Arkiv for oktober 2013

Barn har alltid rett

Av Anne Kristin Eitungjerde, Publisert torsdag 24. oktober 2013

Tja, tenkjer du kanskje. Så gale er det vel enno ikkje blitt. Likevel er det sant: Barn har alltid rett til å bli tekne på alvor i alle saker som vedkjem dei. Spørsmålet er heller om vi vaksne har rett til å ikkje høyre etter.

I dag markerer vi FN-dagen. Eit av FNs hovudprinsipp er å verne om menneskerettane. Desse gjeld for alle menneske, og derfor sjølvsagt for barn. I tillegg har barna fått sine eigne rettar, som står i FNs barnekonvensjon.

Foto: FN-sambandet

Foto: FN-sambandet

Vaksne må hugse på at barndomen har ein verdi i seg sjølv, han er ikkje berre eit ventestadium for å bli vaksen. Barndomen legg rett nok grunnlaget for eit godt vaksenliv, men skal levast på eigne vilkår og vere god i seg sjølv. Hugsar de kor lang barndomen kjendest? Ein vanleg tysdag varte evig, og livet gjekk alltid i sakte tempo. Når tida går så seint må han i alle fall vere så god som råd!

For at ein barndom skal vere god, må barnet merke innverknad på eige liv. Barna sine meiningar er kloke og viktige. Barn veit sjølve kva som skal til for at livet skal vere bra. Vaksne har plikt til å spørje, lytte og til å la barna få gjennomslag. Dette gjeld både i familien og i samfunnet. Då må vi gjerne ofre nokre eigne interesser for ungane sin del. Storsamfunnet får dette sett på spissen i planlegginga si: Barn har mellom anna alltid rett til leikeplassar, og det er ikkje lov å planlegge dei vekk utan å lage nye som er like gode.

Barn har rett til å lære og utforske. For at dei skal lære, må dei ha det bra i barnehagen og på skulen. Foreldre og tilsette har plikt til å spørje korleis dei har det. Ungar skal ikkje tole meir enn vi ville tolt sjølve – fordi dei er barn. Faktisk er det slik at barn alltid har rett til å bestemme sjølve kva dei toler.

Vaksne i opplæringssystemet har òg plikt til å la ungane klage, og la andre vurdere om dei har det bra nok. Å la ungane bli høyrde betyr plikt til å sjå etter, spørje og plikt til å gripe inn. Ungane er prisgjevne at vaksne ser dei, handlar på deira vegner og set standard for rett og gale.

Men det er ei grense for alt. Marit Tusvik frå Høyanger fortel kva ei mor sa til barna sine:

Og ikkje putt
erter i nasen
mens eg er borte!
               Sa mor vår når ho gjekk.

Det hadde vi aldri
tenkt på før
så det gjorde vi.

Oppmoding for dagen: Gi barna rett!

Kjelder:
FN sin barnekonvensjon
Plan og bygningsloven
Barnelova
Opplæringslova


Eit betre liv for demenssjuke

Av Anne Karin Hamre, Publisert torsdag 17. oktober 2013

TV-aksjonen 20. oktober handlar om å styrke tilbodet til menneske med demens og til menneska rundt dei. Demens er ein nådelaus sjukdom, men med god hjelp og aktivitet kan dei gode dagane verte fleire og betre.

Over 70 000 menneske i Norge har demens. Om lag 10 000 får sjukdommen kvart år, og talet vert dobla i løpet av dei neste tiåra. Sjukdommen går til angrep på hjernecellene og råkar funksjonar som språk, hukommelse og orienteringsevne. Minst 300 000 personar er pårørande til ein demenssjuk. Diverre opplever over 60 prosent at familie og vener trekkjer seg unna.

Vi har inga tid å misse
I år går midlane frå TV-aksjonen til Nasjonalforeninga for folkehelsa. Slagordet for aksjonen peikar på at rask hjelp og diagnostisering er avgjerande. Dei innsamla pengane skal nyttast til ei rekkje tiltak, mellom anna til å:

-  lære opp frivillige til å bli aktivitetsvener
- styrke arbeidet med møteplassar og aktivitetar for pårørande og personar med demens
- auke kunnskapen om demens i samfunnet slik at dei med sjukdomen vert møtt med aksept og forståing
- etablere eit forskingsprogram som skal undersøke årsaker til demenssjukdom og korleis ein kan førebyggje og bidra til å utvikle betre behandling

Foto: Jimmy Linus

Foto: Jimmy Linus

Ta godt imot bøssebærarane
Sogn og Fjordane har alltid utmerka seg med stor gjevarglede, og eg håpar innbyggjarane er rause i år òg. Som leiar av TV-aksjonskomitéen oppmodar eg alle om å ta godt i mot bøssebærarene som kjem på vitjing søndag, og gje til eit viktig føremål!

