Arkiv for september 2012

Meld dei!

Av Jørn Stenehjem, Publisert onsdag 19. september 2012

27.juli vart Fylkesmannen utsett for eit tenestenektangrep. Eit tenestenektangrep, DDoS på fagspråket, medfører at trafikk til/frå internett blir lamma. Angriparen overlesser den angripne med trafikk slik at vanleg datatrafikk blir lamma. Konsekvensen av angrepet mot oss var utilgjengelege system for alle brukarar, interne og eksterne. Sidan Fylkesmannen i Sogn og Fjordane driftar nettsidene til alle dei 18 fylkesmannsembeta, vart alle fylkesmenn råka og fleire nasjonale tenester for innbyggarane vart utilgjengelege. Tenestenektangrep er ganske vanleg, og eit stadig større problem internasjonalt. Om ein ynskjer å sabotere for nokon, er det mogleg å kjøpe seg eit angrep. Det er sjølvsagt ikkje noko enkel sak å få bukt med slike problem. EU har eit forslag ute som opnar for strengare straffer og straff til enkeltpersonar som står bak slike angrep.

Vi ser alvorleg på å bli utsett for eit tenestenektangrep. Det er ikkje mogleg å vite om Fylkesmannen var eit tilfeldig offer, eller om det var eit planlagt og målretta angrep vi vart utsette for. Vi valde å melde tenestenektangrepet til politiet. Vi innser at politiet har utfordringar med å finne og straffe dei ansvarlege for ugjerninga, men samstundes har vi stor tillit til at problemet blir teke på alvor og at politiet følgjer opp saka.

«Cyber crime now bigger then the drugs trade» skriv fagfolk som studerer datakriminalitet. Dei har rekna ut at datakrim kostar samfunnet utrulege 114 milliardar dollar kvart år!

I eit slikt bilete blir vår nedetid den 27.7. knapt ein parentes. Det er likevel slik at om vi skal kome vidare i arbeidet for å hindre slike angrep i framtida, må det snakkast ope om årsakene. Det er grunn til å tru at mange held slike angrep skjult for offentlegheita for å unngå negativ omtale og mediemerksemd. Det er ikkje vanskeleg å forstå om angrepet kjem mot profilerte IT-verksemder.

Diverre manglar vi eit samordnande organ som kan samle informasjon om hendingar utover dei sakene som blir melde til politiet. DSB og NorCert er organ som jobbar med tryggleik og data, men det er ingen som har ansvar for å samle informasjon om slike angrep for å hindre nye framtidige angrep, eller minske konsekvensane av angrep. Kanskje kunne eit slikt organ vere ei viktig brikke for å auke datatryggleiken?

Om du jobbar i ein organisasjon som blir utsett for datakriminalitet, er vår klare oppmoding: Meld dei!

Nynorskfylket Sogn og Fjordane

Av Gunnar O. Hæreid, Publisert onsdag 5. september 2012

Sogn og Fjordane fylkeskommune har i det siste teke fleire initiativ for å styrka nynorsken. Fylkeskommunen har mellom anna fått utarbeidd rapporten Språkfakta Sogn og Fjordane 1646-2012, og fylkestinget har vedteke å oppretta eit nynorsk forum for å følgja språkutviklinga i fylket og setja søkjelys på aktuelle problemstillingar.

Det er ikkje tvil om at nynorsk er viktig for identiteten til Sogn og Fjordane.  Den nemnde rapporten viser at alle kommunane i fylket har nynorsk som tenestemål. Dei vanlegaste samanlikningstala elles viser at nynorsk er nytta av:[1]

-          97 prosent av elevane i grunnskulen

-          84 prosent av elevane i vidaregåande skule

-          82 prosent av dei vernepliktige

-          99 prosent av kyrkjesokna

-          88 prosent av avisene

Sogn og Fjordane er truleg det fylket det er enklast å vera nynorskbrukar i. Eg trur mange av innbyggjarane kjenner seg att i ein påstand om at nynorsk er ein viktig del av identiteten til fylket vårt. Jamvel innflyttarar som har hatt bokmål som hovudmål, legg ofte om til nynorsk etter å ha budd her ei stund. Dei gjer det ikkje fordi nokon pressar dei eller dei kjenner dei må, men fordi inntrykka frå ei nynorsk omverd opnar augo for at nynorsk ikkje er noko tungt og vanskeleg, og dei får lyst til å prøva seg sjølve.

Likevel er også nynorsken i Sogn og Fjordane under press. Me merkar det på fleire måtar, til dømes:

- mange strevar med å skriva god nynorsk, både elevar, lærarar og tilsette i offentlege og private verksemder

- lærebøker og materiell for skular og barnehagar kjem seinare på nynorsk, eller finst ikkje i det heile

- innvandrarar får ikkje opplæring i nynorsk

- mykje marknadsføring på bokmål

- lite nynorsk i det samla riksdekkjande mediebiletet

- nokre offentlege etatar tek mållova lite på alvor

- vanskeleg språk frå offentlege etatar, som ber preg av å vera omsetjingar frå dårleg bokmål

- kampanjar mot sidemålet (i praksis mot nynorsk) frå sentrale strok

- sjølv om dei absolutte tala på nynorskbrukarar er relativt stabile, går prosentdelen av nynorskbrukarar ned fordi folkeauken er sterkare i andre delar av landet

På dei fleste punkta har me også mange gode døme både i og utanfor fylket, på at viljen og evnene er til stades. Utfordringa er å læra av dei gode døma.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane helsar velkomen initiativa frå fylkeskommunen og ønskjer å vera ein medspelar i arbeidet for å styrka nynorsken.


[1] Tabell 1 i rapporten: Nynorsk språkbarometer 2011