Arkiv for oktober 2012

Høg gjeld og låg rente – ei utfordring for kommunane

Av Kåre Træen, Publisert onsdag 31. oktober 2012

Kommunane er midt inne i budsjettarbeidet for neste år og økonomiplanen fram til 2016. Både administrasjon og politikarar opplever handlingsrommet som lite. Det er krevjande å få til eit budsjett i balanse.

Fleire av kommunane i Sogn og Fjordane har høg gjeld. Vi ligg over gjennomsnittet for landet, og vi har kommunar som ligg heilt i landstoppen når gjelda blir samanlikna med driftsinntektene. Ei slik samanlikning fortel oss at ein større del av inntektene til kommunen blir brukt til å betale renter og avdrag, og det blir mindre att til tenester for innbyggjarane.

Samla sett har kommunane og kommunale føretak i fylket 7,6 mrd. kroner i det vi kallar langsiktig gjeld, som er teke opp for å vere med å finansiere investeringar i eigedomar, anlegg, utstyr og maskiner. Fem år tilbake i tid var tilsvarande tal 5,5 mrd. kroner, ein auke på om lag 38 prosent. I same tidsrom, har driftsinntektene auka med 35 prosent. Ei slik utvikling over tid fører til at ein stadig større del av kommunale inntekter blir brukt til å betale renter og avdrag.

Gjelda varierer mykje mellom kommunane. Vi har eit omgrep som heiter gjeldsgrad[1]. Her blir netto gjeld for kommunane, medrekna kommunale føretak, målt opp mot driftsinntekter. I gjennomsnitt har landets kommunar (utan Oslo) ein gjeldsgrad på 74 prosent. Dei minste kommunane har som regel lågast gjeld. Kommunane Gulen, Balestrand og Aurland har alle ein gjeldsgrad på 40 prosent og under. Eit unnatak for denne typar kommunar er Lærdal med 102 prosent. I tillegg har kommunane Flora og Førde høg gjeld, med høvesvis 97 og 110 prosent i gjeldsgrad. Dette plasserer Førde på 22. plass av landets 429 kommunar. Flora kommune har i lengre tid hatt høg lånegjeld, og dette er ei medverkande årsak til at kommunen er i Robek.

Kommunane bestemmer sjølve, gjennom sitt eige finansreglement, kor mykje lån som skal ha fast rente og kor mykje lån som skal ha flytande rente. Ei undersøking i kommunane viser stor variasjon, nokre kommunar har ein høg del av lån til fast rente, medan andre har berre flytande rente. Fylkesgjennomsnittet på den kommunale gjelda er at to tredelar er lånt til flytande rente, og siste tredelen er fast rente. Slik sett vil endringar i renta relativt raskt påverke drifta til kommunane. Det at kommunane også har sjølvfinansierande investeringar, gjer situasjonen noko mindre vanskeleg. Flytande rente på kommunale lån er no godt nede på to-talet. Berre eit par gonger tidlegare i nyare tid har renta vore så låg. Kva er så verste scenarioet for kommunar med høg lånegjeld? Det er ikkje usannsynleg at renta aukar til ei normalrente på fire til fem prosent. Då forstår alle at det blir mindre pengar i kommunekassa til tenester for innbyggjarane. Noregs bank og Statistisk sentralbyrå omtalar ein gradvis auke av renta mot eit meir normalt nivå.

Høg gjeld er med på å redusere handlingsrommet til kommunen, særleg når det er sannsynleg at renta før eller seinare skal opp. Det har alltid vore slik at god økonomisk planlegging over tid løner seg, medan det er krevjande å rydde opp i raude rekneskapstal etter feilslått planlegging. For å sleppe å kome i ein situasjon der store innsparingar må takast på kort tid, bør kommunane legge inn høgare rente enn i dag i den komande økonomiplanen fram til 2016.

Kjelde for tal: SSB-statistikkbanken


[1]Gjeldsgrad: Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter for kommunen inklusiv kommunale føretak (KF). Netto lånegjeld er definert som langsiktig gjeld (eksklusive pensjonsforpliktingar) fråtrekt totale utlån og ubrukte lånemidlar. I totale utlån inngår formidlingslån og ansvarlige lån (utlån av egne midlar). Indikatoren omfatta dermed utlån der mottatte avdrag skal inntektsføres i investeringsregnskapet, i tillegg til innlån som skal avdras i driftsregnskapet.

Føregangsfylket for økologisk frukt og bær

Av Christian Rekkedal, Publisert torsdag 4. oktober 2012

Økologisk mat er kort fortalt produsert utan bruk av kunstgjødsel, kjemiske plantevernmiddel og med vekt på å nytte lokale ressursar og ei mest mogeleg miljøvennleg drift. Det finst ulike retningar, frå eit økolandbruk basert på god miljøvenleg agronomi og til biodynamisk landbruk. Det siste er ein kombinasjon av agronomi og antroposofi basert på tankane til Rudolf Steiner om menneske, naturen og kosmos. Det finst relativt få biodynamiske gardsbruk i landet, men dei har vore synlege og kanskje også bidrege til unødvendig mystifisering av økologisk landbruk.    

Sogn og Fjordane og Hordaland har ein felles handlingsplan for økologisk matproduksjon og vi er føregangsfylke for økologisk frukt og bær. Vi har også prøvd å fremje økologisk lam, utan at det har fått fullt gjennomslag i marknaden. Forbrukaren ser kanskje ikkje skilnaden på eit vanleg lam og eit økolam når begge går på naturlege fjellbeite mesteparten av livet. Men det er heldigvis aukande etterspørsel etter økologisk frukt og bær, både til konsum, saft, jus og syltetøy. I år blir det produsert om lag 100 tonn økologisk frukt og bær her i fylket, men dette kan aukast sidan over 90 prosent av økologisk frukt og bær blir importert.

Økologisk fruktproduksjon er fagleg krevjande, det er ikkje nok med idealisme. Når bonden ikkje kan bruke kunstige hjelpemiddel som mineralgjødsel og kjemiske plantevernmiddel, må ho eller han ha god kunnskap og erfaring. Den ideelle økodyrkaren er kanskje ein person med erfaring frå vanleg fruktproduksjon og som ynskjer å legge om til økofrukt, enten fordi det er meir miljøvenleg, eller motivert av at der finst ei nisje som kan gje minst like godt økonomisk resultat. Det er avgjerande for økonomien at det er godt samarbeid og planlegging langs heile verdikjeda, frå fruktbonden, via fruktmottaket og til distributør og butikk. All denne frukta kan ikkje omsetjast direkte frå bonden til forbrukar. Det er dessutan svært viktig at det også er mogeleg å få selt frukt som ikkje blir «fine nok» til konsum. Her fortener til dømes Balholm ros for å ha skapt ein god marknad for økologisk fruktmost. 

Kunnskap er svært viktig, og i vårt fylke er det stort sett same fagfolka som gir råd til både vanleg fruktproduksjon og til økologisk. Dette gir viktig kunnskapsoverføring mellom desse dyrkingsmåtane. Økobonden får kunnskap om gjødslingsbehov og stell av plantane, og kunnskapen om korleis ein kan redusere bruken av plantevernmiddel er delvis henta frå økologisk landbruk.

Har du lyst på økologisk mat? Spør etter desse varene i butikken din.

God appetitt!