TV-aksjonen treng framleis bøssebærarar. Registrer deg her.

Sjukehuset ut til pasienten

Av Per Steinar Stensland, Publisert fredag 11. oktober 2013

Korleis sikre gode akuttmedisinske tenester utanfor sjukehuset? Utkast til revidert forskrift skal kome før jul, og kan på sikt føre til betre lokal beredskap.

Førre veke sette regjeringa ned  eit utval som skal skildre eit heilskapleg system for å ivareta innbyggarane sitt behov for tryggleik ved akutt sjukdom og skade. Spesialisering og arbeidsdeling i spesialisthelsetenesta har gitt oss færre sjukehus og lengre transportveg. I eit distriktsfylke vil akuttmedisin alltid føresette sterk innsats frå ambulanse, legevakt og andre hjelparar. For dei 240 kommunane som har mindre enn 5000 innbyggjarar er det berekna at lengste gjennomsnittlege køyretid for ambulanse til pasient er vel 40 minutt. Gjennomsnittleg responstid for ambulanse – tida frå AMK-sentral til pasient – varierer mellom fylka med om lag 10 til 20 minutt.

“Ambulansane, som tidlegare var transportmiddel til sjukehus, er i dag avanserte, GPS-styrte behandlingseiningar på hjul.”

Nye krav til ambulansepersonell
Det er helseføretaka som har ansvar for å tilby innbyggarane ambulansetenester. Ambulansane, som tidlegare var transportmiddel til sjukehus, er i dag avanserte, GPS-styrte behandlingseiningar på hjul. Dette set nye krav til faglege kvalifikasjonar og aktiv tenesteerfaring hjå ambulansepersonell.

Kommunane har ansvar for å organisere ei helseteneste som sikrar innbyggarane akutthjelp heile døgnet.  Legevaktene er kraftig sentralisert, som eit tiltak for å betre rekrutteringa av legar til distriktskommunane. Kommunar og helseføretak har begge ansvar for å sikre at innhaldet i desse tenestene er samordna med kvarandre og resten av den akuttmedisinske kjeda.

“God lokal forankring av akuttmedisinsk arbeid er god distriktsmedisin.”

Distriktstilpassa tenester
Dette betyr at det må lagast nye arbeidsformer tilpassa situasjonen.  Noko vert regulert av samarbeidsavtaler i samhandlingsreforma, men også i forskrift for akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus. Vi må vente at den reviderte forskrifta er tilpassa eit distriktsfylke som vårt, i tillegg til forholda i tettbygde strok. 

Ei slik tilpassing kan mellom anna handle om å supplere ambulansetenesta med lokalt hjelpemannskap og helsepersonell. Desse kan gi førstehjelp inntil ambulanse og lege er på plass, eller køyre ambulansen i møte med eigna transport. Dette er skildra i prosjektet «Mens du venter på ambulansen». Responstid vert då noko meir enn ambulanse-responstid. Sidan oppstarten i 2009 har Norsk Luftambulanse i samarbeid med Fagforbundet utdanna og utstyrt førstehjelparar i 15 kommunar i Troms, Nordland, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, Sogn og Fjordane og i Hordaland. Prosjektet skal i løpet av 2013 utvidast til å omfatte 40 nye kommunar og over 500 førstehjelparar i åtte fylke.

God lokal forankring av akuttmedisinsk arbeid er god distriktsmedisin. Utfordringa er å finne ei lokal utforming som balanserer ansvar mellom føretak og kommunar.

Fylkeslege Per Stensland


Korleis kan Sogn og Fjordane bli meir attraktivt?

