Arkiv for mars 2014

Sårbare barn – sårbart barnevern

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 18. mars 2014

BTMagasinet hadde laurdag ein gripande artikkel om ein oppvekst prega av rus, vald og omsorgssvikt for tre søstre i Bergen på 70- og 80-talet, og kva skadar dei no slit med som vaksne. I same artikkel fortel forskarar at omfanget av barnemishandling er langt større enn det som vert fanga opp av det offentlege hjelpeapparatet. Omsorgssvikt og mishandling i barndomen aukar sterkt risikoen for psykiske problem og dårleg fysisk helse i vaksenlivet.

Mange såg omsorgssvikten dei tre søstrene vart utsette for. Men det tok lang tid før nokon greip inn. Det same ser vi diverre i mange andre saker. Sogn og Fjordane er ikkje noko unntak.

Sjumilssteget i Sogn og Fjordane handlar om tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid til beste for barn og unge. Eitt av innlegga på Sjumilsstegkonferansen førre veke handla om den viktige og vanskelege meldeplikta. Alle offentleg tilsette har plikt til å melde frå til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert utsett for alvorleg omsorgssvikt, vald eller overgrep. Diverre vegrar mange seg for å melde i frå, og dei som melder i frå ventar ofte for lenge. Det kjem få meldingar frå helsestasjon og barnehagar.

Mot til å seie i frå, betre kunnskap om regelverk og symptom hjå utsette barn er viktig. Samstundes er det avgjerande at dei som jobbar med barn og unge har tillit til det apparatet som skal handtere ei uromelding om eit barn som har det vondt. Kan vi vere trygge på at barnevernet har den kapasiteten som trengst?

Kommunane våre rapporterer om auke i talet på saker i barnevernet, og at sakene stadig vert meir alvorlege og komplekse. I desse dagar sender vi brev til mange kommunar som har brote tidsfristar i barnevernssaker. I 2013 hadde 19 kommunar brot på tidsfristar. Noko som betyr at det tek altfor lang tid å undersøkje saker som gjeld barn som har det vanskeleg. Om lag 70 barn mangla tiltaksplan, sju fosterbarn mangla tilsynsførar og
46 fosterbarn fekk ikkje godt nok tilsyn.

All forsking på området viser at tidleg innsats gjev betre utviklingstilhøve for barn i risiko. I denne stoda er det svært urovekkande at Bufetat brått varslar at dei vil leggje ned Sogn og Fjordane barn- og familiesenter, eit fylkesdekkande og statleg finansiert  tilbod der familiar med barn i alderen 0-3 år skal få hjelp. Grunnen er reduserte økonomiske rammer.

Dette handlar om dei mest utsette borna våre. Dei kan få varige skadar om dei ikkje får rett hjelp i tide.

Eg trur dei som jobbar i barnevernet står på som best dei kan. Men fleire stader høyrer vi om tidspress, sjukemeldingar og arbeidsmiljøproblem.

Ei god og stabil leiing er avgjerande for at barnevernet skal fungere. Samstundes må den øvste leiinga i kommunen vere tett på. Det gjeld både rådmannen og kommunepolitikarar. Teieplikt og fagleg autonomi er ikkje til hinder for at tilstanden i barnevernet kan vere drøftingstema i kommunestyret. Helst fleire gonger i året.

Barnekonvensjonen 25 år i 2014 – kan vi feire med godt samvit?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert måndag 10. mars 2014

Barnekonvensjonen vart vedtatt av FNs generalforsamling 20. november 1989. I 1991 ratifiserte Noreg, og i 2003 vart han tatt inn som ein del av norsk rett. Slik har staten også sikra at alle myndigheiter, enkeltpersonar og organisasjonar er direkte forplikta til å  gi barn og unge under 18 år eit særskilt menneskerettsvern. Konvensjonen inneheld følgjande hovudprinsipp:

- omsynet til barnets beste

- barnets rett til medverknad

- barnets rett til ikkje-diskriminering

- barnets rett til liv, overleving og optimal utvikling

Foto: Microsoft office
Foto: Microsoft office

Dette betyr at alle barn har rett til:

