Arkiv for mai 2013

Handelshuset på prærien?

Av Christian Rekkedal, Publisert torsdag 30. mai 2013

Førde er handelssenteret i fylket med ei detaljomsetning pr innbyggjar som ligg på topp i landet, både fordi nabokommunane ligg tilsvarande lågt og fordi bygdebyen har eit svært variert tilbod samanlikna med andre småbyar og resten av fylket.

No blir det presentert planar for ei nytt stort handelsenter på jordbruksflatene utanfor Førde. 152 dekar til nye handelshus, det vil sei tilsvarande 30 fotballbaner eller 150 villatomter, eller også nok til å produsere over 600 rundballar silo eller kanskje 500 000 kg poteter per år. Det er vanskeleg for oss å hugse på at mat er ei mangelvare i verda. Under 3 % av arealet i Norge er fulldyrka jord, og slikt areal har derfor eit sterkt lovfesta vern i § 9 i jordlova. Areal som det kan produserast mat på, skal vi ikkje bruke til andre føremål enn jordbruksproduksjon med mindre vi etter ei grundig vurdering finn ut at jordvernet må vike.

Slik omdisponering skjer hovudsakleg gjennom ein grundig planprosess, noko det også er lagt opp til i Førde som no skal revidere arealplanen. Det er svært bra at spørsmålet blir behandla i kommuneplanen og ikkje berre i avisa Firda. For saka er på ingen måte avgjort. Her ligg nokre viktige kontrollspørsmål som må vurderast, både for jordbruksinteressene og andre samfunnsinteresser:

  • Korleis skal Førde sentrum utvikle seg dei nærmaste 10 – 20 åra viss folketalet skal doblast? Kvar skal ein ha bustadområda, handelsområda, næringsareala, landbruksareala, friluftsareala? Kort sagt: korleis ynskjer ein at Førde skal sjå ut om 20 år?
  • Kva konsekvensar får det for Førde sentrum å utvide handelsområdet på Brulandsvellene som ligg nærmare to km unna dei andre store handelshusa i sentrum? Kva konsekvensar vil dette ha for trafikk, miljø, trivsel og dagleglivet til folket i Førde?
  • Finst det ikkje andre alternativ for å utvikle handelsnæringa innanfor det som i dag er Førde sentrum?
  • Er arealutnyttinga god nok? Kvifor kan ikkje bilane parkerast i kjellaren og på taket slik som for dagens handelshus i sentrum? Kan handelsarealet vere i fleire høgder, eller må alt liggje på gateplan?
  • Er dette ei samfunnsutvikling som er så sterk at alle andre interesser må vike?
  • Det kan finnast gode nok grunnar for å byggje ned jordbruksareal, og Førde som er ein viktig motor for utviklinga i fylket, treng kanskje meir areal. Men verdifullt areal må alle økonomisere med, og dess meir verdifull jorda er dess betre arealutnytting. Det er på ingen måte enkel plankekøyring å omdisponere så mykje dyrka jord. Dette handlar ikkje berre om morgondagens mat, men også om korleis vi vil at bygdebyen Førde skal sjå ut når han blir by.

    Vårt Italia

    Av Bjørn-Harald Haugsvær, Publisert måndag 27. mai 2013

    Frankrike og Italia har vingardar som er opne for turistar. Her har mange nordmenn vore innom for å sjå, smake og kjøpe. Norske aviser skriv flotte artiklar med store bilde av desse bortgøymde dalane som gjev unike opplevingar og vinsmak som avspeglar jord og klima. I helgeutgåvene gjev eigne vinjournalistar oss ei reise i smakar frå jordsmonn og lokalt klima under framande himmelstrok.

    Sogn og Hardanger er vårt Italia og vårt Frankrike. Det er ein godt bevart løyndom, men kvaliteten på opplevingane ligg ikkje tilbake for det du finn i utlandet. Her er det dyrka frukt i 300 år, det er dyktige og engasjerte bønder som får fram særeigne kvalitetar som avspeglar jord og lokalt klima. Lyse sommardagar og kalde haustnetter er med på å gje frukta særpreg.

    Nokre av desse bøndene er også turistvertar. Dei har opna garden for omvisning og dei serverer eigenprodusert drikke. Dei kan fortelje om eplehagar som vender seg mot sola, om smak frå ulike eplesortar og om lokalt vekstklima og jordsmonn som til saman utgjer den smaken du kjenner på tunga.

