Arkiv for november 2013

Korleis utviklar vi ein læringsfremjande vurderingspraksis i skulane?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert fredag 29. november 2013

Karakterar i barneskulen har vore tema i valkampen. Den politiske plattforma til regjeringa omtalar ikkje dette, men opplæringslova  gjer det mogleg å søke om  forsøksordningar. Debatten går no nokre stader om kommunar bør søke om forsøk med karakterar på barnetrinnet. Det er prisverdig at skuleeigarane er opptekne av kva som kan gi elevane eit best mogleg læringsutbytte. Som grunnlag for slike vurderingar er det avgjerande å ha god kunnskap om praksis i skulane, og ikkje minst  kunnskap  om kva som gir god læring.

For at vurdering skal fremje læring er det viktig at elevane opplever det som trygt å prøve og feile.

For vel fire år sidan fekk vi forskriftsfesta nye reglar for individuell vurdering i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Reglane gjeld for alle trinn og for alle elevar, og bygger på den kunnskapen vi har om god vurderingspraksis. Mange studiar har vist at vurdering både kan hemme og fremje læring. For at vurdering skal fremje læring er det viktig at elevane opplever det som trygt å prøve og feile.  Forskarar meiner difor at det er viktig å utvikle ein klasseromskultur som er kjenneteikna av at lærarar og elevar har tru på at elevane kan oppnå måla som blir sette. Dersom klasseromskulturen er prega av lønn som stjerner, smilefjes, karakterar og rangering, kan resultat og karakterar kome til å overskygge elevane sitt læringsbehov. Dei rår skulane til å reflektere over kulturen når dei skal utvikle vurderingspraksisen på eigen skule.
Meir om dette på  Utdanningsdirektoratet sin nettstad.

42-15641482

Det er fire prinsipp som må oppfyllast for at vurderingspraksisen skal vere læringsfremjande:

  • - Elevane skjønar kva dei skal lære, og kva ein ventar av dei
  • - Elevane får tilbakemeldingar om kvaliteten på arbeidet dei gjer, eller kor godt dei presterer
  • - Elevane får råd om korleis dei kan bli betre
  • - Elevane er involverte i eige læringsarbeid, og til dømes vurderer eige arbeid og eiga utvikling

Dei siste åra har det vore ei omfattande satsing på å vidareutvikle vurderingspraksisen i grunnskule og vidaregåande opplæring. Mange har endra praksis, og elevar og foreldre melder tilbake om betre informasjon og kommunikasjon om kvar elevane står og kva dei må arbeide meir med. Likevel kan mykje forbetrast. Fylkesmannen får kvar vår klager på fastsetjing av standpunktkarakter. Vi ser at  kvaliteten på vurderingspraksisen er svært ulik. Mange  oppfyller ikkje krava i forskrifta.

I perioden 2014-2017 skal vi føre tilsyn med kommunane og fylkeskommunen der vi mellom anna skal kontrollere om skulane har ein vurderingspraksis som oppfyller dei fire prinsippa. Vi håper at vi gjennom rettleiing og kontroll skal bidra til at alle skulane  utviklar  ein læringsfremjande vurderingskultur. Kanskje skal vi samle oss om denne oppgåva før vi innfører nye tiltak?

Skuleeigarane skal  syte for at det blir utarbeidd ein årleg rapport om tilstanden i skulane. Rapporten skal drøftast i kommunestyre, i fylkestinget og hos leiinga for dei private skulane.

Utfordringa går difor til alle skuleeigarane i fylket: Bruk denne prosessen til å samle kunnskap om praksis i eigne skular, og syt for ein god dialog med skulane om korleis praksisen kan forbetrast!

Har kommunane tilstrekkeleg økonomisk buffer?

Av Kåre Træen, Publisert fredag 22. november 2013

Kommunane er i sluttfasen av budsjettarbeidet for neste år og økonomiplanen for dei neste fire åra. For å sikre ein berekraftig økonomi som gir politisk handlingsrom for kommunen, må netto driftsresultat over tid vere positivt. Ein sunn økonomi tilseier eit årleg netto driftsresultat på tre prosent av driftsinntektene. Då kan kommunen setje av midlar på fond og sjølv finansiere eigne investeringar. Slike fond, omtala som frie fond eller disposisjonsfond, fortel òg om kommunen er økonomisk robust nok til å møte uføresette hendingar i framtida. Slik økonomiplanlegging er ikkje ulikt det vi som privatpersonar gjer, eller i alle fall bør gjere. Vi gjer lurt i å spare litt av inntekta vår, slik at vi har til uføresette hendingar, dersom kjøleskapet skulle ryke eller bilen må på verkstad.

For kommunar er det sagt at dei bør ha 5 prosent av driftsinntektene som økonomisk buffer. Gjennomsnittet for landet (utan Oslo) er 4,9 prosent. Kommunane i Sogn og Fjordane har berre 3,1 prosent av driftsinntektene, og talet har gått nedover1). Tala syner at det er stor skilnad mellom kommunane. Åtte kommunar i fylket var ved utgangen av 2012 utan frie fond. Det spesielle er at fleire av kommunane som har store inntekter frå kraftverksemd, og dermed har eit høgt inntektsnivå samanlikna med utgiftsbehovet,  har ingen eller lite med frie fondsmidlar. Dette gjeld kommunane Årdal, Lærdal og Høyanger, som til saman berre har 4,5 mill. kroner i frie fond. Som følgje av store underskot etter Terra, er Vik og Bremanger i same kategori. I motsett ende finn vi kommunar med lågare inntekter samanlikna med utgiftsbehovet, men som likevel har bygd seg opp ein solid økonomisk buffer. Døme på dette er Sogndal med 40 mill., Hornindal med 23 mill. og Eid med 19 mill. kroner i reserve.

