Arkiv for desember 2012

Folkehelsearbeid for eit friskare folk

Av Bjørg Eikum Tang, Publisert måndag 17. desember 2012

Grunnlaget for god helse blir først og fremst skapt utanfor helsesektoren. Helsa blir mellom anna påverka av vårt eige val av livsstil. Føresetnadene for å oppnå god helse er heller ikkje likt fordelte. Skilnadene er knytte til arv, oppvekst, utdanning, jobb og sosial status. Tre av fire tapte leveår i vår del av verda skuldast ikkje-smittsame sjukdommar, som ofte er relaterte til livsstil. Folkehelsa er dermed i stor grad forma av faktorar som fysisk aktivitet, kosthald, søvn, stress, alkohol og tobakk. Like viktige, men mindre omsnakka, er kjensle av meining i livet og å ha nokon å vere i lag med. Å sikre barn og unge gode oppvekstvilkår med høve til inkludering, deltaking og meistring er ein viktig grunnpillar for god helse i framtida.

Folkehelsearbeid i kommunen
Helse blir skapt der folk bur og oppheld seg til dagleg og ikkje på eit legekontor. Kommunale tenester som barnehage, skule, samferdsle og kultur er dermed med å leggje grunnlag for helse, trivsel og meistring. Det er årsaka til at folkehelsearbeidet blir løfta ut av helsesektoren og inn på ansvarsområda til rådmannen og politikarane. Regjeringa legg våren 2013 fram ei stortingsmelding om tverrfagleg folkehelsearbeid. Målsettinga er å auke merksemda på korleis sektoravgjerder heng saman og å betre koordineringa av helsefremjande tiltak.

Oversikt og plan
Både fylkeskommunar og kommunar skal etter ny lov om folkehelse lage oppdatert oversikt over mellom anna oppvekst-, og levekår, helserelatert åtferd og helsetilstanden til innbyggjarane. Oversikten skal gi grunnlag for samfunnsplanlegging som skal fremje folkehelse og motverke sosiale helseskilnader. Fleire kommunar i Sogn og Fjordane har alt etablert frisklivssentralar, ei førebyggande helseteneste med tilbod om helsesamtale, fysisk aktivitet, kosthaldsendring og røykjeslutt. Frisklivssentralane skal og gje tilbod om kurs om meistring av depresjon og endring av alkoholvanar.

Sosial ulikskap
Sjølv med kunnskap om at utdanning, yrke og inntekt påverkar helsa vår, har vi så langt ikkje greidd å hindre at dei sosiale skilnadene i landet aukar. Vi ser aukande helseskilnader mellom grupper i befolkninga og variasjon i levealder. Men kunnskap, oversikt og planlegging kan leggje til rette for politiske val som betrar helsa til utsette grupper. Til dette arbeidet treng vi politikarar som prioriterer helsefremjande tiltak. Overvekt og rusmisbruk hjå folk er såleis ikkje berre eit problem for helsetenesta. Vi treng også politiske tiltak mot overvekt og negative følgjer av auka tilgang på alkohol og rusgifter i samfunnet.