Arkiv for september 2013

Kvar går Sogn og Fjordane? Framtidsfylke eller fråflyttingsfylke?

Av Anne Karin Hamre, Publisert torsdag 19. september 2013

Eit grisgrendt natur- og livsstilsfylke for dei som søkjer ro og god plass? Eller eit meir konsentrert fylke, med nokre større, byliknande sentra? Kva er dei beste vegvala for 250-årsjubilanten Sogn og Fjordane?

Sentralisering og urbanisering pregar utviklinga over heile verda. Denne utviklinga har gått sin gang heilt sidan industrialiseringa starta på 1800-talet, med stadig høgare endringstakt. Medan halve verdas befolkning bur i byar i dag, meiner forskarane at 75 prosent bur i byane i 2050.

Utviklinga gjer at Sogn og Fjordane minkar, relativt sett. I dag utgjer vi 2,2 prosent av folketalet, medan snart ein firedel av befolkninga bur i Oslo og Akershus.

Auka innvandring gjer at fylket vårt hatt ein liten auke i folketalet kvart år sidan 2007. I same perioden er det berre Førde og Sogndal som har vakse meir enn landssnittet. Aldersbalansen er urovekkjande. Sogn og Fjordane er landets «eldrefylke», samstundes med at vi er mellom dei fylka som taper flest unge i alderen 20-29 år.

Biletet er sjølvsagt ikkje heilsvart. Vi har mykje å vere stolte av i dette fylket. Vi er rike på ressursar, og naturen vår byr på opplevingar og reisemål i verdsklasse. Skuleelevane våre ligg i landstoppen på skuleresultat, og vi ligg i rett ende på dei fleste statistikkar. Vi har landet sitt andre operahus, verdas einaste tippeligabygd, flinke gründerar og verdsleiande teknologimiljø. Vi har gode, fylkesdekkande samarbeid på mange område, til dømes beredskap, skule og IKT. Høgskulen vår opplever auka tilstrøyming frå heile landet.

Så kvifor jage etter vekst og utvikling? Kan vi ikkje vere lukkelege som små? Tja. Problemet er at folketalsutviklinga òg får konsekvensar for økonomi og innverknaden vår på samfunnsutviklinga. Mange løyvingar over statsbudsjettet heng saman med folketalsutvikling. Ei utvikling under landssnittet, gjer at kakestykket som vert Sogn og Fjordane til del, vert mindre. Dei av kommunane våre som taper flest folk, merkar at det vert tyngre og tyngre å få budsjetta til å gå i hop. Grunnen til at det må kuttast i vidaregåande skular, er at elevtala – og løyvingane – minkar. Folketalsutviklinga gjer at vi har mista eitt stortingsmandat. Fleire har byrja å stille spørsmål ved om Sogn og Fjordane skal vere eit fylke.

Difor er det avgjerande at vi framover klarer å gjere fylket så attraktivt som mogleg – både for å behalde innvandrarar og andre tilflyttarar som kjem til fylket, og for å få dei som reiser ut for å ta utdanning til å ønskje seg attende. Då treng vi politikarar som evnar å ta tak i fylket sine største utfordringar, og heve blikket ut over eigen kommune. Og vi må lytte til dei unge. Korleis ser dei på framtida til Sogn og Fjordane? Kva skal til for at dei skal få lyst til å busetje seg her? I morgon, på framtidskonferansen i Balestrand, skal vi høyre kva dei unge seier. I dag, på sjølvaste fylkesbursdagen, seier eg: Hjarteleg til lukke med 250 år, Sogn og Fjordane!

Godt val!

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert onsdag 4. september 2013

Måndag 9. september 2013 vert framtida avgjort, i alle fall for den neste fireårsperioden. Då skal me velja nytt storting.

Mange av oss ser det som sjølvsagt å bruka røysteretten vår. Men ikkje alle finn vegen til valurnene. Nokon avstår frå å røysta, medvite eller ikkje.

Me bur i eit fritt og demokratisk land, der det også er opp til kvar einskild å bruka røysteretten. Men den som ikkje nyttar røysteretten, vel å stå på sidelinja når framtida vert avgjort. Den som ikkje nyttar røysteretten, bør ikkje klaga over avgjerdene politikarane tek.

Er du usikker på om det nye Stortinget kjem til å ta opp saker du bryr deg om? Ut frå partiprogramma og valkamputspela skulle det vera nok saker å ta av, som mange av oss har meiningar om. Nokre døme på saksområde der det kan bli endringar, er:

  • Kommunesamanslåing med tvang eller ikkje
  • Korleis skulane våre skal vera, t.d. kor mange lærarar, innhaldet i lærarutdanninga, læreplanar og skulemat
  • Om det i større grad skal opnast for private skular, helsetenester og aldersheimar
  • Bompengar
  • Kvar E39 skal gå, og om det skal byggjast bruer over fjordane våre
  • Framtida til nynorsken i skulen og i offentleg forvaltning
  • Om asylborna som ulovleg har vore i landet lenge, skal få opphald
  • Om det skal opnast for meir vasskraftutbygging, også i verna område
  • Om det skal opnast for oljeutvinning i Lofoten og Vesterålen
  • Kor store kutt i klimagassar me skal ha
  • Kva rammevilkår landbruket skal ha

Den som vil vera med på å påverka framtida, kan i alle fall ikkje sitja heime.

Fylkesmannen ønskjer alle eit retteleg godt val!