Arkiv for februar 2014

Gjer ein innsats for fellesskapen – bli verje!

Av Anne Kristin Eitungjerde, Publisert tysdag 18. februar 2014
Svært mange oppfyller dei generelle krava for å verte verje. Den grunnleggjande motivasjonen for å ta på seg verjeoppdrag er engasjement, overskot og eit ønskje om å hjelpe. Det er difor ein fordel med livserfaring, kjennskap til offentlege instansar og god formuleringsevne
Fylkesmannen kan oppnevne deg som verge for barn eller voksne med behov for verge.

Du blir verje for personar som på ulike måtar og i ulik grad er ute av stand til å ivareta interessene sine. Det er mest vanleg å vere verje på det økonomiske området.

Verjemålsordninga har ein lang tradisjon i Norge. Verjene fyller eit behov som ikkje vert teke i vare på andre måtar, og dei utfører derfor ei svært viktig samfunnsoppgåve.

Etter verjemålslova må  du som er verje vere over 18 år, ha ordna økonomi og ikkje ha interesser som er i strid med interessene til den du er verje for.

Fylkesmannen oppnemner verjene, og treng verjer med ulik erfaring og bakgrunn. Det viktigaste er at du har overskot til å gjere ein ekstrainnsats for ein som treng det.

Oppdrag som verje vert godtgjort etter faste satsar. Meir informasjon om det å vere verje, er tilgjengeleg på Verjemålsportalen, www.vergemal.no

Ta kontakt med oss på epost eller telefon dersom du er interessert!

Kontaktinformasjon finn du her

Grunnlovsmarkering på Gulatinget 28. juni 2014

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert måndag 10. februar 2014

Grunnlova er sjølve grunnstammen i det norske folkestyret og den høgaste rettskjelda i norsk rett. Arven frå gulatingslova sette i 1814 eit sterkt preg på Grunnlova. I år fyller Grunnlova 200 år. Grunnlova er sjølve grunnstammen i det norske folkestyret og den høgaste rettskjelda i norsk rett. Arven frå gulatingslova sette i 1814 eit sterkt preg på Grunnlova. Difor er det naturleg at hovudmarkeringa av jubileet i vårt fylke finn stad på tusenårsstaden Gulatinget i Gulen.

Gulatingslova er truleg den eldste skrivne rettskjelda i landet, der dei eldste delane stammar frå før år 900. Lova gjaldt for Gulatinget, det vil seia Sørlandet, Vestlandet til og med Sunnmøre, Valdres, Færøyane og Shetland. Magnus Lagabøter tok opp store delar av gulatingslova i landslova som vart vedteken frå 1273 til 1276. I tillegg har Gulatinget og lova vore mønster for det islandske alltinget. Forskarar meiner at utan Gulatinget og gulatingslova hadde det vore umogleg å laga Grunnlova i 1814.

Grunnlovsjubileet vert feira over heile landet, med hovudmarkeringar på Eidsvoll 16. februar og 17. mai.

I Sogn og Fjordane er den største markeringa eit stort friluftsarrangement laurdag 28. juni frå kl. 12 og til kvelden, på tusenårsstaden Gulatinget på Flolid i Gulen kommune. Det blir underhaldning med lokale og kjende artistar, felleskor og -korps, marknad, mat, ungdommens FN, og om kvelden konsertar og dans.

Me håpar at så mange som råd vil finna vegen til Gulatinget og ta del i feiringa av Grunnlova den siste laurdagen i juni.

Du kan lesa meir om grunnlovsjubileet, Gulatinget og markeringa her:

Grunnlovsjubileet 1814-2014

Gulatinget.no

Gulatinget, frå fylkesleksikonet til Nrk Sogn og Fjordane

Utan Gulating inga Grunnlov, av Trude Brosvik

Gulatinget, Den eldre Gulatingslova, Grunnlova av 1814 og gjeldande norsk rett, av professor dr.juris Jørn Øyrehagen Sunde

Feiring av grunnlovsjubileet på tusenårsstaden Gulatinget 28. juni, av Sogn og Fjordane fylkeskommune

Gulatinget, frå Wikipedia