Arkiv for juni 2013

Samhandling undervegs i Nordfjord

Av Per Steinar Stensland, Publisert onsdag 26. juni 2013

I eit drygt år har arbeidsgrupper utgreidd korleis framtida skal bli for Nordfjord sjukehus. Prosjektet Framtidas lokalsjukehus har no levert sluttrapport. Arbeidet har hatt status som nasjonalt pilotprosjekt for utvikling av mindre lokalsjukehus og skulle vurdere og gi tilråding om endra oppgåvefordeling mellom nivå i spesialisthelsetenesta. Prosjektet skulle også greie ut kva helsetenester eit lokalsjukehus skal gje til pasientar i nærområdet. Samhandlinga mellom kommunane og spesialisthelsetenesta inngår som bakteppe for arbeidet.

Kampen om Nordfjord sjukehus har ikkje minst gått på om sjukehuset skulle halde fram med ortopedisk kirurgisk aktivitet og fødeavdeling. Begge desse aktivitetane er lagde ned. Men prosjektet skisserer ein indremedisinsk sengeavdeling med 15 senger der akuttilbodet er styrkt med anestesilege. Aktiviteten i avdelinga skal vere særleg innretta for å ta seg av dei samansette sjukdomsbilete hjå eldre personar. Eit omfattande dagtilbod vil kunne gi pasientane kreftbehandling, dialyse, hjarterehabilitering, KOLS-skule og- læring- og meistringstilbod. Nye polikliniske spesialisttenester skal kome, basert på forbrukskartlegging. Ein ny skadepoliklinikk skal byggast opp, integrert med interkommunal legevakt. Helse Førde skal vidareutvikle eksisterande psykiatritenester med tilbod for rusavhengige. Fødeavdelinga er erstatta med ein «god start-eining» og røynslene vart omtalt av overjordmor i Eid som gode i Dagsrevyen i februar 2013.

Samstundes har fem kommunar i Nordfjord planlagt eit omfattande samarbeid for å løyse utfordringane i samhandlingsreforma. Dei har fått tilskot til å byggje opp eit lokalmedisinsk senter lokalisert til sjukehuset med fem senger attmed interkommunal legevakt og legevaktsentral. Dei same kommunane har også planar om tett samarbeid om samfunnsmedisinske tenester.

Endring er krevjande. Vi har neppe sett den ferdige løysinga i Nordfjord. Men kommunane og helseføretaket er i ferd med å snekre saman tilbod som er i tråd med intensjonane i samhandlingsreforma. Det som skjer er lovande. Det som no trengst er vellukka rekruttering av helsepersonell til dei planlagde tilboda. Dette er til gjengjeld eit kritisk punkt i distriktsmedisinen.

Verda har blitt ramma av ein farleg epidemi…

Av Jacob Andersen, Publisert fredag 21. juni 2013

Verda har blitt ramma av ein farleg epidemi – ein alvorleg og verdsomfattande epidemi. Eg talar ikkje om «spanskesjuka» i 1918 eller andre eksotiske former for influensa, men om risiko for å verte drepen i trafikken. WHO meiner at trafikkulukker i 2013 kjem til å ta livet av over 1 million menneske og ventar at dette talet kan doblast fram mot 2023. Til samanlikning tok den seinaste H1N1-pandemien eller «svineinfluensaen» i 2009 livet av om lag 18 000 menneske. Det er ofte fleire hardt skadde og enda fleire lett skadde for kvart menneske som mistar livet i ei trafikkulukke. Trafikkulukker er no ei av verdas ti viktigaste årsaker til tapte kvalitetsleveår.

Men det er håp. Europa er det einaste kontinentet der dødstala hittil har snudd. I perioden frå 2000 til 2010 er tal drepne i trafikken i Europa om lag halvert – ei utvikling som ser ut til å fortsette i tida framover. EU har difor som mål at det skal vere null drepne i trafikken i 2050.

Med 30-40 drepne i trafikken per 1 million innbyggarar er Noreg eit av dei landa i Europa som ligg best an. Det blir framleis brukt mykje ressursar på vegar og bilar, men i fire av fem bilulukker ligg årsaka hos føraren.