    Gjennom utviklingsprogrammet ”Frukt og bær rundt neste sving” har ei rekkje bøndene fått sjansen til å utvikle sin eigenart i Hordaland og Sogn og Fjordane. Det er etablert omvisning med lokal smak, opna gardsbutikkar og utvikla drikkevarer med basis i lokalt dyrka frukt og bær. Nokre av desse produkta er også i sal på lokale hotell og hjå Vinmonopolet.

    Eg anbefaler bonden i Balestand, Leikanger, Fresvik, Urnes, Ulvik, Bleie og Fykse. Besøk gjerne han som planta engelske sidereple for å utvikle den lokale tradisjonen og som no har etablert sommarkafé med eige kjøkken og lokal drikke. Eller du kan få omvisning i klyngetunet der bonden søtar eplemosten med pære og serverer lokal mat mellom veggar frå 1765. Dei finaste smaksløkane bør ta turen til bonden som har reindyrka dei ulike eplesmakane og kan fortelje kva du kjenner nett no.

    Lokale turistbønder og lokal eigenart er ei opa dør for dei som vil oppleve det jordnære og ekte i vårt heimlege Italia.

    Framtida i ytre strok, dalstroka innanfor, langfjella, nord for Stad, sør for Stad og alle andre stader

    Av Haavard Stensvand, Publisert onsdag 8. mai 2013

    Ja, vi bryr oss om vêret. Vi syns synd på oss sjølve som måtte gjennom ein april månad der det på Vestlandet kom opp mot fire gonger meir nedbør enn normalt, og rundt tolv gonger meir nedbør enn i mars. At dette siste, i alle fall statistisk sett, skuldast at vi hadde eit fantastisk vêr i påskemånaden, har vi kanskje gløymt oppe i all sjølvmedkjensla.

    Det er bra at vi er opptekne av vêret. Det betyr vel at vi er opptekne av klimaet òg, og det bør vi vere. Regjeringa la tysdag fram Stortingsmeldinga om klimatilpassing. Skildringane av kva klima vi kan vente i framtida, er ikkje egna til å skape noko stor kjensle av lukke. Og som miljøvernministeren så vidt var inne på då han la fram meldinga på Meteorologisk institutt; Vestlandet må rekne med å verte særleg utsett. Samanlikna med mange andre land, er vi likevel heldige på dette området òg. Mange stader på kloden vil konsekvensane av klimaendringane verte mykje meir dramatiske enn hjå oss.

    Meldinga bør vere startskotet for at vi for alvor tilpassar oss til høgare middeltemperatur, auka nedbør, høgare havnivå, meir problem med overvatn, skred og flaumar. Regjeringa seier at eit grunnleggjande prinsipp for tilpassingsarbeidet, er at ansvaret for tilpassinga ligg til den aktøren som har ansvaret for oppgåva eller funksjonen som vert råka av klimaendringane. Klimatilpassing er med andre ord eit kollektivt ansvar, der innbyggjarar, familiar, private føretak, organisasjonar og det offentlege må ta tak. Styresmaktene har likevel eit særleg ansvar, og må først og fremst ta dette gjennom å drive god og langsiktig samfunnsplanlegging. Politikarar på alle nivå må gjere vegval som sikrar at det raskt kjem på plass konkrete tiltak og verkemiddel for å møte utfordringane.

    Men om vi aldri så mykje tilpassar oss endringane, vil konsekvensane verte dramatiske dersom vi ikkje evnar å redusere utsleppa av klimagassar, og på den måten hindrar at temperaturen på kloden aukar endå meir. Det må ein stor, global dugnad for å få det til. Dugnadsarbeid har gode tradisjonar på våre kantar, og det burde såleis vere lett å få forståing for dette i fjordfylket. Klimapolitikk er likevel ikkje noko heitt tema i samfunnsdebatten, og det ser ikkje ut til å verte det i stortingsvalkampen heller.

    Det er ikkje meir ein litt under halvtanna år sidan Dagmar slo ut store delar av fylket med vind, stormflod og store nedbørsmengder. Forskarane seier at det er for tidleg å seie om uvêret skuldast klimaendringane. Det er likevel ikkje tvil om at vi i framtida kjem til å oppleve denne typen problem både oftare og på ein endå meir intens måte. Det fortener vi ikkje, og langt mindre gjer dei det, dei som kjem etter oss.