Arkiv for august 2013

Grunnberedskapen er viktigast

Av Anne Karin Hamre, Publisert måndag 19. august 2013

På kort tid har vi hatt to alvorlege ulukker i Sogn. Tunnelbrannen i Gudvangatunnelen kunne vorte ein nasjonal katastrofe. Men rask innsats frå naudetatane gjorde at liv ikkje gjekk tapt. Busskollisjonen i Fardal fekk diverre eit tragisk utfall, med to omkomne og fleire hardt skadde.

Hendingane vert aldri gløymde av dei som var involverte. Ikkje av oss andre heller. Men hendingane synte også at beredskapen fungerer. Redningsmannskapa kom raskt på plass, og gjorde sitt aller beste for å berge liv og helse. Kommunane Aurland og Sogndal sette tidleg krisestab. Dei fekk på plass eit apparat for å ta seg av både dei som vart råka og pårørande, og ein stad å ta i mot dei som ikkje vart sende til sjukehus. Ordførarane stilte opp i media  for å informere innbyggjarar og omverda. Vi har vore vitne til samarbeid på tvers av faggrenser, sunn fornuft og handlekraft i kommunane.

Vi såg mykje av det same då Dagmar herja i romjula 2011. Kommunane improviserte og fann løysingar, og spelte på lokale ressursar. Då vi seint ein laurdag ettermiddag bad kommunane om rapportar etter 22. juli, med ein frist på 2 ½ time, rapporterte alle våre 26 kommunar innan fristen.

God beredskap kjem ikkje av seg sjølv. Vi har hatt mange øvingar og reelle hendingar her i fylket der beredskapen er sett på prøve, og som har avdekt trong for å betre beredskapsplanar og evna til krisehandtering. Saman har vi – kommunane og dei regionale etatane – lagt vekt på å evaluere, dele erfaringar og setje i verk tiltak for å styrke beredskapen. Gjennom evalueringar og tilsyn prøver vi å bidra til å gjere det praktiske samfunnstryggleikarbeidet i kommunane endå betre.

Eg meiner det regionale nivået er viktig for den samla beredskapen i fylket. Fylkesmannen er på tilbodssida for å gje tenester ut over det som er pålagde oppgåver. Vi har sett i gong eit læringsnettverk for ti kommunar, som jobbar med å styrkje beredskapsplanlegginga med særleg vekt på helseberedskap. Her er òg Helse Førde ein viktig medspelar. Vi stiller opp med rettleiing til kommunar som treng det. Vi øver den kommunale kriseleiinga minst éin gong kvar fjerde år, og vi hjelper kommunane med å planleggje andre øvingar.

Etter 22. juli har den offentlege debatten i stor grad handla om korleis vi kan betre beredskapen mot terrorhendingar. Det er viktig og nødvendig. Men vi må ikkje gløyme at dei mest sannsynlege hendingane er trafikkulukker og naturhendingar som flaum, skred og ras, hendingar som kan skje kvar som helst i det langstrekte landet vårt. Då må beredskapen og ressursane vere på plass nær skadestaden.

Kommunane våre har framleis ein veg å gå i arbeidet med å lage gode risiko- og sårbarheitsvurderingar. Desse vurderingane dannar grunnlaget for gode beredskapsplanar. Men vi er på god veg i Sogn og Fjordane.  To alvorlege hendingar på ei veke i vårt fylke synte at grunnberedskapen fungerte, og at naudetatane og kommunane gjorde jobben sin.

Takk, Ivar Aasen

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert måndag 5. august 2013

I dag er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Tenk om han hadde fått oppleva kva arbeidet hans med å laga eit norsk skriftspråk, har ført til!

I dag er nynorsk eit levande bruksspråk for alle samfunnslag. For Sogn og Fjordane og resten av Vestlandet, dalstroka på Sørlandet, Austlandet og Midt-Noreg, er nynorsk ein viktig del av sjølvkjensla.

Så korleis har nynorsk påverka landet vårt?

Sikre svar er vanskeleg å koma med. Men me har i alle fall fire særmerkte trekk med landet vårt, som lett kan sjåast i samanheng med framveksten av nynorsk:

  1. Stillinga til dialektane
    Noreg er mellom dei få landa i verda der ein person frå utkanten kan ta med seg dialekten sin til hovudstaden, og rekna med å bli respektert for kva han eller ho seier, utan å måtta leggja om til bymål. Me skal ikkje så langt tilbake i tid før dette var umogleg også her til lands. Men hjå oss treng verken ein minister, biskop eller toppleiar i næringslivet viska ut ein del av seg sjølv for å nå opp.
  2. Tankane om demokrati og sjølvstende
    I Noreg står sjølvstendetankar og omsynet til distrikta sterkt. Det er mange årsaker, ikkje minst er me prega av at me har vore underlagde Danmark og Sverige i mange hundreår. Framveksten av nynorsk vart ein av reaksjonane på dette, og når nynorsken lever vidare, stadfestar det tankane om sjølvstende. I EU-røystinga i 1994 stod til dømes nei-rørsla sterkt i områda der nynorsk er hovudmål, sjølv om det rett nok var i Nord-Noreg det var størst fleirtal mot EU. Same kreftene som støttar nynorsk, har tradisjon for å tala saka til distrikta.
  3. Kulturlivet
    Kva hadde norsk litteratur og musikkliv vore utan nynorsk? Det enkle svaret er: Langt fattigare og i alle fall heilt annleis.  Tenkt deg berre «vi skal ikke sove bort sommernatten» «det er den drømmen», eller «mellom bakker og berg ute ved havet».
  4. Bokmålet
    Ikkje minst må me hugsa på at utan nynorsk, hadde det mest truleg ikkje vore noko bokmål. I så fall hadde dansk vore det einaste skriftspråket vårt. Ikkje berre er bokmål ein motreaksjon mot nynorsk, men bokmålet har også teke opp i seg mange nynorskord, som søknad, løyve, kostnad, trygd og dugnad.

Det er berre ein ting å seia på dagen i dag: Takk, Ivar Aasen!