I mange av ulukkene som skyldast køyreåtferd, er føraren påverka av rusmiddel eller trafikkfarlege medikament, og ofte i kombinasjon med høg fart. I den siste «vegkantundersøking» frå 2008/2009, der nærare 10 000 bilistar deltok, var det om lag 10 gonger så mange bilistar som køyrte med rusmiddel og trafikkfarlege medikament i blodet som det var alkoholpåverka førarar. Den største utfordringa for trafikktryggleik på norske vegar er difor ikkje dårlege vegar og dårlege bilar, men ruspåverka køyring.
Nye regler for kjøring i narko- og medikamentrus

I Sogn og Fjordane har fire etatar gått inn i eit samarbeid for å finne løysingar som kan gjere det tryggare å ferdast i trafikken. Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Statens vegvesen – Region vest og Sogn og Fjordane politidistrikt har oppretta eit prosjekt som skal auke kjennskapen til forhold som kan gjere førarar uskikka til å køyre.

Prosjektet vart sett i gong 23. mai med eit seminar for om lag 60 personar frå helseteneste, kriminalomsorg, vegvesen og politi og i tillegg politikarar frå fylkeskommunen og representantar frå Trygg Trafikk og pensjonistlaget. Målet med samarbeidet er å redusere risikoen for ulukker.

Fylkesmannen vurderer og om vi skal føre tilsyn med fastlegar som ikkje varslar om trafikkfarlege personar som køyrer i rusa tilstand.

Nasjonalparkane og nasjonalparksentra i medvind!

Av Nils Erling Yndesdal, Publisert torsdag 20. juni 2013

I desse dagar er det store markeringar ved to av dei tre nasjonalparksentra kring Jostedalsbreen. Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn markerer at det er 20 år sidan senteret vart opna. Fredag 21. juni stiller mellom anna statsråd Liv Signe Navarsete og miljøpolitiske talsmenn frå partia på Stortinget til ein miljø- og klimadebatt. Til den offisielle opninga av det nye Breheimsenteret i Jostedalen 24. juni kjem statsminister Jens Stoltenberg. Og ved Norsk Bremuseum i Fjærland vart det i mai opna ein pedagogisk leikepark med mammutar utanfor museet.

Det skjer såleis svært mykje positivt ved nasjonalparksentra for tida. Alle dei tre sentra er offentleg godkjende naturinformasjonssenter – autoriserte nasjonalparksenter – med eit årleg driftstilskot frå miljøvernstyresmaktene. Dei er verkeleg fyrtårn for informasjon om dei nasjonale og internasjonale naturverdiane som finst i Jostedalsbreen nasjonalpark.

Men kva med dei andre nasjonalparkane og andre viktige verneområde som vi har, spreidd rundt i fylket? Totalt er det 140 verneområde. Skjer det noko der?

Med god hjelp frå Miljøverndepartementet vart Norsk Sjøfuglsenter etablert på Værlandet i Askvoll i 2012. Dette er eit svært positivt bidrag for å informere om sjøfuglvern. I tillegg er senteret eit knutepunkt mellom menneske og kystnatur. Diverre har senteret enno ikkje fått endeleg godkjenning som offentleg naturinformasjonssenter.

I Utladalen Naturhus ved inngangsporten til Utladalen landskapsvernområde og Jotunheimen nasjonalpark, er det mange spennande arrangement og temautstillingar, i tillegg til at stiftinga står for omfattande skjøtsel av kulturlandskapet i dalen. Utladalen Naturhus samarbeider med Norsk Fjellmuseum i Lom, som er eit autorisert nasjonalparksenter.

I Nærøyfjordområdet er det ikkje etablert noko særskilt informasjonssenter om landskaps-vernområdet eller verdsarvområdet. Derimot har ei eiga stifting, Nærøyfjorden Verdsarvpark, som føremål å koordinere og samle innsatsen i verdsarvområdet. Samstundes bidreg stiftinga både til tilrettelegging for friluftsliv, informasjon og skjøtsel av kulturlandskap og eldre bygningar.

Statens naturoppsyn, SNO, har bygd seg opp med lokale oppsynsstillingar på fem ulike plassar i fylket. Desse lokale naturoppsyna gjer ein kjempejobb med praktiske skjøtsels- og tilretteleggingsarbeid i naturvernområda.

Sidan 2011 har det vore lokal forvaltning av nasjonalparkane og dei andre store verneområda. Lokal- og fylkespolitikarane sit såleis med ansvaret for å ta vare på verdiane i desse verneområda, og det er etablert stillingar som nasjonalparkforvaltar plassert lokalt. Vi ser at den lokale forvaltningsordninga fungerer godt. Viktige suksessfaktorar er høg kompetanse hos forvaltarane, godt nettverk mellom forvaltarane, betre tilgang på tilskotsmidlar, og sist, men ikkje minst, lokale politikarar som tek ansvar for verneverdiane.

