Arkiv for januar 2013

Ser kommunane barnevernet?

Av Anne Karin Hamre, Publisert torsdag 31. januar 2013

Barnevernet har ansvar for å hjelpe dei aller mest sårbare borna. Får desse borna og dei som skal hjelpe, nok støtte og merksemd frå politikarar og kommuneleiing? Det er spørsmålet vi stiller oss etter tilsyn med barnevernstenesta i fleire kommunar dei to siste åra.

Tema for tilsyna har vore korleis kommunane jobbar med hjelpetiltak for barnevernsborn som bur heime. Døme på hjelpetiltak er støttekontakt, besøksheim og rettleiing til familien. Tilsyna synte at det var vanskeleg å finne kva barnevernsfaglege vurderingar som låg til grunn for tiltaka, fordi desse vurderingane i liten grad var dokumenterte. Hjelpetiltaka vart ikkje evaluerte slik dei skal, og dermed var det lite kunnskap i tenesta om korleis tiltaka faktisk verka. Kommunane sikra ikkje at borna vart høyrde i sakene som handla om dei.

Dette er avvik som kommunane no må få retta opp. Tilsyna synte manglande forståing av kva som er eit avvik. Overskriding av fristar og manglar i saksbehandlinga vert ikkje alltid rekna som avvik, og dermed vert dei heller ikkje rapportert om frå barnevernstenesta til kommuneleiinga.
I intervjua som vart gjort under tilsyna, fortalde mange barnevernsmedarbeidarar om stort arbeidspress. Det praktiske arbeidet for borna vart prioritert framfor papirarbeid. Men vert det ikkje sett av tid til å jobbe med gode rutinar, system og å dokumentere vurderingane som er gjort, kan viktig informasjon gå tapt. Konsekvensen kan verte at borna ikkje får den hjelpa dei treng.

Inntrykket vårt er at kommuneleiinga er for forsiktige med å involvere seg i arbeidet til barnevernstenesta. Det er ikkje sjølvsagt at kommuneleiinga kjem på bana når det vert avdekt avvik. Fylkesmannen oppmodar om at alle tilsynsrapportar vert lagd fram for kommunestyra, men praksisen varierer mellom kommunane. Barnevernet skal vere fagleg uavhengige og har teieplikt. Likevel har kommuneleiinga ansvaret for at tenesta fungerer slik ho skal, og for å støtte medarbeidarar som har ein krevjande jobb. Og kommunepolitikarane kan gjerne bli meir aktive med å etterspørje korleis det står til med barnevernet i kommunen. Hjå Fylkesmannen ønskjer vi å bidra til at det vert lettare å dra ut lærdom etter eit tilsyn. Vi har derfor prøvd ut såkalla læringstilsyn på nokre område, og trur denne metoden kan vere godt eigna i arbeidet med å styrke kvaliteten i barnevernstenesta.

Godt jubileumsår, Sogn og Fjordane!

Av Anne Karin Hamre, Publisert onsdag 2. januar 2013

I år er det 250 år sidan Sogn og Fjordane vart eit eige fylke. I 1763 vart dei fire nordlegaste fogderia i Bergenhus stiftsamt; Indre og Ytre Sogn, Sunnfjord og Nordfjord, skilde ut som eige amt: Nordre Bergenhus. Ifølgje historikarane Johs. B. Thue og Aage Engesæter *) kom initiativet verken frå folket eller sentralmakta, men frå ein person som ønskte seg eit amtmannsembete. Joachim de Knagenhielm var fødd i Kaupanger, utdanna jurist frå København, og arbeidde som fullmektig hjå stiftsamtmannen i Bergen. Han sende søknad til Kongen i København der han argumenterte for å dele Bergenhus stiftsamt. Den 19. september i 1763 kom den kongelege resolusjonen som gav Knagenhielm gjennomslag.

Det nye amtet vart den første tida styrt frå Kaupanger. Fleire amtmenn etter han styrte fylket frå Bergen. Lærdalsøyri vart òg ein periode sete for amtmannen, før amtmann Johan Collett Falsen flytta til Nybøgarden i Leikanger på byrjinga av 1860-talet.

Fylket var stats- og sentralstyrt fram til formannskapslovene kom i 1837. Då fekk vi fylkesting, eller amtsformannskap som det heitte då, der fylkesmannen var leiar og alle ordførarane møtte. I 1919 vart vi Sogn og Fjordane fylke. Med den nye lova om fylkeskommunar i 1961, overtok ein folkevald fylkesordførar rolla som leiar av fylkestinget. I 1976 vart fylkeskommunen omorganisert, og det vart innført direkte val til fylkestinget.

Prosjektet Fylkeshistorie for Sogn og Fjordane skal skrive historia til fylket, og vil framover arrangere fleire seminar på ulike stader i fylket. Å bli betre kjend med historia til fylket vert ein viktig del av jubileet, men vel så viktig vert det å få i gong gode diskusjonar om framtida til fylket. Kva er gode strategiar for vekst og utvikling i fylket? Kva er fortrinna våre, som vi kan byggje vidare på? Er ein Vestlandsregion svaret på tyngdekrafta som dreg folk og næring til det sentrale Austlandet? Korleis skal Sogn og Fjordane hevde seg i ein eventuell Vestlandsregion? Merkevarebygging er blitt populært, og fleire har prøvd å finne omgrep som femner det særmerkte ved Sogn og Fjordane; livsstilsfylket, trivselsfylket, naturfylket, framtidsfylket. Kva vil vi at omverda skal forbinde med Sogn og Fjordane? Dette er nokre av spørsmåla vi reknar med kjem opp på Framtidskonferansen i Balestrand 20. september, der ungdom og innvandrarar skal vere godt representerte blant innleiarane.

250-årsjubileet skal feirast heile året rundt gjennom markeringar mange ulike stader i fylket. Opningsmarkeringa vert på fylkesmessa for ungdom på Eid 21. mars. På sjølve «bursdagen» 19. september, vert det folkefest i Leikanger.

I tillegg er det fleire gode grunnar til å feire i året vi no går inn i. I 2013 er det hundre år sidan norske kvinner fekk full stemmerett på lik line med menn. Fylkesarkivet og musea i fylket vil i stemmerettsåret syne fram mangfaldet av kvinnestemmer frå fylket med ei utstilling som opnar 4. mai på Sogn Folkemuseum. I år er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og vi må ikkje gløyme at arbeidet hans òg var eit viktig bidrag i demokratiseringa av Noreg. Språkåret 2013 legg opp til ei raus feiring av språklege skilnader og mangfald.
Eg ønskjer alle i Sogn og Fjordane eit godt og innhaldsrikt 2013!

*) Aage Engesæter og Johs. B. Thue: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år. Det Norske Samlaget. Oslo, 1988