Arkiv for april 2013

Kvifor får vi ikkje redusert mobbinga i skulen?

Av Åslaug Krogsæter, Publisert tysdag 16. april 2013

Elevundersøkinga viser at om lag sju prosent av elevane rapporterer om mobbing. Talet har halde seg stabilt sidan 2008. Trass i omfattande nasjonal satsing på læringsmiljø og ulike tiltak mot mobbing dei siste åra, er skulen langt frå fri for mobbing. Resultat frå elevundersøkinga viser også at det er store skilnader mellom skulane i fylket vårt. Tal skular med svært høge mobbetal, 15 prosent eller meir, har gått vesentleg ned dei siste tre åra. Men om vi slår saman tala for dei siste tre åra, er det framleis seks prosent av grunnskulane i vårt fylke der meir enn 15 prosent av elevane fortel om mobbing.

Alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. For å oppnå dette har alle tilsette i skulen ei plikt til arbeide aktivt og systematisk for å fremje eit godt miljø der alle elevar er trygge og kjenner seg inkluderte. Elevane har fått klare rettar i kap. 9A i opplæringslova, gjerne også kalla elevane si arbeidsmiljølov. Dersom tilsette ikkje varslar eller grip inn når dei får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, kan tilsette bli straffa med bøter eller fengsel i inntil tre månader dersom dei forsettleg eller aktlaust bryt krava i lova.

Skulen har også ei plikt til straks å undersøke dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet. Skulen skal så snart som råd ta stilling til aktuelle tiltak for å løyse problemet. Foreldre og elevar kan klage til Fylkesmannen om dei ikkje er nøgde med skulen si handtering. Med eit slikt sterkt vern i lova skulle ein tru det var mogleg å redusere omfanget av mobbing i større grad enn det som skjer.

Kva er det då som gjer at tala ikkje går nemneverdig ned? Fylkesmannen får svært få klagesaker. Vi veit derimot at Barneombodet får mange. Veit ikkje elevar og foreldre at dei kan klage til Fylkesmannen? Eller er det slik at dei ikkje tør å klage? Er det slik at skulane ikkje oppdagar at elevar blir mobba, eller er det slik at skulane ikkje klarer å finne verksame tiltak for å få slutt på det? Svara kan nok vere mange, men ingen av dei er akseptable.

Fylkesmannen har dei siste tre åra ført tilsyn med korleis kommunane og fylkeskommunen etterlever lovkrava om elevane sitt psykososiale miljø. No kjem vi til å gå tettare på dei skulane som rapporterer om vedvarande høge tal, og tilby rettleiing og støtte som kan føre til at mobbinga blir redusert. Vi utfordrar alle skuleeigarar til ein større og meir målretta innsats for å gi alle elevar eit læringsmiljø som fremjar helse, trivsel og læring!

Barns rett til medverknad

Av Per Steinar Stensland, Publisert måndag 8. april 2013

Gjennom Sjumilssteget set Fylkesmannen barns rettar på dagsorden ved å løfte fram FNs barnekonvensjon. Eit hovudtema er barns rett til å medverke i avgjerder som gjeld dei sjølve. Kva kan slik medverknad gå ut på i helse-, sosial- og barnevernstenestene?

Barnelova seier at barn som er fylt 7 år, skal få seie si meining før det vert teke avgjerd om personlege tilhøve for barnet. Når barnet er fylt 12 år skal det leggjast stor vekt på kva barnet meiner. Barna skal ikkje bestemme, men skal bli høyrde og kunne gi uttrykk for kva dei meiner. Dette utfordrar vanlege førestillingar om barns evner og kapasitet. Korleis skal det gjennomførast for offentlege tenester?

I ein norsk tettstad på 6000 innbyggjarar, er det om lag 50 barn som får barndommen sin prega av mors eller fars rusbruk. Frå 2010 fekk vi eit tillegg i helsepersonellova som pålegg helsepersonell å ivareta behovet for informasjon og naudsynt oppfølging som mindreårige barn kan ha når ein av foreldra har psykisk sjukdom, rusavhengigheit eller alvorleg somatisk sjukdom. Lova er lite kjend hjå helsepersonell. Korleis kan dei etterleve lovkravet?

