Arkiv for august 2012

Læringstilsyn – læring gjennom tilsyn

Av Per Steinar Stensland, Publisert tysdag 21. august 2012

Kvalitetsutvikling, tilsyn og læring
Ei av oppgåvene til Fylkesmannen er å bidra til kvalitet i kommunale tenester. Slike bidrag kan til dømes vere å informere om faglege retningsliner, gi råd til kommunane og å gjere tilsyn. Eit tilsyn går ut på å undersøke på systematisk vis korleis ei verksemd løyser ei spesiell oppgåve. Målet med tilsynet er ikkje å avsløre, ta kommunane med buksa nede, men heller å fremje læring, hjelpe dei til å halde buksa oppe. Vi ønskjer no å kombinere fleire arbeidsmetodar i samband med tilsyn for å styrke læringa.

Kva er dette?
I haust har vi planlagt tilsyn med behandling av søknad om økonomisk stønad frå personar med forsytingsansvar for barn etter lov om sosiale tenester i NAV i Årdal kommune, og med praktiseringa av tvangstiltak overfor pasientar som ikkje har samtykkekompetanse i Førde kommune. Kvart av desse tilsyna vil vi utføre som systemrevisjon slik vi har brukt å gjere det, og som kommunane er vande med. Det nye er at vi ved begge av desse tilsyna også vil invitere ei gruppe nabokommunar til sjølv å undersøke dei same tema som vi skal ha tilsyn med. Medan vi fører tilsyn med Årdal og Førde, undersøker nabokommunane korleis dei sjølv styrer og utfører sine eigne tenester. På førehand har vi minna dei om dei fagleg og juridiske krava som gjeld på feltet og om krava til kommunal eigenkontroll.  I eit oppfølgingsmøte vil vi samle presentasjon av både eigenfunna til kommunane og våre funn i tilsynskommunen. Heile prosessen med oppstartmøte, eigenkontrollane som vert utført i nabokommunane og oppfølgingsmøte kallar vi læringstilsyn.

Læringstilsyn
På dette viset kan vi samarbeide om å bruke eitt tilsyn til læring for fleire kommunar. Presentasjonen av dei faglege og juridiske krava på oppstartmøtet vil gi kommunane ei felles referanseramme og utfordre deltakarane si forståing av eigen praksis. Informasjonen som kjem frå systemrevisjon og eigenkontrollar kan tene som utgangspunkt for samtale på oppfølgingsmøtet om konkrete erfaringar, oppdagingar og refleksjonar. Ved at fleire kommunar gjer dette samstundes, vil dei kunne bruke kvarandre undervegs og lære frå kvarandre. Fylkesmannen vil også få ein større arena for eigen læring om den røynda der lover og føresegner skal møte kvardagen.

Forankra metodeutvikling
Dette er ei utprøving der vi brukar tilsyn i ein ny samanheng. Metodeutviklinga skjer i eit samarbeid mellom KS, fylkeskommunen og Fylkesmannen. Kommunane og Fylkesmannen har gått saman for å sjå korleis ein kan byggje ut horisontal læring mellom fagfolk i helse- og sosialsektoren.

Kriser krev samhandling

Av Anne Karin Hamre, Publisert tysdag 14. august 2012

22. juli-kommisjonen har levert sin rapport, og på ein tindrande klar måte skildra korleis ansvarlege styresmakter handterte terrorhandlingane i Oslo og på Utøya. Når kritikken rasar som verst, er det lett å gløyme at det faktisk var mykje som fungerte, ikkje minst i helsevesenet. Mykje fungerte diverre ikkje, og no må det bli ein brei, offentleg diskusjon om korleis beredskapen kan bli betre. Og diskusjonen må følgjast opp med tiltak.

Eit ord som går igjen i rapporten frå kommisjonen, er samhandling, eller rettare sagt, mangelen på samhandling. I dag er ansvarsprinsippet det berande prinsippet for organiseringa av norsk kriseberedskap. Det betyr at den styresmakta som har ansvar for eit fagområde eller sektor i det daglege, òg har ansvaret for å handtere situasjonen når det oppstår ei krise. Eit relevant spørsmål er om reindyrkinga av ansvarsprinsippet har gått for langt. Blir fagstyresmaktene så opptekne av å gjere den jobben dei skal innanfor sine ansvarsområde, at dei ikkje klarer å koordinere innsatsen seg i mellom?

Her i fylket måtte vi handtere ei alvorleg krisehending då Dagmar feia inn over oss i romjula. Eg er ikkje i tvil om at den samhandlinga vi hadde i fylkesberedskapsrådet, på tvers av etats- og ansvarsgrenser, var svært viktig for å avgrense dei negative konsekvensane av uvêret. Men eg er heller ikkje i tvil om at vi treng å verte endå betre på å planleggje saman, øve saman og jobbe saman når ting skjer. Tillit mellom partane er ein føresetnad for god samhandling. Tillit tek tid å byggje, og må haldast ved like over tid.

Eg er difor glad for at regjeringa alt har teke tak i samhandlingsutfordringa. I stortingsmeldinga om samfunnstryggleik som kom i sommar, vert det sterkt understreka at samvirke òg skal vere eit styrande prinsipp for alt samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid.

Den offentlege debatten om 22. juli handlar mykje om korleis vi kan innrette beredskapen for å hindre eller handtere terror. Det er heilt naturleg og nødvendig. Men vi må ikkje gløyme at det er mykje anna som kan true tryggleiken til folk. For ein utanforståande kunne det verke som at styresmaktene i USA vart overraska då den neste store katastrofen som råka landet etter 11. september ikkje hadde med terror å gjere. Det var tvert om naturkreftene som skapte trusselen, i form av den tropiske orkanen Katrina.

Difor må norsk beredskap vere i stand til å femne breitt. Og vi må ikkje berre vere opptekne av beredskap kvar gong det skjer noko alvorleg. Heile det offentlege Noreg må ta inn over seg at beredskap skal vere ein del av den daglege verksemda. 22. juli-kommisjonen seier at ei rekkje av dei forholda den har avdekt, viser at etatane ikkje har ei tilstrekkeleg erkjenning av risiko. Det er ein situasjon som ingen i ansvarlege posisjonar kan leve godt med, og som kallar på handlekraft.