Samla har det altså skjedd ein formidabel auke i satsing på informasjon, tiltak og forvaltning knytt opp til nasjonalparkar og andre verneområde. Og dette skal vi vere takksame for.

Eg stiller likevel spørsmål om det kan gjerast meir for å synleggjere og ta vare på desse viktige naturverdiane – kronjuvelane i norsk natur. Nyttar vi moglegheitene godt nok til både å ta vare på verneverdiane og bruke denne eineståande naturen på ein måte som harmonerer med vernet, og som gjev både sosial, økonomisk og kulturell verdiskaping?

100 år med stemmerett for kvinner

Av Anne Karin Hamre, Publisert måndag 10. juni 2013

- Hun blir et vanskapt misfoster, hun blir et intetkjønn! – Sterkt hjernearbeid forårsaker hos kvinnen ikke alene illebefinnende, men gjør henne direkte syk!

Det mangla ikkje åtvaringar frå Stortinget sin talarstol då kreftene som ville innføre stemmerett for kvinner vart stadig sterkare mot slutten av 1800-talet. Kvinnene var best eigna til å ta hand om hus og heim, og mykje kunne gå gale i landet dersom kvinner fekk innpass i styre og stell.

Men den kraftige mobiliseringa og 300 000 underskrifter for at kvinner skulle få stemme i spørsmålet om å oppløyse unionen med Sverige, imponert mange. Strategen Fredrikke Marie Quam stod i spissen for aksjonen. Ei slik mobilisering var eit viktig steg i kampen for kvinner sin stemmerett. Argumenta om at kvinner ikkje var modne for politiske rettar, vart mindre truverdige etter dette.

11. juni 1913 fekk kvinner endeleg stemmerett på line med menn. Jobben med å få kvinner inn i styre og stell i stat og kommune kunne starte. Det gjekk ikkje akkurat med ekspressfart. Første vararepresentanten til Stortinget, Anna Rogstad, kom i 1911. Men først i 1921 vart Karen Platou frå Høgre valt direkte inn. I 1965 var kvinnedelen i Stortinget åtte prosent. Det sitjande stortinget har 40,7 prosent kvinner.

Kvinnene kom tidlegare inn i kommunestyra, og kvinner fekk stemmerett ved kommunevalet i 1901. Men det gjekk sakte fram her òg. Først på byrjinga av 1970-talet, då det var organiserte aksjonar for å få inn kvinner, gjorde kvinnerepresentasjonen eit byks framover. Godt hjelpt av sikrare og meir tilgjengeleg prevensjon, og at utdanning vart ein moglegheit for alle.

Likevel er det framleis slik at menn hamnar i tyngre posisjonar enn kvinner. Vi har berre hatt ein kvinneleg statsminister og ein kvinneleg stortingspresident. Sjølv om kvinnedelen i kommunestyra er nær 40 prosent, er berre 23 prosent av ordførarane i landet kvinner. I Sogn og Fjordane har vi no berre tre kvinnelege ordførarar, så her ligg vi klart under landssnittet etter siste kommunevalet.

Valdeltakinga blant unge har gått ned, og særleg blant unge kvinner. Berre halvparten av jentene i alderen 18 – 21 år nytta stemmeretten ved førre stortingsval. Framleis er det for få kvinner i toppleiarstillingar, og for mange kvinner som jobbar deltid – både ufrivilleg og frivilleg. I eit land der vi har lik rett til utdanning, relativt korte arbeidsdagar, og staten legg til rette for å kombinere jobb og familieliv gjennom rause fødselspermisjonsordningar, god barnehagedekking, billeg barnehageplass og skulefritidsordning.

Det går alltid an å finne strukturelle forklaringar på manglande likestilling i arbeidsmarknaden. Men ingen stader i verda burde det vere så enkelt å bryte barrierar som i Noreg.

Vi lever i ei verd der jenter og kvinner mange stader er fullstendig rettslause, og berre kan drøyme om utdanning og råderett over eiga inntekt. I Noreg har mange modige kvinner gått føre og gitt dagens norske kvinner rike moglegheiter. Det skulle berre mangle om vi ikkje tok dei i bruk.