Arkiv for april 2014

Hald Noreg reint! Bli med på Strandryddedagen 10. mai

Av Gøsta Hagenlund, Publisert måndag 28. april 2014

Tenk deg at du som 5-åring måtte ta på deg eit belte. Ikkje så rart, tenkjer du, det held buksa oppe og kan hende ser det fint ut. Men dette beltet må du ha på heile tida. Og det kan ikkje utvidast. Når du er 6 år vert det trongt. Når du er 8 år kan du ikkje ete så mykje, då det hindrar matinntaket. Når du er 10 år vert ryggraden bøygd. Om du ikkje får ta av beltet før du er 12 år, døyr du.

Tenk deg at medan du ventar på neste måltid, må du ete alle plastbitar du elles ser som liknar på maten din. Bitane kan vere så store at du kan bli kvelt, og dei kan sete seg fast i tarmsystemet ditt. Du kan likevel ikkje stoppe å ete før magen er vanleg full. Så får du ete maten din.

Dette er sanninga for fugl og andre dyr som døyr av marin forsøpling. Internett er diverre fullt av bilete av daude eller døyande dyr med store lidingar, ihelsvoltne, eller med avrivne lemmer. Kan hende døyr meir enn ein million sjøfugl årleg på grunn av plastsøppel. Og hundre tusen sel, oter, skjelpadder og niser døyr. Kor mange som set seg fast i garn eller vert forgifta av tilsetjingsstoff, veit ingen.

Måsekadaver i fjøra. Foto: Bo Eide/Hold Norge rent

Måsekadaver i fjøra. Foto: Bo Eide/Hold Norge rent

Den førre regjeringa omtalte marin forsøpling som eit problem ein må setje i verk meir systematiske tiltak for å løyse. Det er sett i verk tiltak for å hente fiskegarn og det vert arbeidd med internasjonale reglar. Men lite vert elles gjort utanom frivillig innsats. Eg finn få tiltak som kan forplikte industrien. Så då er det opp til frivillige organisasjonar, skjærgardstenesta (der dei finst), Statens naturoppsyn og du og eg.

Mange stader har grendelaget, velforeininga, lokale turlag, naturvernlaget, speidarane og andre organisert lokal ryddedag. Då ryddar dei tauverket frå oppdrettsanlegget, garnblåser, polske mjølkekartongar, Q-tipsen du skylte ut og tusenvis av andre små og større plastdingsar.

Her om dagen fekk Fylkesmannen kopi av brev frå ein kar som vil vere med å rydde i kommunen. Han ber om hjelp til ein søppelsekk og ein stad å få levert strandsøppelet. Kva kjem kommunen til å svare på det? Kommunen har ingen tilbod til organisasjonar og enkeltpersonar som set i verk tiltak. Kan hende set dei likevel pris på initiativet, og kjem med forslag til kven som kan hjelpe.  

For fleire stader er det von. Dei interkommunale avfallsselskapa Nomil og Simas vil hjelpe deg. Nordfjord folkehøgskule tok initiativ i fjor, fekk avtale med Nomil om søppelsekker, hentestader og “rydda ei strand” – ja, og meir enn det, ved Gloppefjorden. I Sogn vil SIMAS hjelpe speidarar og andre som spør, med mottak av søppelet. Det nyttar!

I år vonar Hold Norge Rent at 10 000 frivillige er med og ryddar ei strand. Har ikkje eit lokalt lag teke initiativ? Gjer det du! Meld interesse på www.holdnorgerent.no eller bruk fjesboksida Strandryddedagen. 10. mai er den store strandryddedagen i år. Delta, då vel!

Grunnlova på nynorsk

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert tysdag 8. april 2014

I samband med 200-årsmarkeringa av Grunnlova ligg det føre tre utkast til språkleg fornying, to på bokmål og eitt på nynorsk. Usemje i Stortinget om kva versjon på bokmål som skal veljast, bør ikkje stoppa vedtaking av ei jamstilt Grunnlov på nynorsk.

Det eine utkastet til fornying er ein konservativ bokmålstekst, utforma av språkprofessor Finn-Erik Vinje. Det andre er ein moderne bokmålstekst, utforma av eit utval leidd av jussprofessor Hans Petter Graver. Det tredje er ein moderne nynorsktekst, utforma av same utval. Alle tre utkasta skil seg mykje frå den gjeldande Grunnlova, som i hovudsak byggjer på dansknorsk språknorm frå 1903.

I vinter har det vore sagt at det er brei politisk semje om at dersom språket i Grunnlova skal fornyast på bokmål, må det også vedtakast ei jamstilt utgåve på nynorsk. No ser det ut som Stortinget ikkje klarar å samla seg om kva utgåve på bokmål som skal vedtakast, slik at det verken kjem ei ny utgåve på bokmål eller nynorsk.

Foto: Vidar M. Husby

Foto: Vidar M. Husby

Fremste innvendinga mot gjeldande språkdrakt i Grunnlova, er at ho er skriven på eit språk der berre juristar eller statsvitarar skjønar innhaldet. Kven andre veit i dag at «bør» eigentleg tyder «skal», og kva «boslod», «gesandter» og «stedse» tyder ? I utkastet til nynorsk utgåve vert desse omgrepa omsette med «formue», «sendemenn» og «alltid».

Det finst ingen rasjonelle grunnar for at manglande semje om bokmålsutgåva, skal gå ut over vedtakinga av utgåva på nynorsk. Snarare tvert imot. Dersom Grunnlova skal leva vidare i den gjeldande dansknorske språkdrakta, bør det vera særskilt viktig å vedta den nynorske utgåva i tillegg.

Det er godt dokumentert at klart språk i lovverket og i vedtak både fremjar folkestyre og folkeopplysning, og at det fører til innsparingar i byråkratiet fordi færre treng hjelp til å forstå. Både den førre og dagens regjering har satsa stort på klarspråk. Kvifor skal ikkje dette skal gjelda for Grunnlova, som set ramma for det norske folkestyret? Ei nynorsk utgåve av Grunnlova vil vera langt lettare å forstå for innbyggjarar i Noreg enn den gjeldande Grunnlova på 1903-dansknorsk.

Eg forstår heller ikkje argumentet om at to utgåver vil skapa for stor tolkingstvil. Det vil alltid oppstå tolkingstvil når lover skal tolkast. Mange av føresegnene i Grunnlova må tolkast på bakgrunn av den europeiske menneskerettskonvensjonen, som har offisielle utgåver på engelsk og fransk, og der det også finst ei «halvoffisiell» norsk omsetjing i menneskerettslova. Vanlege lover vert tolka på grunnlag av EU-direktiv, førearbeid til lovene, rundskriv, rettleiarar, rettspraksis og forvaltnings- og forretningspraksis. Den tolkingstvilen som ligg i å ha ein Grunnlov på ei antikvarisk språkform som svært få skjønar, vil heller bli mindre ved å vedta ei utgåve på moderne nynorsk.

Stortinget har no ein historisk sjanse til å oppfylla jamstellingsvedtaket frå 1885 i den høgaste rettskjelda i norsk rett. Diverre ser det til at sjansen blir skusla vekk, og det med støtte frå to stortingsrepresentantar frå fylket vårt der nynorsken nesten er einerådande.