onsdag 7. mai 2014

I fjor vart det 265 nye innbyggjarar i fylket vårt. Ved årsskiftet var me 108 965 fjogningar. Me kan gle oss over folkeauke i Sogn og Fjordane for sjuande året på rad. Mindre gledeleg er det at me har lågast folkevekst i landet. Siste tjue år har me hatt ein folkeauke på 1,3 prosent, tredje lågast av fylka. Så lenge me har ein folkevekst under landsgjennomsnittet, vil kommunane våre tapa i rammeoverføringane frå staten.

Min påstand er at dei fire viktigaste faktorane som påverkar flyttestraumane i landet no, er:

Verdiskaping_sfj-          olje- og gassindustrien
-          offentlege arbeidsplassar
-          utdanningsinstitusjonane
-          kvar innvandrarar buset seg

Fylket vårt har noko å henta på alle desse. Så kva kan me gjera?

Noko handlar om politisk vilje. Noko handlar om privat initiativ. Noko handlar om idear. Noko handlar om å vera på rett stad til rett tid. Det finst ikkje sikre svar, men mange spørsmål:

 

Olje- og gass: Det er sagt at 33 prosent av landets olje- og gassressursar ligg utanfor kysten av fylket vårt. Kvifor blir det ikkje fastsett konsesjonsvilkår som sikrar meir verdiskaping her, på linje med det andre fylke har fått eller er førespegla? Me har også industri både i liten og stor skala, som lagar spesialutstyr i verdsklasse. Kvifor nyttar me ikkje meir av kunnskapen i olje- og gassektoren? Kva kjem etter oljen? Kan verdiskapingsplanen for fylket visa vegen?

Offentlege arbeidsplassar:  Fylket har få statlege arbeidsplassar samanlikna med ein del andre fylke.   Både gjennom Lotteritilsynet, Statens vegvesen region vest, Difi Leikanger, Nav økonomitenester og NVE region vest viser me at me kan levera tenester på linje med andre stadar. Kvifor får me ikkje fleire oppgåver?

Utdanningsinstitusjonane: Den store flyttestraumen ut frå fylket vårt er i aldersgruppa mellom 20 og 30 år. Truleg flyttar mange for å ta utdanning, utan ein klar plan om kvar dei skal bu, og så kjem dei ikkje heim fordi dei får seg nettverk andre stadar. Samstundes viser tala at av dei som studerer velferdsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, vel  77,5 prosent å bu i fylket etter avslutta utdanning.  I byane er det stort press på bustadmarknad og infrastruktur. Kan me ha ei arbeidsdeling mellom by og land, der høgskulane i distrikta tek seg av utdanningar på inntil tre-fire år, medan universiteta konsentrerer seg om forsking og lange embetsstudium?

Innvandring: Størstedelen av folkeauken i landet kjem frå innvandring, særleg frå EØS-området. Korleis kan me meir målretta dra nytte av og integrera arbeidsinnvandrar? Dessutan, kvifor tek ikkje fylket vårt imot fleire asylsøkjarar som får opphald, og kvifor blir ikkje fleire verande? Er det berre eit spørsmål om integrering, eller skal det også i sterkare grad takast i bruk verkemiddel som plikt til å ta imot, buplikt, arbeidstreningsplikt eller økonomiske fordelar?

For oss som bur her, er det i alle fall noko som er sikkert. Me har eit fantastisk fylke, med flotte folk, framifrå kompetanse, nydeleg natur, godt klima og rike naturressursar. Me skulle berre vore litt fleire.

Ordsky: Sogn og Fjordane fylkeskommune