Arkiv for februar 2013

Sektortenking utfordrar samhandlinga

Av Anne Karin Hamre, Publisert torsdag 28. februar 2013

Samvirke skal vere eit styrande prinsipp for alt samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid, seier den siste stortingsmeldinga om samfunnstryggleik. Samvirkeprinsippet stiller krav til god samhandling og samordning mellom ulike verksemder, både når det gjeld førebygging og krisehandtering.

Difor er det med undring og uro vi no registrerer at det går føre seg sektorvise prosessar som kan gje ei bit-for-bit-sentralisering av beredskapen i Noreg. DSB har gjort vedtak om å flytte alarmsentralen i Sogn og Fjordane frå Florø til Bergen. Varselet vart sendt med kortast mogleg høyringsfrist til eigarkommunane. Samstundes arbeider eit regjeringsoppnemnt utval fram mot juni med å vurdere organiseringa av politiet. I media vert det frå Politidirektoratet og DSB halde fram at denne prosessen kan gje færre politidistrikt. Frå begge hald vert 22. juli-kommisjonen si påpeiking av dårleg bemanna operasjonssentralar nytta som grunngjeving for dei varsla endringane.

Ifølgje 22. juli-kommisjonen var manglande koordinering og samhandling ei av årsakene til at mykje svikta: «Etter kommisjonens mening handler disse lærdommene i større grad om ledelse, samhandling, kultur og holdninger – enn mangel på ressurser, behov for ny lovgivning, organisering eller store verdivalg» (NOU 2012:14, kap 1).

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane er ein av dei få sentralane i landet som er samlokalisert med politiet, noko som gir gode føresetnader for informasjonsflyt og samarbeid på tvers. Denne samhandlinga synte seg å vere svært viktig under Dagmar sine herjingar i romjula 2011. Tverrgåande samhandling og handlekraft prega òg samarbeidet i fylkesberedskapsrådet og i kommunane desse dagane. God samhandling føreset nær kontakt, kjennskap til kvarandre og tillit. Tillit tek tid å byggje, og må haldast ved like over tid.

Det Sogn og Fjordane manglar av store fagmiljø i den enkelte verksemda, tek vi att ved å utvikle robuste kompetansemiljø på tvers. Vi kan t.d. nemne IT-forum Sogn og Fjordane, Forum for skule- og barnehageutvikling, samarbeidet mellom Fylkesmannen, fylkeskommunen og KS om fornying i kommunesektoren, og læringsnettverket for helseberedskap mellom Helse Førde, fleire avdelingar hjå Fylkesmannen og ei rekkje kommunar.

Ei sektorstyrt sentralisering vil gjere det vanskelegare å samhandle på tvers i fylket. Eg trur ikkje større einingar nødvendigvis gir meir handlekraft eller betre tenester og meir tryggleik for innbyggjarane. Kvardagsberedskapen vert utført der folk er, ikkje i sentrale styringsorgan. Oppdragsgjevarane våre har dei siste åra gitt fylkesmennene stadig fleire oppgåver på beredskaps- og samfunnstryggleiksområdet. Det er òg store forventningar til at kommunane skal styrke beredskapsarbeidet sitt. DSB fekk ei styrking på 45 mill. kroner i årets statsbudsjett, og opprettar no ei rekkje nye stillingar. Fylkesmenn og kommunar må handtere nye beredskapskrav og -forventningar utan at det følgjer ressursar med.

Rapporten frå 22. juli-kommisjon har utløyst ein debatt om forvaltningspolitikken. Er vi vortne for opptekne av å måle det som kan kvantifiserast? Er resultat- og rapporteringskrava for omfattande, evnar vi å skilje mellom stort og smått? Fører mykje kontroll til frykt for å gjere feil, og dermed til handlingslamming? Det er positivt at FAD og KRD saman vil sjå på statleg styring, kommunal handlefridom og direktorata si rolle. Det er viktig at ei slik utgreiing munnar ut i endringar. Eg meiner det er behov for meir tillit, ressursar og handlefridom for dei som gjer jobben der folk er.

(Bloggen er eit utdrag frå føreordet til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sin årsrapport for 2012).

Dialog som verdiskapar?

Av Svein Helge Steinsåker, Publisert tysdag 26. februar 2013

Dialog og samarbeid var hovudtema då prosjektet stat – næring Sogn og Fjordane tidlegare denne månaden samla deltakarar frå privat og offentleg sektor til plan- og byggjesakskonferanse i Førde. Føremålet med konferansen var mellom anna å betre rolleforståinga mellom offentlege og private planleggjarar og næringsaktørar. Dialog, erfaringsutveksling og nettverksbygging vart av deltakarane framheva som svært viktige tiltak for å sikre oversiktelege og effektive plan- og byggjesaksprosessar. Det var også mange som understreka behovet for langsiktig, overordna planlegging og at alle partar involverer seg tidleg i planprosessane.