Av Anne Karin Hamre, Publisert torsdag 3. oktober 2013

Det var spørsmålet til ungdomane som var på gründercamp for å førebu bidrag til Framtidskonferansen. Dei to gruppene som fekk i oppdrag å presentere, valde ulike tilnærmingar. Den eine gruppa ville satse på sentra og ha ein skikkeleg by i fylket. Den andre var oppteken av å utvikle aktivitetar i bygdene, og å løfte dei tradisjonelle bygdeverdiane.

Fleire av ungdomane var inne på at gode tilbod i oppveksten, og ein kommune som både lyttar til dei unge og forventar engasjement, aukar lysta til å busetje seg i fylket som vaksne.

- Sats på ein kombinasjon av senterutvikling og bygdeverdiar, meinte forskar Knut Vareide. Tettstadene i Sogn og Fjordane kan aldri konkurrere med tilboda i dei største byane, dermed må vi vektleggje andre kvalitetar. Sjølv om fylket vårt har utfordringar med folketal og arbeidsplassar, meiner Vareide at vi har fleire kommunar som er attraktive for tilflyttarar. Strategien må vere å utvikle denne attraktiviteten, og såleis gjere opp for dei utviklingstrekka som ikkje talar til vår fordel. Det handlar om bustader, møteplassar og tilbod. Og det handlar om identitet og stoltheit, om openheit og toleranse for det som er nytt og annleis, og om å støtte eldsjelene som vil noko.

Vi har mange gode døme i Sogn og Fjordane. Men bloggformatet tillet berre eitt. Då vil eg trekkje fram Eid, som er i vinden i desse dagar. Opera Nordfjord feirar 15 år, og på kort tid kan vi oppleve både Flaggermusen og Nøtteknekkaren i Noreg sitt andre operahus. Tenk på kva det gjer med borna å få stå på scena saman med profesjonelle utøvarar. Tenk på kva det gjer med ungdomane som får prøve seg på og bak scena i musikalane som den vidaregåande skulen set opp. Malakoff Rockefestival imponerer kvart år, både med innhald og organisering. Ei framoverlent kommuneleiing satsar på fjordvarme, velferdsteknologi, bustader og busetjing av flyktningar. Eg trur dei unge som veks opp på Eid er stolte av heimstaden sin, og at det påverkar bulysta.

På Framtidskonferansen fekk vi gode, konkrete råd om kva som er viktig for ei vellukka integrering frå Justin Mulindabigwi, som jobbar i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Han var tydeleg på at jobb er ein føresetnad for å bli godt integrert. Samstundes streka han under at integreringsprosessen tek tid, og held fram lenge etter at ein er komen i arbeid. Det tek tid å lære norsk og knekke dei sosiale kodane.

Heidi Aabrekk, sosial entreprenør, og Njål Hansen Wilberg, digital entreprenør, formidla mange positive sider ved å vere gründer i Sogn og Fjordane. Hansen Wilberg meiner at digitalt entreprenørskap må bli eit satsingsområde i fylket. Vi har mange spennande bedrifter og miljø å spele på, som Highsoft Solutions i Vik, Enoro i Fjaler, Mediebruket i Førde, Gründerløkka på Mjømna, og miljøa på Campus i Sogndal og i Vågsøy.

Eg har eit sterkt ønskje om at Framtidskonferansen ikkje berre skal bli nok ein konferanse som det var kjekt å vere på, men at det òg skal skje noko i ettertid. Leiargruppa vår har drøfta korleis vi skal følgje opp konferansen, og vil leggje vekt på å:

  1. Støtte kommunane sitt arbeid med lokal samfunnsutvikling. Vi vil løfte dette temaet i våre møte med kommunane framover.
  2. Styrke arbeidet med integrering. Vi har etablert eit samarbeid med NAV, KS og fylkeskommunen for ei betre kopling til utdanning, arbeid og samfunn i introduksjonsprogrammet for flyktningar. Framlegga til Justin Mulindabigwi vert tekne inn i denne satsinga.
  3. Fremje digitalt entreprenørskap. Vi vil jobbe for ei satsing gjennom IT-forum Sogn og Fjordane.
  4. Bli flinkare til å formidle suksesshistoriene, men samstundes våge å ta opp dei vanskelege utfordringane i samfunnsdebatten.

Kva meiner du skal til for å skape eit meir attraktivt Sogn og Fjordane? Vi tek svært gjerne i mot kommentarar på bloggen!