Minst like mange barn veks opp i familiar som har inntekt lågare enn fattigdomsgrensa, slik ho er definert i Noreg. Fylkesmannen har i 2012 hatt tilsyn med om Nav-kontora i fylket sikrar forsvarleg kartlegging og vurdering av situasjonen til barn i familiar som treng økonomisk stønad. Vi fann avvik i alle fire kommunane vi undersøkte. Etter regelverket skal desse barna få fremma sine synspunkt gjennom foreldra. Gitt at barna har røynsler som er viktige – korleis bør Nav kartlegge barnas behov?

På den same tettstaden får nær 60 barn kvart år hjelp frå barnevernet. Barnevernlova seier at barn som er fylt 7 år, og yngre barn som er i stand til å danne seg egne synspunkt, skal få informasjon og høve til å uttale seg før barnevernet tar avgjerd i ei sak som gjeld barnet. Nytt framlegg om endring i barnevernlova vil styrke barns rett til medverknad og gi dei høve til å ha ein særskild tillitsperson. Høyrer barnevernet barna?

Barn merkar stemning og kjensler like godt som vaksne, men dei kan ha vanskar med å forstå kva som føregår. Dei treng forklaringar. Barns rett til medverknad føreset at vi revurderer tenkinga vår om kva vi kan snakke med barn om. Ikkje minst må helse- og sosialpersonell lære korleis dei kan ivareta barna i vanskelege samtaler.

Er lova lik for alle i trivselsfylket?

Av Anne Kristin Eitungjerde, Publisert onsdag 3. april 2013

Har du opplevd å ikkje få svar frå det offentlege, eller meiner du at saka di har blitt uforsvarleg teke hand om? Dersom du blir behandla dårleg av dei med makt, kan maktesløysa bli stor.

Rettstryggleiksløftet er ei satsing som Fylkesmannen har i 2013 for å auke merksemda kring grunnleggande reglar for korleis det offentlege skal behandle folk. Vi må skunde oss å seie at Fylkesmannen ikkje har grunn til å tru at folk i Sogn og Fjordane blir behandla spesielt dårleg, men vi er ganske sikre på at også trivselsfylket har ein del å gå på for å sikre rettstryggleiken for alle som treng hjelp av forvaltninga.

Det viktigaste er som oftast resultatet – at ein faktisk får ei teneste eller eit svar. Men vegen dit er av og til meir kronglete enn godt er – og opplevinga ikkje så bra som ho kunne vore med ein ryddig prosess.

Det er sjølvsagt at alle skal få sakene sine behandla rett og på same måten – uavhengig av kven dei kjenner, kva bakgrunn dei har eller kva saka gjeld. I røynda hender det at dette ikkje alltid skjer. Som oftast trur vi at årsaka ikkje er vond vilje, men at vi gløymer oss – eller ikkje har gode nok rutinar for å følgje reglane. Gjennom å setje søkelyset på grunnleggande rettar i heilt vanleg saksbehandling meiner Fylkesmannen at det er mogleg å auke rettstryggleiken monaleg.

Fylkesmannen kjem i 2013 til å halde opplæring og innlegg om dette både hos oss sjølve og for kommunane. Då set vi på dagsordenen tema som: Habilitet, krav til svar og førebels svar, varsel og rett til å uttale seg for partar, grunngjeving av vedtak, klageførebuing og klagebehandling. Vi vil i satsinga og opplæringa vår leggje spesielt stor vekt på retten innbyggjarane har til å reelt medverke til at deira eiga sak blir godt nok opplyst.

Mange av dei grunnleggande forvaltningsreglane er eigentleg sunn fornuft sett i system. Dei som har makt, skal behandle deg og meg skikkeleg, slik at vi kan forstå og akseptere avgjerdene som blir tekne. Men einige i utfallet treng vi ikkje alltid vere!