Betre dialog og er også eit gjennomgåande tema i regjeringa sin Strategi for økt innovasjonseffekt av offentlige anskaffelser, som vart lagt fram sist veke. Offentleg sektor i Noreg handla i 2011 varer og tenester for nær 400 milliardar kroner, og auka samarbeid mellom innkjøpar, leverandør og brukar vil venteleg kunne gi meir effektiv ressursutnytting og betre tenestekvalitet.

Omgrepet ”leverandørutvikling” inneber at det offentlege i større grad enn tidlegare skal leggje til rette innkjøpsprosessane slik at leverandørmarknaden vert både utfordra og utvikla. Auka dialog mellom kunde og leverandør kan, i tillegg til å utvikle lokalt næringsliv, også gi innspel til å utforme sjølve konkurransegrunnlaget på nye måtar.

Offentlege verksemder skal til dømes kjenne til langsiktige utviklingstrekk innanfor sine ansvarsområde, og dei totale innkjøps- og brukskostnadene for eit produkt skal leggjast til grunn ved innkjøp. Dette ”livssyklusprinsippet” gjer det enklare å sjå innkjøp av varer og tenester i eit nytt lys, og kanskje er det slik at tenester og løysingar frå det lokale næringslivet er både billigast og best i det lange løp?

Informasjonstilgang er avgjerande for å sikre effektive innkjøpsprosessar, og elektroniske kanalar vert stadig viktigare. Korleis kan ein gjere regelverket lettare tilgjengeleg og enklare å bruke for både kunde og leverandør? Når kjem ”AnskaffelsesAPPen”, og kan den bli utvikla her i fylket?

Betre samspel mellom offentleg og privat sektor i innkjøpsprosessane er altså eit tiltak for å stimulere til næringsutvikling og betre offentlege tenester. Målet med meir marknadskontakt er mellom anna å gi innkjøparen betre oversikt over kva som finst i marknaden, og kva som eventuelt kan utviklast. Men for å lukkast må vi også engasjere leverandørane:

Korleis kan næringslivet i Sogn og Fjordane finne løysingar som svarer til behova innanfor offentleg sektor, og i kva grad kan lokale verksemder bidra til å definere utviklingsbehova også på nasjonalt nivå? Etterspør det offentlege konkrete løysingar når vi eigentleg bør skildre føremålet? Og har kunden alltid rett?

Verjemålsreform til beste for Synnøve (85), Hans (35), Ahmed (16) og Sigrid (12)

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert måndag 18. februar 2013

Kjenner du til nokon som ikkje er i stand til å ta vare på økonomien sin sjølv? Det er eg sikker på at du gjer. Visste du at det 1. juli 2013 kjem ei ny lov som skal betra kvaliteten på tenestene til dei som treng verje?

Om lag ein av hundre treng verje. Hovudgruppene er mindreårige som ikkje har foreldre i landet, og personar som av ein eller annan grunn har nedsett funksjonsevne som gjer at dei treng hjelp til å styra økonomien sin. Det gjeld til dømes Synnøve (85) som sit på sjukeheimen og har vanskar med å finna ut av den vesle formuen ho fekk då ho selde huset. Det gjeld Hans (35), som etter eit samlivsbrot fekk psykiske vanskar og ikkje orka betala rekningar. Det gjeld Ahmed (16) som kom åleine frå Afghanistan i fjor og som no bur på asylmottak. I tillegg må Sigrid (12), som nettopp arva 300 000 kr frå ei tante, få hjelp av den lokale verjemålsstyresmakta til å forvalta midlane sine på ein god og trygg måte.

Føremålet med verjemålsreforma er å styrka rettstryggleiken og å gjera økonomiforvaltninga enklare. Viktige element i reforma er:

  • Fylkesmannen blir ny lokal verjemålsstyresmakt i kvart fylke. Fylkesmannen tek over oppgåvene frå overformynderia i kommunane.
  • Etablering av ei ny avdeling i Statens sivilrettsforvaltning som klageinstans. Den nye avdelinga tek over oppgåvene Fylkesmannen har i dag.
  • Sentrale avtalar om pengeplassering i bankar.

For verjene blir den største skilnaden at det blir mogleg å få hjelp og rettleiing frå tilsette hjå Fylkesmannen som arbeider med verjemål på heiltid, der dei før vende seg til valde overformyndarar som utførte vervet på fritida si. Målet er at personar tilsette på heiltid på fagfeltet betre kan hjelpa verjene til ta fornuftige avgjerder på vegner av dei verjetrengande.

Vidare vil det for verjene vera enklare å halda seg til sentrale bankavtalar, enn å sjølve prøva å finna ut av kva pengeplassering som gjev best og sikrast avkastning.

Me håpar at reforma vil gjera det enklare å ta godt vare på dei som har vanskar med å styra økonomien sin sjølve, og at det dessutan blir enklare å vera verje.

Du kan lesa meir om verjemålsreforma her og om stoda i Sogn og Fjordane her.

Ønskjer du å vera verje, slik at du kan hjelpa Synnøve, Hans eller Ahmed? Har du spørsmål? Kontakt oss her.