- helsetilbod

- omsorg og vern

- sosial tryggleik og tilstrekkeleg levestandard

- utdanning

- kvile og fritid

Det er likevel slik, sjølv etter 25 år med ein eigen barnekonvensjon, at mange barn og unge også i Sogn og Fjordane ikkje får alle desse sjølvsagte rettane oppfylte. Det kan vere mange som sviktar! Det kan vere mor eller far, ein slektning, ein lærar, ein idrettsleiar eller ei helsesøster. Alle har vi vel våre grunnar når vi sviktar, men ikkje alle grunnar er gode, og ikkje alle grunnar er akseptable. Foreldre kan svikte på grunn av sjukdom og rusmisbruk, men dei kan også svikte fordi dei er meir opptekne av eigne behov enn av barnet. Aller verst er det når dei som omsorgspersonar gjer seg skuld i overgrep mot eigne eller andre sine barn. Læraren kan svikte ved å ikkje leggje til rette for læring og utvikling, eller ved å ikkje sjå at ein elev har særlege behov. Ein fotballtrenar kan svikte ved å ikkje ta ansvar for å skape eit inkluderande  miljø. Ei helsesøster kan svikte ved å ikkje sjå symptoma på overgrep. 

Dei færraste sviktar med vilje. Foreldre kan ha store vanskar i eigne liv i periodar. Det kan vere  vanskeleg for mange av oss å sjå og forstå problema til barn og unge.  Mykje handlar om at vi manglar kunnskap og kompetanse, og mykje handlar om at vi ikkje samarbeider godt nok. Ei særleg utfordring er å kunne arbeide heilskapleg – på tvers av sektorar og fagområde. Vi må etablere eit tettare samarbeid mellom barnevern, helsestasjonar, barnehage, skule, politi og Nav, for å sikre at utsette barn og unge ikkje blir kasteballar mellom offentlege tenester. Vi må også skape ein kultur der ulike tenester deler kunnskap. Ikkje minst må det offentlege samarbeide med friviljug sektor og ha ein god dialog med barn og ungdom og foreldra.

Sjumilssteget – til beste for barn og unge, er eit prosjekt som vart etablert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Vi ønskjer i samarbeid med kommunane, fylkeskommunen, Nav, BUF-etat, helseføretaket, politiet og friviljuge lag og organisasjonar, å arbeide for at konvensjonen skal vere ei sterk rettesnor for  arbeidet vårt for og med barn og ungdom. Den 11. og 12. mars møtest meir enn 200 av oss til den andre sjumilsstegskonferansen i fylket, for å utfordre kvarandre på korleis vi kan samarbeide betre til barn og unges beste. De må gjerne følgje oss både på  nettstaden vår,  Facebook og Twitter !

Turvegar for alle

Av Bjørg Eikum Tang, Publisert torsdag 6. mars 2014

For lite aktivitet er eit alvorleg folkehelseproblem i heile den vestlege verda. Alle har behov for aktivitet, uavhengig av funksjonsnivå. Aktiviteten skjer helst i nærmiljøet.  Nærleik til turvegen er avgjerande for å fremje bruk blant fleire grupper. I Sogn og Fjordane har vi rikeleg tilgang på fin natur å vere aktive i. Femten kommunar i Sogn og Fjordane har hausten 2013 kartlagt universelt utforma og sentrumsnære turstiar.

I rapporten Sentrumsnære turvegar er kvar turveg presentert over to sider. Kvalitet og særtrekk er omtala i tekst, bilete og kart. Det er kommunen som avgjer kva ambisjonsnivå dei vel å leggje seg på. Målet er at kvar kommune skal ha minst ein godt universelt utforma turveg sentralt i kommunen.

Fylkeskommunen og Fylkesmannen har etablert ei tverrfagleg samarbeidsgruppe for prosjektet. Kommunane har vald ein kontaktperson og ein aktuell turveg. Asplan Viak AS har i samarbeid med kommunane og samarbeidsgruppa laga omtalen av dei 17 turvegane i rapporten. Planen er å halde fram med arbeidet, slik at alle kommunar i fylket har registrert minst ein universelt utforma turveg.

Ein turveg er eit tiltak for offentleg bruk med allmenn nytte.  Målet er at fleire skal ha reelt høve til å kome seg på tur, og kunne nyte eit aktivt friluftsliv. Å arbeide for eit aktivt nærmiljø er ein av strategiane i den regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Eit mål i planen er at alle bu-miljø har lett tilgang til eit aktivitetsskapande nærmiljøanlegg og eit enkelt friluftsliv. I Regjeringa sin Handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge for  2009 – 2013 var det ein visjon at Noreg skulle vere universelt utforma innan 2025. Både Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen deler visjonen.

Prinsippet om at universell utforming skal ivaretakast i all planlegging, vart frå 2009 innlemma i formålsparagrafen for plan- og bygningslova.

