Arkiv for januar 2014

Sylvi til landbruksfylket Sogn og Fjordane

Av Christian Rekkedal, Publisert måndag 20. januar 2014

Tysdag 21. januar kjem landbruks- og matminister Sylvi Listhaug på besøk til fylket for å få eit inntrykk av landbruksnæringa.

I programmet legg vi vekt på å vise at landbruket her i fylket genererer ein viktig foredlingsindustri. Vi har fire store foredlingsanlegg: Nortura i Førde, Nordfjord Kjøtt i Loen, Tine Meieri på Byrkjelo og Lerum fabrikker i Sogndal. Nortura har også eit foredlingsanlegg i Sogndal og Tine produserer gamalost i Vik, og i tillegg har vi mange små bedrifter som foredlar lokal mat. Vi reknar med at det er 1000 arbeidsplassar i denne industrien.

Sylvi Listhaug kjem til Sogn og Fjordane 21. januar. Foto: Torbjørn Tandberg

Sylvi Listhaug kjem til Sogn og Fjordane 21. januar. Foto: Torbjørn Tandberg

Fylket vårt har over 3000 aktive landbruksføretak. Ut frå effektivitetsnormene utgjer arbeidsmengda om lag 3800 årsverk. Mange av bruka er små og blir drivne på deltid, medan andre er store samdrifter. Det aller meste frå både store og små bruk blir foredla her i fylket.

Både primærproduksjonen og foredlingsindustrien har effektivisert kraftig dei siste 10 åra. Talet på gardsbruk i drift er redusert med ein tredjedel, medan produksjonen held seg meir stabil. Bruka har blitt færre og større. Over 20 % av mjølkeproduksjonen skjer i mjølkerobot. Dei siste 10 åra har bøndene investert 1 milliard kroner i nye fjøsar. Middels mjølkemengde auka frå ca 6000 til over 7000 kg per ku, og heilt opp i 10000 kg i dei beste besetningane.

Meieriet på Byrkjelo foredlar over 120 millionar kg mjølk og får leveranse frå heile fylket og store deler av Sunnmøre og Ottadalen. Nortura i Førde slaktar mesteparten av husdyra frå Moldefjorden i nord til Bergen i sør. Ein god del av dette blir foredla vidare av Nordfjord Kjøtt som også får slakt frå fleire andre slakteri i Sør-Norge. Dei har ei omsetning på imponerande to milliardar kroner og er ei av dei desidert beste foredlingsbedriftene i landet.

Frukt- og bærnæringa i fylket har satsa sterkt siste åra, særleg på «nye» kulturar, og leverer til dømes 75 % av bringebæra og nesten halvparten av morellane i Norge. Satsinga skjer i samarbeid med Lerum som gjerne vil ha meir lokale produkt. Det var nok ikkje berre eg som måtte leite fånyttes i butikken etter norske eple til jul. Det er trong for meir norsk frukt.

Regjeringas har ambisiøse mål for landbrukspolitikken i si plattform:

-          Levedyktig landbruk ved å styrke verdiskapinga og auke lønsemda

-          Landbruk er viktig for matproduksjon, busetnad og kulturlandskap

-          Hovudoppgåva er å levere trygg kvalitetsmat og ein kostnadseffektiv matproduksjon

-          Regjeringa vil forenkle lover, reglar og støtteordningar

-          Skognæringa har stort potensiale for verdiskaping

Vi har ei levande landbruksnæring som produserer kvalitetsmat både i volum og i form av spesialitetar, og ei regjering med klare ambisjonar for landbruket. Mykje ligg til rette for at dei kan finne kvarandre.

Vi må bli betre på busetjing og integrering

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 14. januar 2014

Folketalsutviklinga er Sogn og Fjordane si største utfordring. Flyktningar står i kø for å busetje seg i fylket vårt, men mange kommunar vegrar seg for å ta i mot. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) har bede våre kommunar om å ta i mot 430 flyktningar i år. Til no har kommunane gjort vedtak om å busetje 177 flyktningar, og fleire kommunar har ikkje svart på oppmodinga frå IMDi.

10438446604_199a80cbef_c

Justin Mulindabigwi frå Rwanda jobbar i Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde, og delte sine synspunkt på vellukka integrering under Framtidskonferansen.
Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune 

Over 5000 flyktningar sit på asylmottak og ventar på å bli busette i kommunane. Mange av dei har venta i fleire år. Tilstrøyminga av asylsøkjarar har vore svært stor dei siste åra, og det har vorte eit press for å få etablert fleire mottak. Fleire kommunar har ytra seg kritisk om manglande kommunal innverknad i samband med etableringa. Ein større innsats for å busetje dei som har fått opphaldsløyve, vil minke presset på asylmottaka.

Mangel på bustader vert ofte nytta som forklaring frå kommunar som seier nei til å busetje flyktningar. Samstundes vert det nytta ressursar på å få til auka tilflytting. Kom heim–dagar, karrieremesser og tilflyttarprosjekt skal få fart på folketalsutviklinga. Men dei treng vel hus å bu i, dei innanlandske tilflyttarane òg? Eid kommune satsar no på langtidsplanlegging for auka busetjing, og vil ta i mot om lag 30 flyktningar kvart år dei komande tre åra.

Den andre årsaka som vert trekt fram, er økonomi. Integreringstilskotet frå staten veg ikkje opp for ekstrakostnadane, blir det hevda. Flora kommune har i mange år jobba målretta med å leggje til rette for mottak og busetjing av flyktningar. Kommunepolitikarane har kravd rekneskap, og tala syner at det løner seg for kommunen å ta i mot flyktningar. – Verken bustadsituasjon eller økonomi er gode grunnar til å seie nei til å ta i mot flyktningar, viss viljen er til stades,  seier Arild Melvær, leiar i KF Innvandrarsenteret, til Firda.

Eit tredje argument som vert nytta, er at flyktningane ofte flytter til byane når dei har fullført introduksjonsprogrammet. Truleg kunne fleire tenkt seg å bli verande dersom programmet hadde vore sterkare kopla til det lokale arbeids- og samfunnslivet. Vårt inntrykk, etter tilsyn og kontakt med kommunane og NAV, er at introduksjonsprogrammet ikkje fungerer som tenkt. Diverre er resultatet ofte for dårlege norskkunnskapar og høge utbetalingar av sosialhjelp. 

IMDi har til hovudoppgåve å gjennomføre integreringspolitikken. Men IMDi sitt regionkontor på Vestlandet skal følgje opp 85 kommunar, og då kan det verte vanskeleg å gje kommunane tilstrekkeleg støtte og rettleiing.

Her i fylket har NAV, KS, fylkeskommunen og Fylkesmannen gått saman om ein felles innsats for å styrke arbeidet med integrering og samfunnsdeltaking. Luster, Sogndal og Leikanger er i gong med eit pilotprosjekt mot eit arbeidsretta introduksjonsprogram. Vi har gjennomført felles samlingar for flyktningkonsulentar og tilsette i norskopplæringa. Dei har mangla felles møteplassar, og kjenner seg åleine om ansvaret for integrering i eigen kommune.

Kommunane må ta inn over seg at busetjing og integrering er ei varig oppgåve. Dette arbeidet treng ei betre kopling til dei andre kommunale tenestene. Og det må satsast meir på bustader. Uansett kvar tilflyttarane kjem frå, treng alle ein stad å bu!