Arkiv for desember 2013

Du grøne glitrande gran god dag. Friskt juletre krev innsats!

Av Merete Larsmon, Publisert tysdag 17. desember 2013

No står om lag to millionar juletre klar for norske stover. Nokre forlét rota for veker sidan og ligg allereie lagra og skrik etter vatn. Dei anar ikkje kva ørkenklima dei har i vente når dei skal inn i dei tusen heimar med låg luftfukt og høg temperatur. For eit sjokk! Kanskje har dei susa gjennom vinterkvelden i 80 kilometer i timen på eit biltak og kjent kor brutalt tørt det kan vere.

Foto: Randi Hausken/Flickr

Foto: Randi Hausken/Flickr

Lokal produksjon tek ein stadig større del av marknaden. Då gjeld det som juletreeigar å gjere overgangen frå den norske vinteren så varsam som mogleg. Treet bør kome inn frå kulda til ei bøtte med lunka vatn i kjellartemperatur. Snittet i stammen skal vere ferskt når det når vatnet i bøtta. Har ein høve til å gi treet ein dusj med lunka vatn, får det med seg litt fukt inn i stova. Samstundes vert treet sine leigebuarar, som lus og andre kryp, med ned i sluket.

Vidare?

- Hald rota i kontakt med vatn. Det er vanskeleg å byte vatn på dei fleste juletreføter, men fyll på friskt vatn dagleg. Det reduserer algeveksten som legg seg på rotsnittet og seinkar vassopptaket.

- Gi treet ein dose blomsternæring. Så lenge det  står i ei varm stove dampar fukta ut gjennom barnålene.

- Spar nokre friske greiner til julekvelden og legge desse oppå dei nedste greinene innimellom pynten. Det friskar opp, uansett om treet har tørka eller ikkje.

- Legg ei handfull knuste barnåler og i ein bolle under treet, og det luktar jul i stova!

Dyrking av juletre er ein profesjon på lik line med andre produksjonar innan landbruket. Mikal Helland frå Hjelmeland, ein av Noreg sine største juletreprodusentar, vann prisen for beste juletre på største juletremessa i Europa. Helland vann med si fjelledelgran, som han dyrkar i lisidene i Hetlandsbygda. Dette var første gongen eit norsk juletre vann prisen.

Fjelledelgran aukar i marknaden, medan nordmannsgran og vanleg gran er nokolunde stabile. Det fine med nordmannsgran, er at ho trivst berre i gode klimastrok på Vestlandet og er lite utsett for skadar frå sopp og insekt. Fjelledelgrana er tett og smal og har fin blå farge, men krev meir av dyrkaren når det gjeld forming. Ein må rekne med å betale 600-700 kroner for ei prima edelgran i år.

Forventningane, lukta og hygga med å få inn eit friskt og fint juletre er eit høgdepunkt i juleførebuingane. Kven drøymer ikkje om å ta hest og slede til skogs for å hogge sitt eige juletre? Dei fleste på landsbygda kan gjerne det. Elles kan ein jo lage si eiga historie om det treet ein kjøper hos den lokale juletreseljaren. Spør gjerne kor treet kjem frå. Då håpar eg at svaret er at dette er eit kortreist, lokalprodusert tre. Juletre skal og bør vere ei ferskvare. Lat det friske, levande treet vere ein del av din tradisjon.

God jul!