Kva kan skje når kommunar ikkje har frie fond? Ikkje alt går som planlagt for kommunane heller, utgiftene kan bli høgare eller inntektene lågare enn budsjettert. I slike tilfelle er det nødvendig å ha ein økonomisk buffer, elles blir det fort raude tal i rekneskapen som seinare må dekkjast inn gjennom innsparingar og kutt i tenester til innbyggjarane. Klarer ikkje kommunen ei planlagt inndekning, er Robek neste stoppestad. Gjennom midlar i frie fond, kan kommunar  eigenfinansiere investeringar. Det betyr lågare utgifter til renter og avdrag,  og meir att til tenester for innbyggjarane. Kommunane har behov for omstilling og utvikling, og då er oppsparte midlar avsett på frie fond ei viktig kjelde til finansiering.

Trass i eit krevjande arbeid med å få økonomien i balanse, viser det seg at fleire kommunar over tid klarer å spare seg opp midlar til ein økonomisk buffer, eigenfinansiering av investeringar og til å drive utviklingsarbeid. Men det er svært så ulikt korleis kommunane får til dette, utan at inntektsnivået mellom kommunane nødvendigvis forklarer ulikskapen. Målet må vere at fleire kommunar  blir flinkare  til å byggje opp ein økonomisk buffer. Slik økonomisk planlegging og styring gir kommunen betre kontroll over eigen økonomi, og kan medverke til at kommunen greier å stå på eigne bein – trygt utanfor Robek.

1) Kjelde SSB-statistikkbanken, Kostra-tal per 31.12.2012
Indikatoren viser disposjonsfond (frie fond) i prosent av brutto driftsinntekter i kommunerekneskapen. Disposisjonsfond er oppsparte midlar som fritt kan nyttast til finansiering både i drifts- og investeringsrekneskapen, og indikatoren kan seie noko om stor økonomisk buffer kommunen har for sin løpande drift.

Rett og gale – svart eller kvitt?

Av Anne Kristin Eitungjerde, Publisert torsdag 7. november 2013

Byråkratar har vi ein del av i Noreg – også i Sogn og Fjordane. Om det er for få eller for mange av oss, er som kjent til politisk diskusjon. Vi er i alle fall sett til å forvalte regelverk og ressursar på vegner av storsamfunnet, og balanserer dagleg mellom ulike interesser – både private og offentlege.

Sjølv innanfor det offentlege er ulike interesser i spel – spesielt mellom stat og kommune. Kommunane viser jamt til at staten grip inn i deira rett til å forvalte dei lokale interessene, og dermed deira «frie skjønn» innanfor ulike sektorar.

Dette er interessant, fordi staten si generelle oppfatning er at kommunen sitt frie skjønn nesten utan unntak får stor vekt i den statlege saksbehandlinga – når det er mogleg. Kva skuldast denne ulike oppfatninga?

FMSF-feb06-109

Omgrepet «fritt skjønn» er vanskeleg. Ofte trur folk at kommunane har større spelerom enn dei faktisk har i ulike saker. Men i mange tilfelle følgjer resultatet direkte av lova: Har du oppfylt gitte omstende så gir lova svaret av seg sjølv. Og det er berre eitt svar som er lovleg.

«Fritt skjønn» er det i prinsippet i dei tilfella der kommunen kan velje mellom løysingar innafor lovrammene; Har du A kan kommunen velje B eller C. Til dømes kan kommunen velje om eit areal skal regulerast til industri eller til bustader. Til vanleg er det likevel ikkje desse sakene som kjem på spissen mellom stat og kommune.

Dei siste åra har det vorte innført definerte og lovbundne rettar på stadig fleire område. Dei aller fleste vedtak kommunane gjer, gjeld slike lovbundne rettar, og ikkje fritt skjønn. Det er ikkje slik at kommunane er frie til å velje korleis dei vil tolke reglane, eller har eit fritt skjønn til å velje lokal løysing eller eigen norm innafor t.d. sosialhjelp, spesialundervisning, motorferdsel i utmark eller dispensasjonar etter plan- og bygningslova.

I slike saker blir det gjerne usemje fordi ulike partar og kommunane sjølve har sterke oppfatningar om kva som «må» eller «bør» vere rett norm eller nivå i deira kommune – ut frå lokale behov. I dag er ikkje slike argument relevante – og faktisk heller ikkje lovlege. Korleis kan ein gjere det rettsleg mogleg å ta slike omsyn – dersom det er det vi vil?

På den eine sida ynskjer vi likebehandling i like tilfelle, og på den andre sida eit fleksibelt regelverk som tek opp i seg behov for lokale løysingar og unntakstilfelle i spesielle situasjonar. Det kokar ned til at politikarar må peike på kursen gjennom lovverket. Det er politikarane som må endre lover som ikkje gir resultata eller fleksibiliteten dei ynskjer.

Vi byråkratar er sette til å forvalte dei reglane som landet har fått på grunn av dei politikarane du og eg har valt inn på Stortinget. Spelekorta er gitt i lover og forskrifter, og spelereglane er faste inntil dei blir endra av dei same politikarane.

Kort sagt: Det er lov å bruke hovudet som byråkrat, men alle skal følgje lova!