Ved utarbeiding av turstiar skal prinsippa for universell utforming  i størst muleg grad følgjast. Utforminga skal vere brukande og tilgjengeleg for personar med ulikt funksjonsnivå, og tilpassa eit vidt spekter av individuelle behov. Ho skal vere lett å forstå, også for dei med kognitiv svikt.

Det er naudsynt med god forankring og god planlegging for at tiltaket skal vere vellukka. Om det er private eller offentlege grunneigarar eller  initiativtakarar, vil kommunen uansett ha ei sentral rolle. For å sikre utbygging og bevaring må kommunen ta med turvegen i arealplan eller reguleringsplan. Ulike tilskotsordningar krev og kommunal forankring og godkjenning.

Fleire økonomiske støtteordningar vil kunne nyttast. Tilskot kan vere aktuelt for til dømes planlegging, anleggsbygging, drift, vedlikehald, utvikling og arrangement på og ved turvegar.

Når turvegane er på plass, er det berre opp til oss sjølve. Ein tur om dagen er godt for helsa!

Vi helsar jakta på tidstjuvar velkomen

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 4. mars 2014
Regjeringa har pålagt alle statlege verksemder å fjerne tidstjuvar i eiga verksemd til neste år, og å rapportere innan 1. september 2014 kva vi sjølve har tenkt å gjere. Dette er eit godt initiativ. Vi ser fram til å halde fram med å bidra til forenkle og fornye offentleg sektor.
I Difi-rapporten 2013:11 om direktorata si rolle i gjennomføringa av nasjonal politikk, vert det synt til at direktorata i perioden 2003-13 har hatt ein vekst i talet på tilsette med 23 prosent, og departementa 16 prosent. Fylkesmennene har lege stabilt,  trass i fleire oppgåver og auka forventningar. Difor har effektivisering og fornying lenge vore ein naudsynt del av kvardagen vår. Fylkesmennene har samarbeidd om å utvikle digitale løysingar, til dømes elektronisk løysing for fritt rettsråd og partistøtte. I desember 2012 vart nye fylkesmannen.no lansert, og 18 embete fekk nye heimesider til ein total prosjektkostnad av 3,7 mill. kroner. Eg trur ein skal leite lenge for å finne ei portalløysing for så mange verksemder til ein slik pris. Samstundes er det viktig å utvikle fylkesmannsportalen med fleire og betre løysingar for brukarane våre, t.d. elektroniske skjema.
På oppdrag frå Fornyingsdepartementet (FAD)  koordinerte vi i 2011 ei kartlegging og vurdering av nye elektroniske tenester som kan utviklast for fylkesmennene, både for å effektivisere eiga verksemd og levere betre tenester. Vi  håpar  Kommunal- og moderniseringsdepartement snart set av ressursar slik at vi kjem i gang med dette viktige arbeidet.
Oppdraget om å fjerne tidstjuvar gir òg rom for å peike på pålegg og regelverk som gjer oppgåveløysinga meir tungvint. Vi håpar at kommunane får same høve til å gje tilbakemelding. Det held ikkje å spørje statlege styresmakter enkeltvis om kva føringar og rapporteringskrav som kan kuttast for å frigjere ressursar til den eigentlege jobben med å yte gode tenester til innbyggjarane. Eit departement eller direktorat ser ikkje kvar for seg summen av krav og forventningar som vert stilt.
Etter eit møte med Forskingsrådet om forskingsbasert innovasjon i offentleg sektor, har vi, i samarbeid med KS, fylkeskommunen og Nav, teke initiativ til eit prosjekt for å kartleggje statlege rapporteringskrav til kommunesektoren. Hausten 2013 fekk vi tildelt midlar frå regionalt forskingsfond Vestlandet til forprosjektet Rapporteringskrav mot kommunane: eit nedanfrå-og-opp-prosjekt. Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking skal gjennomføre forprosjektet, som skal munne ut i  eit offentleg innovasjonsprosjekt som har til siktemål å føreslå enklare og betre rapporteringsordningar mellom staten og kommunesektoren.
Vi ser fram til å føreslå kva tidstjuvar som kan kuttast . Eg kan nemne at vi i 2008 sende eit brev til FAD om store ressursar til rapportering, der vi la ved eit samla oversyn over rapporteringskrava frå dei ulike oppdragsgjevarane våre. Eg vil tru det meste av innhaldet stadig er aktuelt. Difor vil eg gjere merksam på at jakta på tidstjuvar skaper store forventningar om at det faktisk skjer endringar, ikkje minst for føringar, pålegg og krav som kjem frå den sentrale statsforvaltninga.