Arkiv for november 2012

Barnehagane treng gode leiarar

Av Bodhild Cirotzki og Berit Rygg, Publisert tysdag 27. november 2012

Oda og Ali er på veg inn barnehageporten saman med mor og far, forventningsfulle til ein ny dag i barnehagen med leik og opplevingar i lag med barn og vaksne. Med klem og ønske om ein fin dag køyrer foreldra til jobb, og Oda og Ali spring rett i sofakroken der den vaksne les «Folk og røvarar i Kardemommeby».

Kva skal til for å imøtekome barn og foreldre sine ønskje om ein fin dag med oppleving, venskap og læring?

Barnehagetilbodet er ein del av omsorgs- og opplæringstilbodet til kommunen, og må difor vere synleg i kommunen sin overordna plan. Kommunen som barnehagemyndigheit har i tillegg til ansvar for å sikre tilstrekkeleg med barnehageplassar og å gi eit barnehagetilbod med høg kvalitet i form av godt fagleg innhald.

Vaksenrolla i framtidas barnehage får stor merksemd i NOU 2012:1. Til barnas beste. I 2013 skal det leggast fram ei ny stortingsmelding for barnehage. Meldinga skal gje ei tydeleg retning på barnehagepolitikken, på innhald og kvalitet, kompetansen hjå personalet og styringsutfordringane i sektoren.

Leiing, struktur og forventningar til vaksenrolla er heilt avgjerande for kvaliteten på innhaldet i barnehagen. Barnehagen treng ein styrar som vågar å stille krav til medarbeidarane sine, og styraren er avhengig av medarbeidarane for å nå dei overordna måla. Ein stor del av det pedagogiske arbeidet skjer i grupper der ansvaret er delegert og fordelt mellom dei tilsette. Barnehagen er ein lærande organisasjon som skal drive systematisk vurderingsarbeid, med merksemd på fornying og nytenking i fellesskap. Målet må heile tida vere at tilbodet skal vere til beste for barnet.

Kompetansen hjå personalet i barnehagen har mykje å seie for kvaliteten på tilbodet. Barnehagelova stiller krav om at styrar og pedagogisk leiar skal vere utdanna førskulelærar. Mangel på pedagogar og låg formell kompetanse hjå mange av assistentane i barnehagen kan gjere det vanskeleg for styraren å sikre eit godt pedagogisk tilbod.

Styraren skal leie og drive barnehagen og har ansvar for det pedagogiske innhaldet. Ein god styrar har tillit og motiverer dei tilsette til godt samarbeid. Slik får barnehagen personale som kjenner måla, og som jobbar aktivt med refleksjon over eigen praksis og kontinuerleg fagleg utvikling.

Barnehagen skal jobbe framtidsretta, gje eit pedagogisk tilbod og ha kvart enkelt barn i sentrum. Styraren skal bygge kultur for læring og utvikling saman med dei tilsette. Barnehagar som har merksemd på det pedagogiske innhaldet, har tydeleg avklarte arbeidsoppgåver og ansvarsområde. Tida vert nytta til fagleg innhald og rettleiing av personalet.

Flat struktur og uklare forventingar til dei ulike rollene i personalgruppa har vore typisk for organiseringa i barnehagen. Kommunane i Sogn og Fjordane har teke ansvar for å auke kompetansen hjå styraren for å kunne gjennomføre leiaroppgåvene i barnehagen på ein betre måte. I tett samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane har kommunane fått til eit godt etterutdanningstilbod gjennom utdanninga Leiing i framtidas barnehage. Studiet har merksemd på ulike typar leiarroller i tillegg til personalansvar, økonomistyring, pedagogisk planlegging og oppfølging.
Leiing i barnehagen er viktig. Eit klart mål for alle barnehagar må vere å få reflekterte medarbeidarar og tydelege vaksne i arbeidet med barn.

Nytt miljødirektorat, men kva med det regionale og lokale nivået?

Av Nils Erling Yndesdal, Publisert måndag 12. november 2012

Sist fredag gjorde Regjeringa vedtak om å opprette eit samla miljødirektorat som erstatning for Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og ureiningsdirektoratet. Det nye direktoratet vil vere på plass 1. juli 2013, og få opp mot 700 tilsette.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell argumenterer mellom anna for at denne samanslåinga fører til meir slagkraftig gjennomføring av miljøpolitikken. Han viser også til at samanslåinga vil forenkle og betre styringsdialogen mellom departement og direktorat, og vidare til fylkesmenn og kommunar.

Det kan bli spennande med eit samla miljødirektorat. Både internasjonalt og nasjonalt er det to store miljøtema som peikar seg ut som dei viktigaste: Klimautslepp og naturmangfald.

Bruken av areal er avgjerande for både klimagassutsleppa og for ivaretakinga av naturmangfald. Eg er overtydd om at eit samla Miljødirektorat vil kunne handtere desse utfordringane på ein meir heilskapleg og effektiv måte.

Undersøkingar som Aftenposten har gjort viser at talet på tilsette i departement og direktorat aukar mykje. Talet på tilsette i miljødirektorata har også auka siste åra. Dette har mellom anna samanheng med sterk satsing på nye tiltak innan klima-, ureinings- og naturmangfaldområdet.

Samstundes har det skjedd etter måten lite på det regionale nivået. Og kommunane har i dag mindre samla miljøvernkompetanse enn for 20 år sidan då staten  øyremerkte tilskot til eigne miljøvernleiarar. Fylkesmannen og fylkeskommunen bidrar så godt vi kan til å heve og oppdatere plan- og miljøkompetansen i kommunane. Seinare denne veka skipar Fylkesmannen til ei samling innan plan og naturmangfald for kommunane. Responsen frå kommunane viser at det er behov for slike lærings- og erfaringsarenaer.

Viktige delar av det praktiske miljøvernarbeidet skjer på regionalt og lokalt nivå. Det er kommunane som er lokal planmyndigheit, lokal ureinings- og forsøplings­myndigheit, og kommunane handterer dagleg svært mange oppgåver som påverkar miljøet. På regionalt nivå har Fylkesmannen viktige oppgåver innan mellom anna forvaltning av verneområde, praktisk oppfølging av dei nye ordningane med utvalde naturtypar og prioriterte artar, ureiningstilsyn og rovviltforvaltning. Fylkeskommunen er regional planstyresmakt og har oppgåver innan melom anna friluftsliv og kulturminnevern.

Kan det vere von om at opprettinga av eit samla miljødirektorat betre vil vise at det trengst auka ressursar til eit godt regionalt og lokalt forankra miljøvernarbeid?